Fraa Raulandstraandi.

 

Det er so stilt, at det er ikkje ein Gust aa sjaa paa Vatnet. Og det her i Rauland, der det gustar og blæs mest jamnt, so ein maa liggja veerfast, fordi dei ikkje torer leggja utpaa Fjorden. Aa nei, aa nei for blenkjande Veer. Eg sit og skriv ute all Dagen, og vert ikkje sinnad for at Papiri flyg ifraa meg ein einaste Gong.

 

Sitja og slengja uppi ei Hengjekøye paa Raulandsstraandi, det er av det unalegaste som eg veit. Ja det er hugsamt aa sviva kringum alle Stader her i Telemorki, men ingen Stad er det no likevæl so heimlegt for den, som Fjellmann er fødd og boren, som naar han slepp av uppaa Raulandsstraandi.

 

Eg lettar paa Solskjermen min, so ser eg vestyver Vinjeheiarne, laage Skogaasar med Gran og grøne Bjørkehaller, aa kor Byrtefjelli leikar og dansar i Himelsyni, aa so ljost og blaatt, Snjo uppetter alle Stader. Deruppaa hev eg faret, men det er langt dit no, Vinje ligg imillom.

 

Det var ljose Bjørkelider paa Byrte og grøne Kjoser, men for trongt, naar Soli er for heit. Men paa Dalen var det endaa trongare. Her ser eg sudgjenom alle Heidarne langt imot den Kanten og dei tykkjest vera laage no, berre som flate Skogleite aa kalla, som eit vidt Laagland, men naar du stend paa Dalen er det so traagt aa sjaa uppetter til du naar Lidarbarden, at det tykkjest heiltupp vera grysjelegt. So laagt ligg Dalbotnen der, endaa det er ei 8_10 Mil ifraa Skien, og Bandaksjøen er so djup, at han gjeng mange hundrad Fot under Havflata. Men her paa Raulandsstraandi er det yver 2000 Fot yver Havet, og Fjelli nordmed ris endaa umlag tri Tusund Fot tilvers. Eg veit inkje, kvar det er vænast, anten ein ser sudgjenom Fjorden, med mange Oddar og Nes og Skogstrender og denne svalande Vidsyni, som minner um Vidderne lengst paa Austbygderne, berre Vehuskjeringi reiser seg med den nakne Bulen sin bakum Granhaugarne paa Batnehov; elder sjaa nordetter den staalblanke Fjorden, daa er det som du var burti Fjordarne paa Vestlandet. For der kjem Villheidi setjandes frammed Bitdalen og skyt seg kav uti Sjøen, og det er ein staut Fjellgard med blaae Urder og grøne Lider og fossande Bekkjer langsmed heile den breide Straandi, og lenger upp gjeng

Fjorden smal og trong inn imillom Fjelli, langt, langt inngjenom.

 

Men allstad framfyre meg ligg Fjorden vid og blank.

 

 

I dag er det livlegt her paa Straandi. Køyrande og gangande uppe paa Vegjen, og Tunet er fullt av helgeklædde Karar og Kvende, vaskat og flidd er det alle Stader, alle held Helg i dag, endaa det er midt i Vika. Det er Haringhelgi maavita, dei kalla det so denne Hestemarknaden paa Aamyri, som ligg eit litet Stykkje sunnanfor Raulands-Kyrkja. Det er gamall Skikk, at der samlar det seg Folk fraa alle Kantar, Fjellmenn fraa alle Grannebygderne og Utmenn alt fraa nedmed Skien. Karar og Kvende, til Aamyrmarknaden skal dei, men det er nok dei faa-aste av dei, som tenkjer paa aa kaupa Hestar. Der er det Møtestad for Kjenningar og Skyldfolk fraa alle Bygder og um inkje for anna, so hev dei seg ein fin Fjelltur. Sume set att Køyregreidurne og tek inn paa Hadlandsgardarne, men Stordelen fer heilt fram til Myri. Der er det Folk alt ifraa fyrst paa Dagen, Kaffekjeringar slær upp Buderne sine, og Folk legrar seg umkring Kjerrurne sine elder i Smaakrullar kringum paa Vollen. So samlast det meir og meir Folk utyver Eftanen, Gardarne kringum stend mest folketome. Men rette Livet tek endaa inkje til, det er fyrst naar ”Normennerne” (Hardingar og Vossar) kjem med Hestarne. For det er dei, som hev mest aa selja; det kann væl vera Seljingshestar hithadde ifraa andre Kantar ogso, men det er liksom dei ikkje er haldne so gjæve som Normannshestarne, so det hender nok, segjer dei, at naar nokon her vil faa hesten sin fullgjæv paa Marknaden, so læt han honom fara ein Sving nordgjenom, so han kann faa namn av Normannshest.

 

Normennerne fører Hestedrifterne sine yver Viddi, sume tek Fjellvegjen beinast ifraa Øyfjord, det var Vegen fraa gamalt, og daa var det mange Kauparar, som møtte fleire Mil innpaa Fjellet paa ein Stad dei kallar Saltpytt, og mange Handelar vart avgjorde alt der, men no er det mange, som fer Haukelidvegen ogso. _ Likevæl hev det voret Skikken, at dei ventar uppi Heidarne nær Myri, og so alle saman med ein Gong kjem i skarpt Traav, med Hestarne samanbundne i lange Rekkjur.

 

Det drygde lenge fyrr dei kom iaar. Folket gjekk der og sveiv lenge.

 

Men denne Gongen nyttad dei likevæl Tidi paa ein god Maate. Menn i Vinje hev tenkt paa aa faa samlat i hop Pengar til aa reisa eit Minnesmerkje yver A. O. Vinje paa Fødestaden hans i Vinje Sokn. No vart Tanken framboren og umrødd av Menn fraa ymse Bygder, og dei fekk Kyrkjesongar O. Sandland ifraa Laardal til paa standande Fot aa halda ein Tale um Vinje og hans nasjonale Verde og gjera Saki kjend. Det samlad seg ein utruleg Mannakrull kringum. Det var ynskjeleg, um denne Tanken kunne vinna Framgang; det er framifraa gjævt aa sjaa, at ei Bygd vil taka Upphavstaket til aa heidra sin store Mann paa ein sovoren Maate. Det skal daa vera Tanken, at Innbjodingi skal ganga ut ifraa Vinje Sokn og at ogso Menn fraa andre Telemarksbygder og andre Menn kann skriva seg paa, daa tvilar eg ikkje paa anna, enn at baade Telarne og andre vilde koma mangmente og skjota til.

 

Seint um sidan kom Hestarne, men det var ikkje so mange, fleire kom daa det leid lenger paa, men det vart likevæl ikkje so mykje, som det hev voret her fyrr. Paa Marknadsplassen kunne eg reikna 80_90 Hestar, og endaa var det ikkje sagt, at det var Salsdyr plent alle dei helder. Folk samlad seg no kringum Hestarne, og der var mange fine Dyr, men daa eg ikkje er nokon Hesteskynar, skal eg ikkje kunne segja nokon paalitleg Dom um dei. Handelen gjekk nok ikkje for fort. Folk vil gjerne sjaa og tenkja seg um i lengste Laget, fyrr dei byd noko vist. Det er nok sjeldan at noko vert avgjort straks. Det er fyrst utpaa Notti, at dei plagar verta forlikte. Heile Notti sviv dei ute, sume gjeng kringum Hestarne, sume held seg i Dansarringen og sume sit ved Kaffibuderne, røder og kved, Rispur og Visur og gamle Stev, Folk hev Stunder den Notti.

 

 

Andre Dagen held dei paa heilt til Middags, daa flytter Normennerne sud til Hadlandsgrendi, og der er det endaa god Raad til aa handla.

 

Fyrst med Sundagen elder Tridjedagen er det, at ”Haringhelgi” er slutt.

 

Frå Fedraheimen 18.07.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum