[Tidender.] Danmark.


Høgre er seg sjølv likt _ _ _ og Raaheita og. Det var eit Høgremøte i Roskilde; danske Høgreblad segjer, at der var paalag 12 _16,000 Menneskje, og ein Brevskrivar til eit norsk Blad fær Folkemugjen endaa upp til 20,000. Dei heldt Talar for Kongen og Høgre og meir sovoret; so sende dei Helsing til Kongen for, at han skulde vita, at dei var gode Karar, og Kongen svarad, at han var glad for Helsingi. Og Kongen gledde seg, og Høgre paa Roskildemøtet gledde seg, og det var berre Glede alt saman.

Men so kom Grev Holstein Ledreborg og Folketingmann Trier køyrande; dei skulde til ein Skjotarfest i Loire. Men den upplyste Del drog Kjensel paa Kararne, og so bar det til med leve Estrup og Hyl og Styggelæte. Vinstremennerne skulde faa vita, at det var Fedralandsvener og skikkelege Folk, som var komne til 
Roskilde den Dagen.

Um Ettermiddagen skulde Trier heimatt; men daa han kom paa Jarnvegsstasjonen i Roskilde, flokkad fleire Høgremenn seg um honom og puffad honom i Sida og i Nakken. Dette tykte Ordstyraren paa Høgremøtet gjekk for vidt, og han bad Trier pent um aa vera med inn paa Jarnvegskantoret og halda seg der til Toget gjekk. Ordstyraren tykte truleg, det var leit, at Folk ikring Landet skulde faa vita, at den upplyste Del tok paa fredelege Folk. Daa Trier skulde paa Toget, vart han havd inn paa 
Bremsevogni til Konduktøren; Ordstyraren trudde inkje sine upplyste so godt, at dei vilde lata honom vera i Fred i Jarnvegsvogni helder.

Høgre hadde arbeidt trulegt paa aa faa istand dette Møte; men so kann dei no og vera glade, for dei, som kom saman, viste, at dei hadde lært Folkeskikk og at dei i eit og alt var _ _ _ Høgremenn.

Tri av Ministrarne var med paa dette møtet, og alle tri heldt dei Talar. Og alle tri var dei samde um, at anten skulde Folketinget gjeva seg, elder so skulde det verta sett utanfor og Landstinget og Styringi skulde syrgja for Landsens Framgang.