[Tidender.] Vestlandsposten

 
og Lars Oftedal arbeider idugt for kyrkjelegt Sjølvstyre, og for dette Arbeidet fortenar dei stor takk; for det er greidt som Dagen, at me maa hava meire kyrkjeleg Fridom her i Landet. Men korleis Vestlandsp. tenkjer aa faa sine Meiningar um dette lovfeste 
av Tinget, det torde kanskje vera ei Gaata for fleire enn oss.

I Kiellandssaki skilde han lag med sine gamle Vaapenbrødrar og vann ein Siger saman med Høgre, og etter den Tid hev han voret mesta drjug mot sine gamle Vener. Baade dei Brevsendingarne, som Oftedal sende fraa Kristiania, og andre Stykkje slog paa, at dei, som røystad for Diktarløn aat Kielland inkje kunne vera sanne Kristne, det var helst utsjaa-ande til, at dei i Grunnen var Fritenkjarar og Gudløysur.

No i det siste, hev Vestlandsp. havt ei heil Mengd med Brevsendingar um Valet, serleg daa for sydre Bergenhus. Og desse Brevskrivaranne fær Lov til aa koma med ei heilt ny Liste med Tingmannsemne, og det endaa utan aa segja so mykje som Takk til dei gamle Tingmennerne, endaa dei hev voret av dei fremste i Striden for Landsens Fridom. Dei hev helder fenget nøgja seg med eit elder annat fint Spark. Det hev dei inkje fortent. Dei hev vist seg aa vera gode Fridomsmenn til dessa, ingen kann klaga paa dei i so Maate. Og inkje kann ein væl helder hava Grunn til aa tru, at dei vilde setja seg mot kyrkjeleg Fridom.

Og sume av desse Brevskrivaranne hev endaa slegjet paa, at t. D. Grundtvigianaranne inkje skulde vera gode kristne.

Kva Vestlandspostentenkjer aa vinna ved slik Skrivemaate, det er meir enn me kann svara paa. Men kva han skjem til aa vinna, det syner seg greidare og greidare for kvar Dag. Han hev fenget Uvenskap i Vinstrefylkingen, og det einaste han kjem til aa vinna er, at det inkje vert noko av med kyrkjelege Umvølingar so snart.

For ei Tid sidan var, so vidt me kunne skyna, flestalle Vinstremenn glade i Jakob Sverdrups Framlegg, og det vilde vist i det store og heile gjenget gjenom utan Motmæle fraa Vinstre. Men Vestlandsp. hev skræmt mange. Dei hev vortet redde for, at dei istaden for kyrkjelegt Sjølvstyre skal faa aandelegt Tyranni, og det vil dei inkje finna seg i. Det kann soleids godt henda, at ein Flokk av Vinstre slær seg med Høgre mot Sverdrups Framlegg, og Vestlandsp. hev i so Maate inkje nokon Grunn til aa klaga for det, for han hev sjølv vist Vegen i Kiellandssaki.

Hadde Vestlandsp.voret noko mildare og meire tolsam i Skrivemaaten sin, so vilde vaart kyrkjelege Umvølingsarbeid no stadet paa gode Føter, og dersom det inkje vert noko av med det, so er det Vestlandspostensom lyt taka største Skuldi, det er inkje Raad for det.

Oftedal hev lyft Sleggja so høgt, at me fæler for, han kjem til aa slaa reint for lint.