Raaheit i Maal.
Det
er sume, som synast meina, at Norskheit er paalag det same som
Raaheit. Den Meiningi er gamall nok, for ho var alt uppe i
Henrik
Wergeland sine Dagar. Han og hans Tilhengarar vart støtt skuldade
for Raaheit, og naar Motstandararne skulde visa si Foragt for det
Norske, var det berre aa slengja fram nokre Styggord um Gamalost
og Skinnbrok.
Det
var naturlegvis illa gjort. Men paa den andre Sida skal me leggja
Merkje til, at det ogso var mest i det ytre, at Norskheiti var kjend
den Gongen.
Annarleides
er det no. For um det enn er so, at Maalsaki i sin djupaste Grunn
umfatar meir enn Maalreisningi,
_
ho umgrip Formerna for heile vaart folkelege Liv
_
veit me likevæl, at Norskheitsarbeidet elder Maalsaki no nærmaste
gjeng ut paa aa faa eit norsk Bokmaal, og at det andre nasjonale
Arbeidet i allefall ikkje er so uppe til Dryfting elder so umstridt
som nettupp denne klaaraste Sida.
Naar
difyre Folk no meina, at Norskheit er det same som Raaheit, daa maa
dei helst meina, at det norske Maal er raatt. Og det segjer dei ogso
ofta tydelegt nok.
Kann
eit Maal vera raatt?
Ja,
utan Tvil. Eit Maal, som ikkje er brukt av annat enn raae Folk utan
Upplysning, og som ikkje hev voret Tolk for Tankar og Daning, det maa
vera raatt.
Er
detta Tilfelle med det norske Maal?
Nei.
For det fyrste kann det ikkje ganga an aa segja, at det norske Folk,
som talar dette Maalet, er eit raatt Folk utan Upplysning. Og for det
andre hev det i den siste Mannsalderen voret fleire Diktarar og
Upplysningsmenner, som hev tolkat altslag Tankar paa Landsmaalet, so
at det er bra uppdyrkat. Ikkje so aa forstaa, at det kann segjast no
alt aa vera eit heilstøypt dyrkat Maal; det vilde vera
eit Mirakel, um so var. Men det er lettvint aa bruka, og det er
reint utrulegt, kor rikt det er i Grunnen er, naar han berre vert
kjend med det tilgagns.
Aa
kalla det norske Maal for eit raatt maal no i vaare Dagar syner berre
Uvitingskap. Den, som kjem med slikt, syner, at han ikkje hev fylgt
med si Tid. Han kann ikkje kjenna den telemarkiske Folkediktning, han
kann umogelegt hava leset Janson, Vinje,
Blix
elder Garborg. Ingen, som hev leset desse Forfattarar, kann koma med
det Paastand, at Landsmaaet ikkje er istand til aa bera ein Kultur.
Det stod ikkje paa, um vaart Folk hadde sopass Kultur og Upplysning,
som det
kannfaa
gjenom Landsmaalet.
Men
det gjeng an aa koma med Raaheti paa norsk Maal liksom paa kvart
annat Maal i Verdi. Det er sjølvsagt. Ukvæmsord, Bannskap og
Styggsnakk er raatt og forkastelegt paa alle Maal, og det høyrest
verst paa norsk for oss, for alt er tydelegast paa Morsmaalet. Men
Raaheiti er i dette Tilfellet ikkje hjaa Maalet, men hjaa den, som
brukar det, og det anten han talar dansk elder norsk.
Forresten
er der i alle Maal Ord, som er vakre, og Ord, som er mindre vakre.
Maalmenner bør vera varsame i Valet og velja sovidt mogelegt
aalmenne og vakre Ord.
Dag.
Publisert