[Tidender.] Kyrkjelegt Sjølvstyre
vert
det arbeidt paa no mange Kantar av Landet. Den
nye
Statsskikken
sette
Liv i Høgreprestarne Landet rundt. Daa Sverdrup var vorten Ministar
vart dei var det, som dei aldri fyr hadde havt ein Tanke um, nemleg
at Kyrkja trengde Sjølvstyre. Det var inkje som det burde dette, at
Staten skulde hava Bugti og baade Endarne i Guds Kyrkja, som
trengdest meir Fridom.
Sjølvstyre
_?
ja, ettersom ein tek det til. Det er no inkje det Heuch og dei
Kararne legg i det Ordet, at kvart Kyrkje-medlem skal vera med aa
avgjera Saker, som kjem Kyrkja ved. Nei, men Prestarne skal faa den
Magti, som Staten hadde fyrr, so hev Kyrkja
_
_
Sjølvstyre. Kyrkjefolket skal ellest og
liksomfaa
noko Magt; men det skal gjerast so godt kring Presteveldet, at dei
inkje fær fram stort meir
enn det Prestarne gjev dei lov til aa faa fram.
Naar
Høgreprestarne set seg noko i Skallen, so er det Gutar, som legg seg
i Selen for aa faa det fram, det veit alle, som kjenner til, korleis
Selmeradressurne vart til og dei politiske Preikurne fraa i fjor, og
likeeins Arbeidet for Prestevelde iaar.
Kyrkjemøtet
her i Kristiania i fjor, gjorde Vedtak um, at det skulde haldast eit
Møte i kvart Stift av Utsendingar fraa dei ymse Sokner, og dei
skulde daa segja si Meining um det, som Møte her i Kristiania hadde
komet med Framlegg um, og likeeins skulde dei velja Utsendingar til
eit nytt Kyrkjemøte. Naar no denne Tanken hadde vortet fylgd heilt,
so vilde me fenget fram ei Folkemeining, og alt vilde voret til
Nytte; men Prestarne utyver landet tok det paa den Maaten, at
Utsendingarne paa Lag skulde segja ja og Amen til det, som
Kristianiamøtet hadde vedteket. Dei kallad saman Soknefolket; men,
ettersom Meldingarne lyder fraa fleire Stader, so fekk inkje Folk
eingong Lov til aa halda Ordskifte um, anten det skulde veljast
Utsendingar elder inkje, dei skulde berre velja
_.
Men
no er Saki den, at Fleirtalet Av Folket gjerne vil hava meir
kyrkjelegt Sjølvstyre; men dei trur inkje dei kann faa det ved aa
faa eit Prestestyre. Daa dei difor saag, korleis Prestarne for fram,
so gjekk dei sin Veg og var inkje med i noko Val. Berre nokre faa av
Venerne aat Presten var med og valde. Stundom kunne det kanskje naa
upp til paalag 50 Mann, men ofte var det berre 20 elder 10, og
stundom var det so faa, at dei inkje kunne velja nokon. I det
Tilfelle valde Presten jamnaste seg sjølv.
Av
Utsendingar, som er valde paa sovoren Maate, hev det no voret haldet
4 Stiftsmøte, der dei hev tolkat sin Samhug med Kristianiamøtet for
i fjor og valt Utsendingar til eit nytt Kristianiamøte. Det siste av
desse Møti vart haldet paa Hamar no ein av Dagarne. 4 Prestar og 8
Lægmenn vart valde til Utsendingar derifraa.
Det
kann henda, at Prestarne liver i den Trui, at Stiftsmøter, som er
komne istand paa slik Maate, skal kunna hava nokon Innverknad paa
Stortinget, naar det skal taka for seg kyrkjelege Lovar; men dei kjem
til aa gjera Rekning utan Vert. Folk kjenner so altfor godt, korleis
Møti er komne istand, og til det kjem, at dei, som inkje var med aa
valde til Stiftsmøtet, dei er det truleg, som gjer Utslaget, naar
det skal veljast til Ting, so dei gode Herrarne kann slaa fraa seg
Tanken um, at Tinget gjeng med paa aa innføra større Prestevelde i
Kyrkja, enn der alt er,
_
no for det fyrste iallfall.
Fraa
ein annan Kant vert det og arbeidt trulegt for aa faa kyrkjelegt
Sjølvstyre; det er det
vestlandske
Reformparti
.
Dei hev nyleg haldet eit Møte i Bergen, der paalag 1000 Menneskje
var tilstades. Dei uttalad i det store og heile Tilslutning til
Framlegget hans
Jakob
Sverdrup um Menighedsraad og Prestevalg. Vestlandet i det heile er
mest for Sverdrups Framlegg, og dei hev god Von um aa faa fram det
dei vil, berre dei inkje forivrar seg, so dei øydelegg sitt eiget
Arbeid. Paa
Austlandet
og ymse andre Stader, er, etter dei Meldingar me hev fenget fraa ymse
Bygder, Saki
endaa so lite kjend, at det ettersom fleire Vener av Sverdrups
Framlegg meinar, inkje er raadelegt aa setja den upp som Valprogram
alt iaar.
Men
me vonar, at det inkje vert mange Aar til, fyrr Kyrkja, inkje berre
Prestarne, fær stella med det, som høyrer Kyrkja til.
Vestlandspostensegjer,
at Styringi hev teket Jakob Sverdrups Framlegg upp paa sitt
Program.
Me hev inkje set noko til det andre Stader; me hev berre set, at
Framlegget er skrivet av Jakob Sverdrup og gjenomset av Blix. Dersom
heile Styringi tek det upp paa sitt Program iaar, so vaagar ho
formykje. Det me iaar fyrst og fremst hev aa gjera, det er aa verja
Parlamentarismen. Ser me oss so Raad til aa faa inn kyrkjelegt
Sjølvstyre med det sama, so vilde det vera so mykje betre. Me hev
mange Saker, som burde fram; men det gjeld um, at me er varlege, og
at me inkje køyrer for fort.
Publisert