Tidender.


Kristiania, den 30te Juni.

England. Den nye Styringi kjem i det heile og store til aa ljota føra den sama Utanrikspolitikken som Gladstone førde. Semja med Rusland var alt komi so langt, at der inkje var meir att enn aa staka upp Grensa millom Rusland og Avganistan, og Salisbury er nøydd aa retta seg etter det, som Fyremannen hans hev gjort der. I det ægyptiske Spursmaal kjem det nye Ministeriet kanskje til aa fara litt anderleis fram, enn det fyrre; men Skilnaden kjem nok inkje til aa verta stor. Det nye Ministeriet kjem soleis inkje til aa faa fram det minste av det, som hev voret Høgres Program dette Aaret, korkje i Inn- elder Utland.

Baade Partar tek no til aa bu seg til Valet. Tvo Millionar nye røysterettuge skal no vera med, og det er aa vona, at dei vil styrkje Vinstre so mykje, at det noverande Høgre inkje vil finnast att meir.
 
 
Kolerasjuken held seg framleides i Spania og fær stygt fram fleire Stader.

 
Spania. Det hev voret eit heilt Røre i Madrid. Baade Ministrarne og Kongen hev voret havde til Spe av Folket i Gaturne. Det vart skotet med Riflur, og Folk tok endaa til aa vilja laga istand Gatefestningar (Barrikader), og Soldatarne laut jaga Folk fraa kvarandre med Bajonetti. Styringi stansad alle Telegrammi um dette ved Grensa, so Utlandet inkje fekk vita noko um det, fyrr Brevskrivaranne til ymse Blad kom med Tidendi. Folket hev endaa inkje sleget seg til Ro, so det er utrygt. I Striden mot Politiet miste tvo Mann Livet og mange baade av Folket og Politiet vart reint skadslegne. Mange vart sette i Fangeholet.


Tyskland. Manteuffel, som var Styrar av Elsas-Lotringen er daaen, og Bladi røder no mykje um, kvem som skal verta Ettermannen hans. Enno er ingen vald, men det hev voret ymtat um den fyrre preussiske Innanriksministar Grev Eulenburg og Prins Nikolaus av Nassau. Dei trur den siste kjem til aa faa Posten, daa han baade er ein dugande Mann og ein god Ven av Keisar Wilhelm.


Austrike. Det hev voret Val no, og den tyske Flokken hev mist 15 Tingsessar. Dei fleste av desse er tekne av Slavarne. Alle Stader, der Tyskarar og Slavar ligg i Strid med kvarandre, hev ingen Tyskar røystat paa ein Slave elder umvendt. Men Slavarne hev, som sagt, havt Vinningi mest.

 
Statsraadet. Statsraad Jacob Sverdrup kom hit fraa Stockholm den 26de Juni. Han skal no taka Kyrkjedepartementet, og Statsraad Blix skal reisa til Stockholm i Staden hans. Statsraadarne Jacob Stang og Arctander skal og byta med kvarandre.

 
Amtmannen i Smaaleni hev skrivet til Valstyri kring i Amtet, og spurt um inkje Valmannsvalet kunne haldast sama dagen (31te August) for heile Amtet.

 
Statsraad Jakob Sverdrup er utnemnd til Komandør av Nordstjerneordenens 1ste Klasse.
 
 
Det norske Biavlssamlag hev no 820 Medlemer.


Juridisk Embættseksamen er teket iaar av 33 Mann.


Aarvegen teiknar til aa verta god paa øvre Raumarike. Paa Ringerike stend han inkje so godt, det manglar Varme og Væte.


Tingvalet for Firdafylke skal haldast i Sogndal 15de September.


Krigsskip paa Grunn. Korvetten Ellida, Kommandørkaptein Ravn, støytte paa Grunn Fredag paa Sandspollen ved Drøbak. Kjylen vart øydelagd. Naar Torpedoøvingarne er slutt, skal Skibet setjast i Dok.


Tvo store Elgar vart sedde Laurdag Morgon her Byen. Dei var uppe i Trondheimsvegen og sette uppyver ved Tøyen.


Burtkomne. Fraa Raudtangen vert det skrivet til Tønsb. Bl. : Ein Fiskar herifraa, Søren Olsen, og ein ung Mann fraa Kristiania kom burt paa Sjøen millom Raudtangen og Holmestrand. Dette hende Notti millom 22de og 23de Juni. Kva som var Grunnen til Ulukka er inkje godt aa vita, men truleg var det Fyll. Baaten vart attfunnen um Morgonen, han stod daa paa Land og hadde Segli uppe.


Ver varleg med Byrsa. Paa Skjotebanen ved Kristiansund hadde det nær hendt ei Ulukke no fyrre Laurdagen, Skotet vilde inkje gaa av for ein, og so tok han daa ei Naal og skulde faa Patronen ut att. Men han hadde truleg raakt Tendnaali, for Skotet gjekk av. Kula gjekk i Golvet, men Patronhylstri gjekk attyver og raakad Skjotaren ved Augat, so Blodet rann. Hadde ho gjenget litet meir til vinstre, hadde Augat truleg stroket med.


Sterke Kvirvelstormar hev det voret i nordvestre Luten av det indiske hav. Mange Skip gjekk under og deribland eit stort fransk Krigsskib; mange andre Skip kom seint um sidan i Hamn, men var daa fælt medtekne.