Stortingsvali.

 
(Korleis Folkeviljen skal koma fram) .

III.

(Framhald).
 
(Del 5 av 9. Fyrste delen.)

No er det dei, som meiner at Folkeviljen kann det ikkje verta so mykje Spursmaal um for det fyrste; dei held paa, at det er einast Regjering og Storting, som skal vera med i Styringi og hava Magti, til dei skal ein yverlata aa greida alle Saker, berre dei skal ein lita paa, det som dei avgjer, skal vera bindande for alle Tider. I 
Tingsalen skal daa all Magti vera. Tinget skal taka i seg alle Framstigsmenn, som er i Landet, i Tingsalen der skal ein samla alle Talarar, alle som hev lagt seg noko meir frami Politiken enn Folk flest, so at utanum Tinget vert det ikkje aa finna av dei fornæmste og vitugste Menn, alle som er noko ansande etter vert sende til Tingsalen. Der vert det sitjande Menn, som hev utdana seg serskilt for Politikken og ikkje fær gjort stort anna Arbeid enn Stortingsarbeidet; er det duglege Menn, so vil dei faa so fast ei Stelling paa Tinget, at dei vil draga mange med seg og faa eit større Velde enn einskild Mann burde hava.

Dette er den aristokratiske Formi av Folkestyringi, at det er Regjering og Storting, det vil segja Stormennerne, som skal hava Styringi og Magti. Det hitt Folket fær berre vera med aa velja paa Tingmennerne. Og det er væl so, at eit sterkt Storting det er eit Framstig ifraa ei sterk Regjering; men me bør no i Tidi tenkja paa aa verja oss imot, at detogso skal fara sjølvstyrt og faa større Velde, enn Landet er tent med.

Likevæl er det ikkje Meiningi deira, som er imot den reine Folkestyring, at Folket skal vera reint uspurt. Men dei hev funnet ut Former for denne Styringi, som kann vera skadelege for Sjølvstyret, soframt dei skulde koma i fast Bruk. Eg meiner den Skikken aa senda Saker ut til Yverlegging i Amtsting, Formannskap o. s. v. Det er so langt ifraa, at dette er nokon Appel til Folket, at det tvert imot er ei Innkniping av Folkemagti, daa Stortinget, kor ymist det so kunne vera, likevæl gjev eit mykje betre Inntrykk av Folkemeiningi enn desse Sendemannslag elder Repræsentasjonar i Landsdelarne, der Valet ikkje hev noko med Politiken aa gjera, berre finn fram dei som hev mest Vit paa Bygdestellet, og millom dei vil ein alltid finna trongare Syn enn millom dei, som syslar med heile 
Landsens Styring. Aa senda ei Sak ifraa eit Fylkesting til eit Riksting, det kann ganga an, men aldri umvendt, det er Misgrip, som aldri maa gjerast upp atter. Nei skal det vera nokon Appell ifraa Stortinget, daa maa det einast vera til Folkeviljen, ikkje berre til det Mindretal i Folket som hev Røysterett og er Veljarar, men til det heile Folk, til det sanne Fleirtal, til kvart vakset Menneskje i Landet.

Sume talar um aa faa innført eit Yverhus i Landet. Underlege Tankar, likesom me ikkje alt hev havt eit Yverhus aa kalla i lange Tider; eg meiner Stortinget, det var daa helder Underhus, daa, um so er, som me vantar. For det er berre dei, som hev Pengar elder Jord, som styrer for Vali, Resten hev ikkje noko aa segja. Noko valt Underhus elder Folketing no, det treng me ikkje endeleg, men lat den reine Folkeviljen faa arbeida seg upp til aa verta ei sodan sjølvstendig Magt. Lat dei gamle Folkeforsamlingar reisast upp att, so at dei store Saker vert avgjorde av heile Folket og ikkje gjenom Millommenn elder Repræsentantar berre. Lat heile Folket, fatig og rik, Kvende og Mann faa segja si Meining, og lat Regjeringi vera ein Arbeidskomite, og Stortinget dei vise Menn, som mindre ordskiftest og munnhøgst, men meir yverlegg og jamnar det nye isaman med det gamle og passar paa, at alt fær slike Former, som kann høva for Landet og med Folkestemningi paa dei ymse Kantar. Daa fyrst vart her eit demokratisktFolkestyre i Landet. Dei politiske Foreiningar og Landsvinstresamlaget er eit Stig fram paa denne Vegen. 
 
( Meir.