Lysingar.


NORA (Nytt norsk Maanadsskrift)

kjem heretter ut som fullt Aargangsskrift kvar Maanad med eit hefte paa 16 Sidur. Iaar kjem det forutan dei tvo som alt er utgjevne, 8 Hefte. Bladet vil arbeida, for Framhjelp av norsk Maal og god folkeleg Lesnad, og inneheld: Mindre Forteljingar og Sogur, Utgreidingar av ymse nyttigt Stell, Umsetjingar etter gode framande Forfattarar, Dikt o. s. fr. Bladet vil ogso gjev Upplysning um Framstig i Maalvegen og um dei Spursmaal som vedkjem Maalsaki. Betalingi er 1 Krone Aaret, Postpengar ireknad; for iaar vert det 80 Øre. Einskilde Hefte vil sia verta aa faa for 20 Øre. Dei, som ynskjer dei tvo fyrste Hefte, lyt senda 1 krone.

Den, som sender Pengar for 4, fær sjølv det 5te fritt, og den, som betalar for 8, fær 11.

Bladet kann tingast paa alle Posthus elder ved aa skriva beint til Nora, Kristiania; det gjeng som Bladsak. I Kristiania kann ein tinga Bladet hjaa Olaf Huseby & Co. limit.