Langt fram i Tidi.


(Innsendt).

Det er noko aa tenkja paa detta Stykkje, som stod i Fedrah.No. 40. Eg, og mange av Venerne aat Vestlandsp. paa desse Kantar hev inkje kunnat ganga med paa, at det var rett og klokt aa nekta Kjelland Diktarløn paa dei Grunnar, som var so sterkt framhaldne, serleg av Oftedal. Naar ein med Forfattaren i Fedrah. tenkjer seg ei Tid, daa Vantrui hadde fenget Fleirtal, og so set ei liknande Sak, som her var framme, fram for det vantrue Fleirtal, og ho so der fekk den sama Dom, som Kjellandssaki fekk av vaart kristne Fleirtal, daa ser me kanskje klaarare. Eg vil vona, at det med Guds Hjelp aldri vil koma so langt hjaa oss, at dei vantruande fær Fleirtal. Men det hev hendt andre Stader, soleis no i eit Kanton i Schweitz. Det kjem i det heile an paa dei kristne si Framferd, korleis det gjeng i so Maate. Men set, at Fritenkjaranne vart i Fleirtal her i landet for eit Bil. Dei sagde daa, at alle Meiningar skulde fritt koma til Orde. Inkje Tvang i nokon Maate.

Kom det so fram Søknad til Tinget um Diktarløn aat ein Diktar, som arbeidde i Bøkerne sine for aa faa innføra Kristendomen att, og han so fekk det Svar av Fleirtalet, at dei inkje var mot Diktarløner i det heile; men aa gjeva Diktarhjelp til ein, som inkje samstarvad med Fleirtalet, det kunne dei inkje. 
Inkje for Folket si Skuld, inkje for Gud si Skuld. Men etterpaa forsikrad dei seg paa, at dei hadde skift likt millom alle.

So spør eg: Vilde inkje det kristne Mindretal daa hava god Grunn til aa segja:

Fleirtalet her i Landet skifter Rettfærd millom Bokmenn paa den Maaten at:

1) Du skriv Bøker, som rosar Fritenkjaranne og held deira Meiningar fram; du er i Samhøve med Fleirtalet, og det vil me lata deg vita, at det er inkje nok med, at me inkje skal slaa deg ihel med Stokk elder Stein elder taka fraa deg det du hev: men me er endaa ferdige til aa gjeva deg Kr. 1600, so du kann halda Stemna di fram.
 
2) Du skriv imot Fleirtalet, du vil innføra noko nytt. Men me, som raader her i Landet, er frisinna, og det heilt ut. Me vil difor korkje stegla elder brenna deg elder taka Eignelutarne dine fraa deg. Men Kr. 1600 um Aaret til aa halda fram med, det fær du inkje.

Tru kva det kristne Mindretal vilde segja um slik Maate aa skifta Rett paa? Og kva vilde dei tru um ein Gud, som, etter det hans ivrigaste Dyrkarar let falla Ord um, vilde missa inkje so litet av Magti si, dersom ein vilde gjera like eins mot alle Landsens Borgarar. Dei vilde truleg tenkja som so, at stend det so til, so skal snart me vera i Fleirtal. Og dei vilde taka Arbeidet upp att med endaa større Hug og Kraft.

Men det sama vil truleg Fritenkjaranne her i Landet tenkja og gjera no. Det vert Strid etter dette, og i denne Striden kjem den trieinige sanne Gud til aa verta spotta, fordi me hev synt, at me hev forliti Tiltru til honom.

Og eg tykkjer det er vondt, at me skal hava gjevet dei ein Slags Grunn til det.

Gamle Pontoppidan hev eit godt Stykkje um, korleis me skal setja oss i Staden hans, segjer han, og spyrja oss sjølve, um me vilde vera nøgde med, at han gjorde mot oss, som me var tenkte paa aa gjera mot honom. Og etter dette skal me retta oss. Eg trur det, at hadde alle Tingmennerne havt for seg dette, so vilde Kiellandssaki fenget ein annan Utgong enn ho fekk no.

Eg er ellest inkje stort for Diktarløner, og er er inkje paa nokon Maate einig med dei, som segjer, at naar Bjørnson og Ibsen hev fenget Diktarløn, so var det sjølvsagt, at Kielland og skulde hava. Men det som gjer meg vondt er den Maaten, som fleire av dei Vinstremenn eg held mest av, eg meiner her serleg Liljedahl og Oftedal, førde Striden paa. Etter det vart det etter mi Meining iminsto inkje gjort Rett mot Fridomen, og dettrur eg inkje var Gud til Æra. Me ærar Gud mest til fastare me trur paa honom og til meir me Arbeidarar for hans rikes Framgang; men med det, at me ymtar um, at dersom ein Fritenkjar fær 1600 Kr. Aaret, (naar me inkje hadde noko mot aa gjeva den kristne det sama), so kom Guds Rike til Skade, med det syner me berre, at me hev for liti Tru til honom, som styrer alt.

Dette, at einskal hava Von um Løn for aa halda sine Tankar fram, men ein annan inkje, naar dei ellest kann vera like duglege, det burde me kristne aldri ymta um. Det hev voret brukt baade av Heidningar og kristne fyrr; men ingen av dei, som sette noko sovoret i gang fekk Bate av det.

L. D .