Fraa Maalvenarlaget paa Stordøyi.


Maalvenarlaget hev no sluttat si Gjerd for dette Skuleaaret. Og naar me ser attende, so kann me segja paalag som det vart sagt i fjor, at me etter Forholdi hev gjort inkje so litet. Men skal ein so sjaa paa, kva der enno manglar, so er det berre litet som er gjort, det er med Naud det syner seg.

No vil Folk gjerne vita, kva me hev gjort daa.

Aa ja, eg skal frista aa segja det.

Me hev drivet paa med Møte kvar fjortande Dag i Seminarhuset. Paa desse Møti hev daa sume Gutar haldet Fyredrag um slike Emne, som helst vedkjem Maalreisingi. So hev me leset upp ymse nyare Forteljingar paa Maalet, og so hev me diskuterat ymse Maalspursmaal o. s. fr. Det er, som sagt, litet; men so er det daa betre enn inkje. Og me hev daa fenget med dei fleste Seminaristarne iaar _ 67 hev voret med.

Og det vigtigste er no fyrst aa faa Aalmenta med, aa skapa Sansen og kveikja Hugen, so kjem Arbeidet etterpaa.

Og det er dette Maalvenarlaget arbeider for.

Maallaget fylgjer med god Hug med Maalarbeidet. So hev det i det seinste voret tingat 26 Eksemplar av Fedraheimen, umlag 20 Eksemplar av Nora, men berre 2 Eksemplar av Dag. 11 Gutar er Medlemer av Det norske Samlag .

So hev Boksamlingi aat Maallaget vortet aukat med 26 av dei nyaste norske Bøkerna. Maallaget hev med Gleda set, korleis Maalsaki hev arbeidt seg fram iaar i Stortinget. Og det stundar svært etter aa faa læra norskt Maal ved Seminarskulen.

Var det inkje ein Gong her i Vinter, at det var Tale um aa gaa til Seminarstyraren og krevja Undervisning i norskt Maal?

Dette kunde naturlegvis inkje nytta noko, alt solenge der inkje er komet noko Paabod um dette fraa Kyrkjedepartementet. Men det syner, kor fegne Seminaristarne vilde verta, um der strakst kom eit slikt.

Ja, dei krev det.

Dei er slettinkje tente med aa ganga der paa Skulen i 2 Aar og so inkje faa læra det Slag Norsk. Iaar hev det hendt fleire Gonger i nederste Klasse, at sume Gutar hev skrivet sine Stilar paa Maalet!

Tru dei inkje snart fær Stilarne sine rettade au?

So hev me inkje stort meir aa melda denne Gongen.

I det Maalvenarlaget sluttar sit Arbeid for dette Skuleaaret, so helsar det alle norske Maalmenn og Kvinnor Takk for Samstrævet .

P. t. Thime, Jaren, 16de Juni 1885.

For Maalvenarlaget

Jon Line .