[Tidender.] Udaad.

 
I Ystad Tidn . stend det aa lesa ei rysjeleg Soga: Sven Lindquist paa Bostköp i Träne Sokn og Bror hans, Per Ahlstedt var mistenkte for aa hava stolet ein heil Del, som var burtkomet der i Egni. Lensmannen kom daa til Lindquist for aa halda Randsaking, men Ahlstedt kunne dei inkje faa Spurlag paa korkje der elder andre Stader. Broren sagde, at han truleg var i Danmark, daa han hadde Kjerasten sin der og var ofte der paa Vitjing. For eit Bil sidan kom det Brev til Syster hans Ahlstedt fraa Kjærasten hans i Danmark med Spursmaal um kvifor inkje Festemannen hennar kom til henne paa Vitjing. Dette saag noko underleg ut, og til det kom endaa, at Ahlstedt inkje hadde teket med seg noko av det han aatte, inkje eingong Pengar, som han skulde hava tilgodes her og der. Det saag soleis slett inkje ut til, at Ahlstedt var rømd. Det tok til aa hefta seg Mistanke ved Sven Lindqvist og Lensmannen heldt daa fleire Forhøyr, som inkje førde til noko. 19de Juni heldt han daa ei grunneleg Randsaking hjaa han og Forhøyr attaat. Til dette laut Lensmannen faa Hjelp fraa andre Sokn, daa Folk der i Soknet var rædde Lindquist vilde hemna seg paa dei um dei var til nokor Hjelp. Forhøyret varde fraa tileg um Morgonen til Kl. 3 og fraa Kl. 4 Etterm. til 10 um Kvelden. Lindquist uppførde seg heile Tidi paa ein sovoren Maate, at dei kunne tru honom til det verste. Han gav aldri eit skikkelegt Svar, men var tver og vrien av seg. Lensmannen og Folki hans grov og leitte alt dei orkad. Paa Slutten braut dei upp Laavegolvet, og der fann dei ein Vest, eit Skopar og ein ny Regnhatt. Dette høyrde til den burtkomne, og daa han inkje aatte korkje meir enn eit Skopar elder ein Vest, so var det greidt, at han inkje kunne vera rømd. Dette og Aatferdi hans Lindquist gjorde, at Mistanken hjaa Folk vart helder større.

Næste Dagen heldt dei og paa med Randsakingi, og daa gjekk Kjeringi hans Lindquist ved, at Mannen hennar hadde drepet Bror sin.

Ein Dag ved Juleleitet kom Lindquist fraa Kristianssand, og daa synte han Kjeringi si ein Revolvar, som han sagde, han vilde drepa Bror sin med, men han vilde gjera det paa ein sovoren Maate, at Folk skulde tru, Broren sjølv hadde gjort av med seg. Den 5te Januar kom Ahlstedt heim, og daa var han full. Han gjekk inn paa Romet sitt og lagde seg til aa sova. Lindquist gjekk daa inn til honom, skaut honom i Hovudet, slengde so Revolvaren upp i Sengi og gjekk ut paa Laaven og gav seg til aa truska Korn. Kula hadde gjenget inn ved høgre Kinnbeinet, og so teket vegen til vinstre Augat. Men so drap inkje med det sama.

Ahlstedt stod upp og gjekk inn til Brorkona og bad henne um Hjelp, Broren hadde sleget honom med noko, som small so fælt, sagde han. Han klagad og yver, at det gjorde so vondt i Hovudet hans. Brorkona hjelpte honom tilsengs og vaskad Hovudet hans, so ropad ho paa Mannen sin og fortalde, korleis det stod til. Lindquist bad henne daa taka med seg Borni og gaa ut, so skulde han slaa ihel Ahlstedt, sagde han. Daa ho kom ut høyrde ho, at Mannen hennar slog fleire harde Slag; so tok han Liket aat Bror sin med seg paa Laaven, der gøymde han det til um Kvelden. Daa det vart myrkt tok han og bar Liket tilskogs. Der hadde han ferdig ei Greft, som det vart lagt i, og eit Steingjerde var reist ovanpaa. Ho var inkje so stød paa, kvar Liket laag, difor tok det ei Tid aa finna det. Det laag tri Fot under Jordi; Hovudet var svøypt i eit Lakan og Armarne lagde i Kross paa Magen. Beini var avhogde i Knei og lagde underst i Grefti. Daa dei tok vekk Lakanet, fekk dei sjaa, at Halsen var avskoren; venstre Tinningen, Pannebeinet og Underkjaken var sundslegne. Lindquist er no i Fengsel. Han er gift og hev tri born. Bror hans var ugift.

Han hev haldet seg til Lesaranne, og difor hev Folk trutt honom for betre, enn han var.