[Tidender.] Striden um Kristendom og Politik


skal upp for Aalvor no, ser det ut til. Høgre hev nok brukt upp alle sine andre blanke Vaapen og hev daa ikkje anna aa taka til.

I Folkemtøet paa Kongsvinger her um Fredagen var det Nils Hertzberg, som var ute og skulde faa Folk til aa tru, at Kristendomen vil gaa under, um ikkje Høgre fær Magti. Han forklarad, at Vinstrepolitikken var ukristeleg, fordi der var Vinstremenn, som var ukristelege; serleg nemnde han Diktaranne. Han tilstod, at der var Fritenkjarar i Høgre og. Men dei heldt sine Tankar for seg sjølv, sagde han, og daa var dei ikkje so faarlege. So nemnde han dessutan Riksretten, Bevilgningsnegtingarne og _ Dissentarloven. At Dissenterar skulde kunna vera Lærarar i Skulen (ikkje i Religion, veit du), det var ein Freistnad paa aa gjera Skulen religionslaus. Og det var Vinstre, som hadde funnet paa dette. Det var daa, han vart spurd, um det ikkje var so no og, at Dissenterar kunde vera Lærarar i Skulen. Og um ikkje Kyrkjedepartementet sjølv hadde fortolkat Loven so? og um det ikkje just var i den Tidi, daa Hertzberg sjøl var Kyrkjestatsraad, at den Fortolkningi var komi? Og det var daa, at Nils Hertzberg svarad med desse Ord: Det er en Feiltagelse .

Det skulde ikkje Nils Hertzberg ha sagt. For den Gongen, daa det Departementsbrevet utkom, var han Ekspeditjonschef for Skuleverket, som denne Saki just vedkom. _ Moralisten og Kristendomsforsvararen Nils Hertzberg tagdemed dette.

Paa Elverums-Møtet var Presten Heuch ute. Det er han, som alltid hev sagt, at Fleirtalstanken er ugudeleg og antikristeleg. Men no sagde han, at Høgre vil koma til Magti, og daa Høgre ikkje kann koma til Magti paa annan Maate, so vil Høgre arbeida for aa koma i Fleirtal. Og daa, naar Høgre kom i Fleirtal, vilde Heuch halda Fest, sagde han, ja han vilde beda kvar Mann leggja seg paa Kne og takka Gud, fordi denne store Tingen hadde hendt. Altso: bruka gudlause Raader for aa koma til Magti, og so takka Gud attpaa. Kva segjer du um denKristendomen?

Han vedkjendest, at der var mange Kristne i Vinstre, ærlege, hjartevarme Kristne. Men um han so visste, at alle Vinstremenn var kristne, og at alle Høgremenn var Hyklarar, han vilde likevæl halda paa sitt: at Vinstrepolitikken var Vantru. For Folkesuveræniteten vilde Prestarne aldri bøygja seg, sagde han; fyrr vilde dei døy. Men dertil vart svarat, at etter Grunnloven av 1814 livde me under Folkesuveræniteten alle i hop, og hadde gjort so lengje. Til det maatte Presten tigja.

_ Kven skal dei senda i Vegen næste Gong, tru?