Stortingsvali.

 
(Del 4 av 9. Fyrste delen.)
 
III.
 
(Korleis Folkeviljen skal koma fram).

Det skil so Maatarne. Det kann vera Samstaving i heile Folket um at einkvar Loven er ikkje plent som han skulde vera, elder at ei Umbot her og der kunne vera so naudsynleg, at det var ikkje til aa drygja med aa faa det vedgjort, og likevæl kann det ganga mange Aar, fyrr noko kjem istand. Men noko anna kann ovra seg i ei Braavending og koma fram og verta ført til Fullnads med det same.

Det gjeldst mykje um aa hava ein god og støleg Arbeidsskikk, skal det verta nokon Mun med Folkeviljen.

Men ein slik Statsskikk er ikkje so reint snøgg aa faa, um det ogso finst gode Grunnar aa byggja paa, og um det kann vera aldri so mykje Umtanke baade hjaa Folk og Styrar. Ein god Statsskikk kann einast veksa seg fram etter kvart, soleis at ein maa tøygja og tøygja i dei gamle Skikkar, til dess at ein kann faa dei til aa høva, so dei kann bera det nye fram.

Etter Grunnloven av 1814 var det væl so, at Folket hadde Magti, men likevæl vart Statsskikken den, at det vart Kongen og Regjeringi, som styrde, Folket berre valde Tingmenn, som anten sagde ja elder nei til det som Regjeringi spurde dei um. Regjeringi var det, som hadde Upphavstaket, og som alt snudde seg um. Men sidan kom det den Tid, at det vart det vigtugaste, Regjeringi vart berre som ein Vott, som inkje var noko større ansad etter. Men Stortinget kunne helder ikkje faa so mykje fram, all den Tid Regjeringi var imot det. Baade tvo hadde fristat seg, men ingen kunne greida Floken, alt stod i Nukken, det vart Bending paa alt for Skuld dette Vetoet. Og daa maatte dei skjota burtum baade tvo dei vanlege Statsmagterne, og spyrja sjølve Folkeviljen, som daa fyrste gongen etter 1814 fekk syna seg som noko sjølvstendugt. Folkeviljen greidde Vetospursmaalet og fekk Slutt paa Ugreida, so Riksstellet kom i Lag igjen.

No meiner væl mange, at det maa berre vera i slike Høve, at Folkeviljen fær syna seg, naar det er slike Umframs Høve, som desse, men at han ellest maa liggja spak, og ikkje verka utan gjenom Vali og elles som ei Skræme for alle, som gjeng med ildhugad Tankar paa ein elder annan Maate. Men det er underlegt, naar Folkeviljen hev teket til aa letta paa seg, soleis som han gjorde i dei siste Aari, so hev han ikkje so lett for aa leggja seg ned att so braatt, han vil vera med um det gjeng an paa noko Vis. Og ein gjeng ikkje for vidt, naar ein krev, at han i det misnte maa faa vera med, naar det er Saker, som er so vande, at Stellingi ikkje er klaar, og vilde ein føra det noko lenger, so maatte ein krevja, at ved kvar ny Sak, som var av noko ovur Vegt, skulde ho fyrst greidast ut gjenom Regjeringsinnstellingar og so umhandlast av Stortinget, og so leggjast fram til Folket til Samtykking elder Forkasting og daa fyrst for Aalvor drivast fram.

Men ein hev ogso havt Døme paa, at Folkeviljenhev teket seg fram paa ein meir positiv Maate, at han hev teket Upphavstaket, sett fram krav um nye Saker, som daa dei hine Magterne hev ført igjenom. Eit Døme paa det er Maalsaki, som det fyrst vart sett fram Krav um den fulle Gjenomføring av paa eit Folkemøte, og sidan kom det eine Folkemøtet etter det andre med det Kravet, fraa alle Kantar vart det gjort Vedtak og Resolusjonar. Og paa dette Grunnlaget kom so Stortinget og gjorde sitt Vedtak, og Regjeringi sannad etter. Denne Maaten av Folkeviljen til aa koma fram som sjølvstendug Magt vil vist helder ikkje slutta med dette, men bruka seg i fleire Saker. Og so fær den tvo Maatar aa verka paa, baade aa døma um dei Lovverk og andre større Saker som vert framlagt og setja nye Ting i Verk. Ei Sjølvstyring, der Folkeviljen hadde friset seg Sjølvstende, vilde have den Skipnaden, at etter at einskilde Menn og Blad hadde boret fram Tankar og nye Framlegg, vart desse godkjende av Folkeviljen, kom so til Gjenomarbeide i Regjering og Storting, og daa dei der hadde vortet utformat og samhøvde med Riksstellet, ellest vart dei paanytt framlagde for Folket til Avrøysting. Med andre ord, dei Fyremuner, som fyrr Kongsmagti hev havt, Initiativet elder Upphavstaket og Vetoet vart flutt til Folket: Regjering og Storting vart berre som Organar for Folkeviljen. Regjeringi vart som ein Arbeidskomite, og Stortinget kom mest til aa taka det fraa den praktiske Sida.  
 
( Meir.)