Fraa Trysil.


No i desse Dagar hev det voret haldet Ting her i Trysil, og Sorenskrivaren tok seg daa til siste tingkvelden aa halda eit Fyredrag um Juryen. Alle Høgremennerne i Bygdi møtte fram og gledde seg svært. Men Selmer hadde ikkje meir enn 19 Styttur i Trysil og Partiet vil ikkje vaksa meir. Han gav seg til aa utvikla, at Fyredraget ikkje hadde nokor politisk Hensigt; men som Trysil no laag so langt av Leid for seg sjølv, so vilde han upplysa oss litevetta. Han talte naturlegvis mot aa innføra Juryen. Me kjenner det so væl. Det er alltid galet for Høgre, naar Vinstre arbeider for Folksens Rett og Fridom. Fyredraget vart lell til litevetta Fagnad for vaart vesle Høgre; kanskje det vert den siste her i Trysil.

P.