Dissentarsaki og N. Hertzberg.

Det hev voret mykje Kjævl um Dissentarsaki. Kom ein Dissentar inn i Skule elder Skulekommissjon, so vilde han berre rydja ut all Kristendom og saa Heidenskap ikring seg. Me for vaar Part, held oss til det Bod fraa Vaarherre, at me skal gjera mot andre, kva me vil, andre skal gjera mot oss. Men me hev etter Loven vaar rett til aa taka Dissentarar inn i Aalmugeskulen; Loven segjer: ”Ombud eller Bestillinger i Statskirken kan ikke overdrages Dissentere”. Men Aalmugeskulepostar er ikkje ”Ombud” elder ”Bestillinger” i Statskyrkja, og der er soleis ikkje nokon Lov som hindrad Dissentarar i aa koma inn i Skulen. Det hev tvertum voret i Bruk alt sia 1845, daa Loven um det vart gjevet. Me hev ikkje talt upp rundt i Landet kormange Aalmugskulelærarar, som er Dissentarar, men me kjenner ialfall ein slik, som hev voret Lærar sia 1878 og er det den Dag i Dag. Me hev og mange Døme paa, at Dissentarar kann sitja i Skulekommissjonen. I ein Komune var dei i Tvilsmaal, um det var Rett, difor spurde dei Departementet, og det gav den 20de August 1881 det Svaret: ”at Dissenter i Medhold af Lov om Almuskulevæsenet paa Landet af 16de Mai 1860 § 70, 1 Passus (cfr. Byskoleloven af 12te Juli 1848 § 25) antages at kunne vælges til Medlemmer af Skolekommissjonen”. Daa det vart svarat sovoret, var _ Hertzberg Ekspedisjonssjef for Skulesaki! Og daa han sjølv vart Sjef for Kyrkjedepartementet var Dissentaranne baade Lærarar i Aalmugeskulen og sat i Skulekommissjonen; _ men no fær den same N. Hertzberg rundt i By og paa Bygd og slær paa Stortruma um, at fær Dissentarar koma inn i Skule og Skulekommissjon, so er det aa gjeva vaart Folk redningslaust Vantrui i Vald. Kor maa det ikkje sjaa ut i Samvitet ditt, N. Hertzberg, som læt slikt ugudelegt Styr vara ved heile di Statsraadstid? Denne forargelege Stortrumebuldret hans Hertzberg er noko av det verste, me hev set paa lang Tid. Me veit, korleis han paa Sarpsborgmøtet vrengte Sitati sine til, so han fekk dei til aa høva for seg. Ullmann spurde honom paa Møtet i Kongsvinger: ”Var det ikkje so, at der for nokre Aar sia kom eit Skriv fraa Regjeringi, som segjer, at der i Lovarne ikkje er noko, som hindrad Dissentaranne i aa verta Medlemer av Skulekommissjonen? Kom ikkje dette fraa Kyrkjedepartementet? Var ikkje Sjefen for Kyrkjedepartementet daa _ Hr. Hertzberg?” Men Hertzberg svarad: ”Det er en Feiltagelse” (!) Kva skal ein segja til ein slik Framferd med Sanningi??

 

X.

 

Frå Fedraheimen 27.06.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum