Tidender.

 
Kristiania, den 23de Juni.

Fraa Stortinget . Tollgreidurne vart fastsette paalag som dei me hev iaar. Det var komet Søknad um større Toll paa Linfrø, Rapsfrø, Linolje, Rapsolje og Roolje. Denne Søknaden vilde Komiteen senda Styringi; det var berre eit Komitemedlem, som vilde hava Saki under Dryfting iaar. Han meinte, at naar me liknad Noreg saman med Grannelandi, so stod Tilvirkningi av Olje hjaa oss paa klene Føter, og dette var til Skade for Jordbruket. _ S. Nielsen slog paa det sama. Formannen i Tollkomiteen, Konow, trudde inkje det var raadelegt aa gaa til so store Endringar utan aa hava høyrt, kva Styringi trudde um Saki, og ein kunne inkje paa Forhaand hava Greide paa, korleis desse Endringar vilde verka. _ Hjelmstad trudde, at desse Slag Frø var til so stor Nytte for Landmannen, at han vilde koma med eit sovoret Framlegg: Linfrø, Rapsfrø og Rofrø skal vera tollfrie. _ Statsraad Haugland bad um, at Komiteframlegget maatte verta vedteket. _ Cappelenheldt med Komitefleirtalet. Skulde ein taka burt Tollen her, so vilde det minka formykje paa Innkomurne aat Statskassa. Etter at fleire hadde havt Ordet vart Hjelmstads Framlegg forkastat med 61 Røyster.

Tollen paa Sigarar vart sett til Kr. 2.75 for kvart Kilogr. Dette skulde gjelda fraa 15de Juni.


Vegbudsjettet gjeld tri aar um Gongen no, men det var fleire Tingmenn iaar som meinte, at det burde gjelda berre eit Aar um Gongen liksom flestalle andre Utgiftspostar paa Statsbudsjettet. Det vart eit stutt Ordskifte i Tinget um dette. Statsraad Arctander meinte, at triaarigt Budsjet var det beste. Kapt. Krogh, Formann i Vegkomiteen, trudde, at Budsjettet burde gjelda berre eit Aar her og no, daa me hadde aarlegt Storting. Det same meinte Statsministar Sverdrup og Berner, medan Smitt heldt med Arctander. Komiteen hadde komet med Framlegg um, at Tinget skulde beda Styringi segja si Meining um dette, naar ho næste Aar lagde Vegbudsjettet fram for Tinget. Det vart vedteket samrøystes.


Statsrevisjonen. Dei gamle Statsrevisorar vart uppattvalde. Hølaas fekk 80, Berner og Garborg 61 og Jacobsen 59 Røyster. Høgre røystad paa Oberstløytnant Bang, Sakførar Heyerdahl, Sakførar Berg og Vaktmeistar Selboe. Til Varamenn vart valde: Sakførar Meidell, Sakførar F. A. Krog og Sakførar A. Schjødt.


Kandidat Utheim fekk 600 Krunur for aa granska, kor sterke dei ymse politiske Flokkar er ved Valet. 38 røystad imot dette. Rinde vilde inkje gjeva desse Pengarne, daa han meinte, at Bladi var dei næraste til aa greida dette. Horgen vilde røysta mot, og han heldt ein Tale, som vist er det verste Vaas, som nokonsinn hev komet fram i Noregs Storting. Han sagde soleis, at Opposisjon var ein god Ting, men Partier var ein Uting. Me skal ellest inkje trøytta Lesaren med hans Daarskapar.


Stortinget hev havt framme Forslag fraa Jarnvegskomiteen um Pensjon aat Jarnvegstenaranne. Det vart utsett til næste Aar.


Saki hans Jon Hol var framme i Odelstinget den 16de Juni. Advokat Meidell hadde sendt klage til Odelstinget for Hol yver Statsraad Jensen. Protokolkomiteen kom med Framlegg um, at Odelstinget paagrund af Omstændighederne inkje skulde gjera noko ved Saki. Bangvilde, at paagrund af Omstændighederne skulde strjukast. Rindetykte, det var ille, at denne Saki kom fram so seint, daa det gjorde, at ein inkje fekk senda ho til Stortinget, so det fekk gjera Vedtak. Her var den personlege Fridom krenkt, og det var ille, at Landsens Borgarar skulde venta aarevis paa den Uppreisning, dei hadde rett til aa faa. Den, som hadde Andsvaret her var daud; men Samfundet var derfor inkje fri for Plikt til aa gjeva Uppreisning. Blehrtykte og det var vondt, at Saki kom so seint fram; men det var inkje so greidt aa verta ferdig fyrr. Daa den Statsraaden, som hadde Andsvaret her var daud, so trudde han inkje det var Tilhøve til aa setja heile Saki under Ordskifte.

Innstellingi vart vedteki mot 25 Røyster (Høgre), som røystad for Framlegget hans Bang.
 
 
Høgrebladi er reint illvorne av seg no, etter at Tinget er slutt. Dei ser attende til Tingi 1883 _1885 og vert grøteleg surøygde. Dei er samde um, at desse Tingi vil minnast, so lenge Landet vert bygt. Men det er inkje for noko godt, trur dei. Nei, det er alt det vonde desse siste Tingi hev gjort, som skal gjeva dei slik ein framifraa Plass i Soga. Og det vonde, som Tingi er Skuld i er daa stutt og greidt dette: Selmer er inkje Statsministar lenger, inkje Schweigaard helder; Kongen hev mist Magti si, Sverdrup er Statsministar, Røysteretten er vidkat, Folkevelde og Fleirtalsstyre er innført, det konservative Element er burte o. s. b.

Og dei gode Bladi tykkjer, at dei hev god Grunn til aa stura, naar dei tenkjer paa alt dette.

Og det undrast me inkje paa.


England. Høgre var reint utav seg av Gleda, daa Gladstone fekk Fleirtal mot seg i Underhuset, og dei tok seg daa paa aa skipa ei ny Styring. Men dei gledde seg paa tunt Øl, for dei fekk snart sjaa, at det var lettare sagt enn gjort aa skipa den nye Styringi. For det fyrste kann dei ingen Veg koma, utan dei fær Studnad av dei frilynde; men etter som Meldingarne segjer, so kom dei med so store Krav, at dei frilynde inkje kunne gaa med paa det. Til det kjem og, at Høgre er usams med seg sjølve; den eine vil det og den andre det. Det ser soleis ut for, at det inkje vert noko Høgrestyring i England denne Gongen. Trulegt kjem den fyrre Krigsministaren til aa skipa eit Ministerium, som skal staa til Valet er yver, so dei fær sjaa, kvem som vinn.

Gladstone kjem til aa vera Føraren for Vinstre under denne Valstriden og.

 
Bakarloven og Skatteloven er godkjende av kongen.


Teologisk Embættseksamen. M. Andenæs kann faa Haud. Hersleb Borch kann faa Laud. Hans Grimelund kann faa Haud. Hans Hasund kann faa Haud. Thorvald Isaachsen kann faa Laud. Bernhard Jonassen kann vel faa Laud. T. S. Monsen kann vel faa Laud. Jarl Møller Haud. Kristen Saarheim kann faa Laud. J. K. Storsten Haud. L. Steen staar til Laud. Olaf Støren staar til Laud. Bernt Støylen staar til Laud. Edvard Sverdrup kann faa Laud.


Spania. Kolerasjuken ber saag stygt i fleire Landslutar. I Madrid hev 5 døydd av den.