Stortingsvali.

 
(Del 3 av 9. Fyrste delen.
 
II.

(Folkestyre).

Det er Folket, som raar, det skulde vera Meiningi. Det er Fleirtalet, som skal avgjera, um dei ymse Saker høver med Statens Vælferd.

Det er eit overlag stort Framstig aa faa fastslegjet ei sovori Grunnsetning for Politikken vaar, allvist naar ein hugsar paa, at me fyrr livde under ein Statsskikk, der Herropet var, at Mindretalet skal vera Styraren, Fleirtalet skal berre fylgja. Men likevæl um ei sodan god Grunnsetning er godkjent av Folket og alt vist seg i Gjerning, so er det med det likevæl ikkje sagt noko greidt um korleis denne Folkestyringi vil sjaa ut.

Det kjem an paa kvar ein meiner baade med Folket og med Fleirtalsstyret.

Folket det er eg, sagde den franske Kongen, altso var det Folket som styrde naar han fekk sin Vilje fram.

Nei Folket det er me, sagdeAdelen og Embættsmennerne, me er det einast som kann noko med Landsstyring, me einast hev Vitet og Daningi.

Nei, det er me, som er Folket, kom Borgaranne og sagde, dei hine hev berre sine eigne Interessur aa verja um, men me er det som ber Landet uppe, som gjev Landet Vælstand, og som gjer Nytte i Landet.

Nei, no fyrst kjem Folket, sagde Bonden, for no kjem eg; for eg eig Jordi og ho er det væl som gjev Maten aat oss alle saman, det er eg, som held Landet uppe.

Nei, skal det vera tale um Folket for Aalvor, segjer Arbeidsmannen, so er det nok me, som lyt faa hava det Namnet. Dei hine hev anten faste Løner, som me maa skatta for, elder so hev dei Eigedomar, som dei ingen Nytte kunne faa av, soframt me ikkje var med og fekk nyttat det ut til Mat og Pengar.

Det er me som skapar Rikdomen i Landet, og me strævar for vaart Livs Upphelde paa ein ærleg Maate, og me er Storhopen av Folket, me er det, som maa hava Retten til aa raada for landet.

Det er soleis ikkje alt so greidt med den Folkemagti; naar ein berre held seg til dei, som kallar seg sjølv Folket, vil ein finna anten at Folket alltid hev Magti, elder at det aldri hev havt Magti, med di det jamt hev voret Folk, som hev klaga, at den rette Folkemagti endaa ikkje hev naatt fram.

Folk, det skulde etter vaart Maal helst berre tyda Menneskje, men etter Tysken hev me lagt det same i det som det latinske Nation, so det skal vera det same som ein Landslyd, Samling av alle dei Menneskje, som bur i Landet. Og vil ein daa taka Folkemagti etter den Tydingi, at det daa fyrst er Folkemagti som raar, naar det er eit stort Fleirtal av alle Menneskje, som raar, so kann ein segja, at Folkemagti aldri hev raadt.

Men ein kann segja, at ho hev raadt alltid, under alle Statsformer, dersom ein meiner, at med Folket, so er det berre dei, som verkeleg hev Interessur for Folket som Folk elder 
Landslyden, einast dei kann det verta Tale um. 
Dei som ikkje hev Kjennskap elder interesse for Samfundsspursmaali, hev dermed ingen Rett til aa vera med og avgjera dei. Folket utøver soleis Magti si gjenom Repræsentantar, anten det kann vera ein einveldig Konge elder eit Ting, som er valt etter vide Røysterettsreglar. Og det kjem daa an paa Upplysningi og Daningi hjaa Storluten av Folket um denne Repræsentasjonen kann gjeva eit godt Uttrykk for det sanne store Folk, soleis at alle fær sine krav framførde og kann faa sin Rett.

Dette Folkestyret, som ein baade hev og inkje hev, det skal vera som ein blaanande Ideal for Politiken, som han alltid strævar aa naa meir og meir, men aldri kann taka til 
Fullnads. Meiningi med kvat Folket er, vert alltid snudt paa og fær eit rikare Innhald, Krav fraa nye Klassar kjem fram jamt um aa faa vera med. Og samstundes treng sjølve Maaten aa utøva Magti paa, sjølve Styrevisi so mange Brigde og Utjamningar og Tilskipingar, at det jamt vil vera noko nytt aa stræva for, eit kvart gamalt aafaatt aa venda um paa.

Det er alltid eit Framstig, naar eit nytt Stand i Folket kjem fram, um det og kjem veltande med Tyning og Øydeleggjing yver dei som fyrr hev havt Magti, um det og fører inn noko Villskap der som det fyrr raadde gamall Skikk og Sedhevd. Det er alltid ein kveik for eit gamallt Samfund aa faa nye Krefter inn i Riksens Arbeid, der det fyrr var so uppstaka og inngjert med Lovar og Sedvanar paa alle Leider, at det var ikkje Raa um aa faa noko fram, sjølv um det var Samstaving millom alle, for Skuld det tunge Gangverket og dei mangslungne Former og Viprur som ein laut fara med. Det er til stor Bate for Samfundet i det heile og ikkje mindre for dei nye Klassar sjølve, som fyrr hev gjenget og stridt under Trældom og Mismod, men so med ein Gong hev fenget ei stor Magt, so at dei jamvæl kann styra dei, som dei fyrr vart agad av. Naar ein veit, at ein hev Magt, kvifor skulde ein so inkje bruka henne. Daa fyrst er det, dei rett kjenner, at dei hev henne, naar dei ser Frukter av sitt Verk. Um det og kann koma eit og anna Misbruk, so er det ikkje so faarlegt med det, for det vil nok jamna seg paa Lengdi. Det som det fyrst gjeldst um er, at dei nye Stand kann faa den rette Sjølvvyrdnanden, som høver eit suverænt Folk, at dei nedbøygde og trengde ein Gong hugheilt kann faa lyfta Hovudet og syna fram, at: det er me som er Herrar i Landet, det som mevil det er Landsens Lov, vaarVilje er det einast som det kjem an paa. Me hev inkje Magti, anten fordi me er betre elder klokare elder rikare enn andre Folk, ikkje fordi me hev ein einaste Fyremun framum dei gamle Styrarar, men fordi me er eit Fleirtal, som hev vaare krav som Borgarar i Landet, som frie tenkjande Menneskje.

Naar denne Sjølvvyrdnaden og Husbondsretten ein Gong hev festa seg i Folk, daa er det aa tenkja etter, korleis Fleirtalet skal bruka Magti si, so ho ikkje vert misbrukad anten til Vald elder til faanyttelege Tiltak, men so det vert Landsstyring med visse Fyremaal og gode Raader til aa faa Stellet i ein samhøveleg Vokster til Trygd og Vern for alle som i Landet er.

Men vil dei taka til med Einvisdom, kann det likevæl verta leidt. Eit Faamannsstyre er ulidelegt aa vera under, men eit Fleirtalsstyre kann verta mest likeso ulidelegt, soframt dei vil tvinga Mindremannen til aa fylgja med der det er imot hans heile Tenkjemaate og Livssyn aa vera, dersom dei vil setja Mein og 
Mødur i Vegjen for den, som kann hava si eigi Meining og vil fara sine eigne Vegjer. I Pengesaker kann det ikkje vera so faarlegt, men verre kann det verta, naar det vedkjem det aandelege Livet, Kyrkje- og Skulesaker, og fleire Ting, der væl kvar ein helst kunne ynskja aa faa fram si eigi Meining, men der det nettupp er av stor Vigt for Samfundet i det heile, soframt det alltid skal halda seg friskt, at alle Smaaflokkar fær stella seg som dei vil, og at alle Meiningar fær koma for ein Dag. Dette er naudturveleg fyrst for aa faa ein god Kritikk, daa det oftast er so, at den som med Liv og Sjæl sjølv arbeider for ei Sak, er mindre gløgg til aa gaa alle 
Vandskar og alle Fylgjedrag som ei Sak fører med seg, enn den som stend noko meir utanfor Saki og ser paa med kaldkloke Augo. For det andre er det av Vigt aa tryggja Mindremannen, fordi det er han, som skal erva Framtidi. Og det gjeldst daa um aa gjeva honom so fri og god ein Vokster som mogelegt, so han brukar Vitet og ikkje bryr seg um aa støyta um Samfundet, men venta til at Samfundet sjølv kann bruka dei i si 
Tenest.

( Meir.)