Skulemeistrar!!!


Daa eg er komen etter, at ein stor Del av Landsfolket er so litet kjend med Maalstrævet, so vil eg her beda Skulemeistrarne kvar i si Bygd aa utgreida for Folk, kva stort gagn det vilde vera aa faa Maalet inn i Skulen.

Eg vaagar eg, at me skulde faa sjaa det Karar, at Borni vilde læra mykje snarare, allvist paa Landet daa, dersom me kunne faa all Undervisning i Skulen paa Landsmaal. Me maa difor so mykje som mogelegt arbeida paa aa faa Lærebøker paa Maalet. Eg veit nok det, at Skulemeistrarne i den Instruksen i 78 fekk Paalegg um aa undervisea paa Barnets eget Maal, men kva skal Læraranne hjelpa seg med? Dei hev berre Munnen, sovidt eg veit daa. Hadde me endaa ei Lesebok, um inkje meir, paa Maalet, so vilde me endaa hava noko aa retta oss etter. Det vilde inkje bliva lengje fyrr Borni vart kjende med Maalet, og so kunde Læraren bruka noko so nær dette Maalet, allvist um han var ein framand Mann. Vilde det inkje bliva lettare enn Dansken? Ja eg ventar inkje Medhald av andre enn Maalmenn. Dei andre fær sigla sin eigen Sjø. Det at me skal bruka Barnets eget Maal i Skulen, men inkje eiga ei einaste Lese- elder Lærebok paa Maalet, det vil eg likna med, at ein husbond sae til 
Tenesteguten sin: Aa tak Hesten aa gaa ut paa Aakren aa pløg den upp du! Men naar Guten so spurde: Kvar er Plogen? So svarad Mannen: Du skal daa vel inkje hava Plog, veit eg! Nei, du fær klara deg med berre Hesten. _ No veit eg her er mange som segjer det. Me hev inkje nokot Maal endaa, som me kann prenta. Er enn dei mange Dialektar ulike, so er daa det meste i deim likt. Lat oss faa det so, som Fedraheimen brukar det! Det er daa ei Normalform, som etter min Meining godt er brukande. So fær væl Maalet som mest alt nytt bli betrat, veit eg, etterkvart som det blir brukat. De vil vist vera einige med meg i det _ heile Laget _ at um Mannen, eg nemde istad, hadde sagt: Eg hev berre ein gamall Plog no, som inkje er vidare god, men eg ventar snart ein betre: Daa kunde Guten sett iveg med Pløgjingi, men kvat skulle han gjera med berre Hesten? Soleis stend det til med Skulen og Maalet og. . Læraren hev berre Munnen sin, ingi Bok, som dei hev Lov til aa bruka. _ Men skal me faa Skulebøker paa Maalet, so Skulen vert heilt norsk, so maa me faa Foreldri med oss, og det fær me, berre dei fær vita sikkert, kor nyttigt det vil vera aa faa Morsmaalet inn i Skulen.

Dette kann Læraranne gjeva Upplysning um. Kann dei inkje sjølv, so er her Bøker aa faa, som kann greida upp dette Spursmaal. Ja, ja, det er berre ei liti Bøn til dei Lærarar, som er Maalmenn, eg her set fram.

Eg veit, det er naudturvelegt, at det vert arbeidt med denne Saki og paa denne Maaten.

Tru inkje Bladstyret og Læraranne er einige med meg i det?


H.....