Rispur.


Den store Mangfoldigheiti . Ein gamall Mann, som livde for tjuge Aar sidan fortalde:

Daa eg var utkomederad, saag eg eit stort Skip. Det heite Mangfoldigheiti. Riggen var so stor, at der i kvar einaste Blokk var ein 
Gassgjevar, og i Merset var ein stor By. Dei, som skulde gaa upp paa Toppen av Mastri, maatte innum hjaa desse Gassgjevaranene aa kaupa seg Mat aa Drikke. Dette Skipet kunde, som ventelegt var, inkje sigla i Rotastilla. _ 
Naar dei skulde løysa Surringarne paa Segli, maatte det blaasa so Sydvesten, han var bunden godt fast, flaug av Hovudet paa dei som var paa Toppen. Skulde dei bry seg aa letta Ankeret, so maatte det blaasa Hovudet av ein. Endaa kunde dei inkje sigla. Fyrst naar det bles so mykje, at Vinden skilde Staal og Jarn paa ei nyslipa Øks, kunde dei kasta laust. Det kom eingong so mykje Vind og, at Skuta fekk sigla, men daa gjekk det lystigt kann du tru. Um det var Forteljaren, som heldt Øksi den Gongen, veit eg inkje, men eg hugsar han fortalde, at det var inkje han, som Hovudet blei bleset av.

H. ....