[Tidender.] Professorpost i Norsk.


Onsdag den 17de Juni hadde Stortinget for seg eit Framlegg fraa Gasjekomiteen um ein Professorpost i Norsk ved Høgskulen. Komitefleirtalet hadde gjort Framlegg um, at Saki inkje skulde avgjerast iaar. I Tinget tok H. Bentsen upp Framlegget aat Mindretalet. Det gjekk ut paa, at det 
skulde gjevast Kr. 4,500 til denne Posten iaar. Han sagde, at Stortinget i 1881 hadde gjort det, som Mindretalet no vilde gjera, men daa var Styringi imot. Skilnaden var berre den, at daa vart Posten gjevet serskilt for ein Mann, men no skulde Embættet vera for Framtidi. Mindretalet fann inkje Grunnarne aat Fleirtalet fullgode. Var det noko, som det for lang Tid sidan skulde voret gjevet Pengar til, so var det til ein Professorpost i Norsk. Det, at det iaar var gjevet Pengar til tvo Professorpostar fyrr, var ingen Grunn til inkje aa gjeva til den trie og. Styringi kom no med det same, som Tinget hadde vedteket i 81 og han vilde spyrja, um Tinget no vilde tyna det. Det var sagt, at det vilde verta Strid, um Framlegget aat Mindretalet vart vedteket iaar, men han trudde, det vilde verta meir Strid, um det inkje vart vedteket. Det var reist Anke yver, at me kom til aa faa eit nytt Maal, men det var ingen, som kunne vita, korleis det kom til aa ganga i so Maate. Men so langt var me for lenge sidan komne, at me skynad, at Staten burde stydja Maalstrævet. Det var sagt, at ein Professor i Norsk skulde hava rett til aa taka Folkesegnerne jamsides Folkemaalet, men Mindretalet hadde den Meiningi, at dette inkje aaleine skulde vera Rett men Plikt. Talaren vilde tykkja det var vondt, um Tingmennerne iaar gjekk fraa kvarandre utan aa hava gjevet Pengar til denne Professorposten. _ Ueland(Komitemedlem) var Maalmann; men han trudde, at naar det var gjevet Pengar til tvo Professorpostar iaar, so vilde Folk utyver Landet tykkja, at ein kunne venta med den trie. _ S. Nielsen var inkje Maalmann, men han sette Pris paa det, som var uppe i den Vegen. Men det var inkje dette, som var Grunn til Røystingi hans denne Gongen. I 1881 hadde Fleirtalet gjevet Pengar til ein sovoren Post, som det her var Tale um, men daa sette Styringi seg imot. No hadde me ei Regjering, som var teki av Fleirtalet, og ho kom no og baud oss nett det sama, som Tinget vilde hava fram i 1881. Skulde ein no segja nei til 
det Regjeringi baud, so vilde det sjaa ut so, at me uttalad Tillit til Styringi i 81 og Mistillit til den me hadde no. Og det kunne han inkje gjera; han kunne inkje eingong vera med paa Utsetjing til næste Aar. Og so vilde han segja det, at Folkemaalet inkje var det norske Folks ækte Barn, fyrr det var sett paa like Fot med andre Fag ved Høgskulen. _ Statsraad Blix var einig med H. Bentsen i det, at det burde vera Plikt for ein Professor i Norsk aa taka Folkesegnerne med. Han gjekk so mykje villegare med paa dette, daa han no saag seg istand til aa gjeva Posten til ein Mann, som vilde verta til Ære for Landet. Mannen var ferdig og væl rustad til aa taka upp det Arbeidet, som ein sovoren Post kravde. Tinget hadde gjort mykje for Folkemaalet; men det vilde vera aa stansa paa Halvvegen, um det inkje lagde Sluttsteinen paa Bygningi. Han heldt seg ellest til mykje av det, som Bentsen og S. Nielsen hadde sagt og sluttad med, at Tinget inkje vilde vera i Samklang med seg sjølv, dersom det inkje no sagde ja til dette Regjeringsframlegget. _ Bernermeinte, at etter det, som her var sagt, var det tvillaust, at Tinget vilde vedtaka Regjeringsframlegget. Han hadde sett fram Forslag um ein Professorpost aat Moltke Moe, men etter det som var sagt vilde han inkje halda paa det lenger. _ Uelandkunne inkje skyna, at det var noko Misstillitsuttal mot Styringi, um Saki vart utsett. _ S. Nielsen hadde berre sagt, at det kunne sjaa so ut. _ Qvamheldt fram, at det var ei nasjonal Æresak, ei Æresak for Tinget og serleg for det norske Vinstre aa gjeva denne Professorløni. Folkemaalet vart Stykkbarn, dersom inkje det vart gjort. Det vilde saara inkje honom aaleine, men mange varme Fedralandsvener landet rundt vilde syrgja, dersom Komitefleirtalet fekk Viljen sin fram her.

Ved Avrøystingi vart Framlegget aat Mindretalet, 4,500 Krunur til ein Professorpost i Norsk, vedteket med 60 Røyster mot 35. Flo og Cappelen var med dei 60.

Dei 35 var Resten av Høgre og Vinstremennerne Kaxrud, Frilseth, Furulund, Egge, Sønju, Lindstøl, Huser, Ueland, Drevland og 
Melhus.

Burte var: Roll, Liljedahl, Blehr, H. Dahl, Rinde, Prof. Bugge, Hvamstad, Mustad, Jacobsen, Hansen, Horgen, Holmesland, Fløistad, Andersen, Knudsen, Bjering, Wennberg, Wexelsen og Reitan.


Maalmenerne hev all Grunn til aa vera takksame for det, som Tinget og Styringi hev gjort for Maalsaki iaar. Dei hev baade knesett det største nasjonale Krav, som Landet aatte, og Saki hev ved det fenget so fast Fotfeste, at so sant kvar Mann og kvart Kvende gjer Skyldnaden sin heretter, so er Framtidi vaar, so skal det inkje vara so rett lengje, fyrr Norskdom heilt raader i Noreg, daa er Sigeren viss. No stend me snart paa like Fot med Dansken, men det skal inkje vara lengje, fyrr det er me, som hev Vinningi. Um Morgenbl. og den Flokken stundom kjem til aa gneldra imot, det hev inkje noko aa segja. Den Sigeren me hev vunnet iaar, gjev oss Mot til aa halda fram, og me kjenner oss støde paa, at baade Styring og Storting heretter vil hava denne Saki, som den fyrste i Programmet sitt, for Folket hev vaknat, og det vil krevja Saki fremja til ho hev vunnet heilt fram.


Morgenbladsflokken i Tinget let inkje upp sin Munn under Ordskiftet um ein Professor i Norsk. Dei tenkte nok aa sigra no og ved aa tegja reint stille. Men det er inkje so greidt med det; ein sigrar inkje i alle Slag ved aa bera seg aat paa ein og sama Maaten.