[Tidender.] Pensjonar til Aprilministrarne

 
var framme i Tinget 17de Juni. Komitefleirtalet vilde gjeva Bang 4000 Kr. til Tinget fastsette noko anna og Mindretalet vilde gjeva 6000 Kr. Moe kom med Framlegg um Kr. 5000. Statsministaren talad for 5000 Kr. til alle tri Aprilministrarne, som inkje er komne i Embætte. Tinget vilde gjera baade rett og vitugt i det. Naar det var sagt, at Fleirtalet av Folket inkje vilde kunna skyna og gaa med paa dette, so vilde han segja, at det norske Folk var eit vitigt Folk. H. Bentsenforsvarad Komiteinnstellingi. Fleirtalet hadde gjenget langt, inkje fordi Aprilministrarne hadde noko Rettskrav, men av Naade, og fordi dei vonad, at dette var den siste Rekningi Tinget hadde aa avgjera med den Del av vaar politiske Soga. Han vilde ellest segja, at daa det her var fleire Hensyn aa taka, so hadde han og fleire Komitemedlemer gjenget yver til Kr. 5000 for alle tri Statsraadarne, som inkje hadde fenget Embætte, so dette no var Komiteinnstelling. Melhustok hart paa Aprilministrarne og serleg Hertzberg. Folket vilde inkje tykkja godt um det, som Tinget stod ferdigt aa gjera. Men daa Saki var vorti Kabinetsspursmaal so vilde han røysta for kva det var. Han vilde inkje selja Styringi for Smaapengar. Men han vilde hava greide Ord um dette. Sætervilde gaa med paa 5000 Kr. etter som Saki stod no. Birkelandtrudde det var sjølvsagt, at hans Forslag vart vedteket, men vart det inkje det, so vilde han røysta for 5000 Kr., men av andre Grunnar enn dei, som var framdregne her. Jaabæk talad lengje um noko, som inkje hadde noko med Saki aa gjera. Han sluttad med, at han vilde røysta for Kr. 5000. Hjelmstadhadde inkje vidare Hug til aa gjeva nokre Pengar til Statsraader, som hadde stadet nær ved aa setja juridiske Distinksjonar tilside ved uskyldige Kanonar; men daa det var sereigne Umstende med her, so vilde han gaa med. Stang sagde nokre Ord mot det, Hjelmstad hadde komet med. Han vilde røysta for Pensjon til alle heiderlege Menn. S. Nielsen vilde og røysta etter sine eigne Grunnar; men han trudde inkje dei kunne semja med dei, som Stang hadde.

Ved Avrøystingi vart Forslaget hans Moe um Kr. 5000 til Bang og Johansen vedteket mot 14 Røyster (Sørensen, Ueland, Øverland, Berge, L. M. Bentsen, Foosnæs, Melhus, Melvær, Rinde, Thomesen, Sveinsson, Sørum og Sønju) og til Hertzberg mot 13 Røyster.

Til Lars Dahll hadde inkje Komitefleirtalet innstellt paa nokon Pensjon, Mindretalet vilde gjeva 5000 Kr. til honom og. Rinde og Ueland heldt paa Innstellingi; men Fleirtalet gjekk yver til Kr. 5000. Det vart gjevet mot 20 Røyster.