Um Sopp.
Ute
i Skog og Mark finst det mange Slag matnyttige Vokstrar, som me burde
sjaa til aa nytta meir, enn me no gjer. Ofte kann det vera knapt for
Mat, og naar ein daa veit aa nytta det, som er tilgjengelegt for kvar
og ein ute i Naturen, kann ein hjelpe seg langt. I andre Land i
Evropa kann Folk
meir med aa greie seg paa den Maaten. Me innfører no fraa Utlandet
mangt, som me kunne faa likso godt og mykje billegare her, um ein
berre hadde Skyn og Tiltak til aa gaa iveg med det. Me hev baade
Matvokstrar og Lækjevokstrar og mange Slag andre. Kvar upplyst Mann
umkring i Bygderne skulde taka paa seg aa læra Folk slikt og soleis
hjelpa dei til aa auka sine Inntekter, sosom den namngjetne
Harangpresten Nils Hertzberg gjorde i si Tid. Han var den fyrste som
gav seg til aa dyrke Jordeple her i Landet og no dyrker me kvart Aar
mange Millionar Tunnur.
Det
finst ei Mengd med Sopp i Skogarne vaare. Sopp er lite vyrd og lite
brukt her i Landet. Folk hev ingi Tru paa, at det er Matmun i Soppen.
Ellest er det ogso mangein laak Fordom mot Sopp, og det kjem seg vel
avdi, at det er sume Slag Sopp som er giftige. Dette er dumt, for
Soppen kann bli til
overlag stor Nytte og Hjelp for Folk paa Landsbygdi. I flestalle
Landi i Evropa og store Delar av Asia et dei Sopp, og mange Stader
kann dei ikkje hjelpa seg den forutan.
Mange
hev au god Inntekt av aa sanka Sopp og selja i Byarne. Baade
Vælstandsfolk og kanskje iser fatige Folk kann hava stort Gagn av aa
eta Sopp. For Sopparne inneheld nettupp slik Næring, som Fatigfolk
ellest saknar, fordi
ho vert for dyr. Sopparne er rike paa det, som Kemikaranne kallar
Kvælstoff
og soleis kjem dei nær aat Kjøt, Egg og andre nærande matslag.
For
at Folk skal kunna hava noko Gagn av Soppen, so lyt ein læra kor ein
skal finna dei, korleis dei ser ut, korleis ein skal skilja dei
Soppar, som er etande fraa dei giftige, korleis ein skal sanka dei og
laga dei til, so det vert god, kraftig Kost.
Paa
Alb. Cammermeyers Forlag hev det no utkomi ei god Soppbok, som eg vil
raada kvar og ein til aa kjøpa, som vil freista med aa bruka Sopp:
Spiselig
Sop, af O. Johan Olsen.
Pris 0.40, indb. 0.50. Sama Forfattaren hev au utgjevi fargetrykte
Teikningar, som er gode aa hava attaat. Pris 3.40.
Forfattaren
nemner i Boki dei fleste Soppslag, utgreider um korleis ein skal
finna dei og skilja dei fraa dei Giftige. Atti Soppboki er det ei
Kokebok, som lærar ein aa laga Soppen til paa beste og billigaste
Maaten. Boki er lettskrivi og grei og gjev god Rettleiding i alle
Maatar. Eg hev berre det aa segja paa ho, at Forfattaren ikkje hev
brukt Norske Namn paa dei Soppar, som me hev Namn paa utyver
Bygderne. Boki hadde daa kanskje vori meir lettskynande for mangein
bonde.
Sjur.
Publisert