Tidender.

 
Kristiania, den 12te Juni.

Danmark. Grunnlvosdagen 5te Juni vart høgtidad yver heile Landet, baade av Høgre og Vinstre. Baade Partarne ropte Leve Grunnloven! og baade Høgre og Vinstre hadde Von um aa sigra. Tidi fær visa, kven som vert sannspaadd av dei.


England. For nokre Dagar sidan var Inntektsbudgettet framme i Tinget, og Styringi hadde sagt, at ho vilde gaa av, dersom ho inkje fekk Tinget med seg i den Saki. Likevæl vart Inntektsbudgettet forkastat med 264 mot 252 Røyster. Dei trur no, at Styringi vil søkja Avskil, og at Høgres Førar i Underhuset, Sir Stafford Northcote vil skipa den nye Regjeringi; Høgres Førar i Yverhuset, Lord Salisbury skulde daa verta Utanriksministar. Høgreføraranne hev sagt seg viljuge til aa skipa den nye Styringi, dersom Dronningi bed dei um det. Ellest vonar dei frilynde, at dei skal koma mannsterkare att etter vali, og dersom det vert sant, so vert det inkje lengje Høgre fær Lov aa styra England denne Gongen.


Frankrike. Listevalsloven, som Gambetta arbeidde for, men som han inkje fekk fram fyrr han døydde, er no vedteken.

Det var nokre, som vilde hava Tinget til aa setja Ministeriet Ferry under Tiltale for den Maaten, det hadde ført Krigen i Tonkin; men Framlegget um det vart forkastat av Tinget.