Fraa Ordskiftet um Maalsaki i Stortinget den 29/4 1885.

 
(Framh. fraa fyrre No.).
 
(Del 7 av 7. Fyrste delen.
Melvær: (Slutt). Den Forkvakling torer eg tala litet Grand um. Eg heve kjennt henne sjølv, og eg heve set kva andre og heve fenget kjenna av henne. So var Maalet ”laget”! Det var ogso ein Grunn til, at Lærararne inkje maatte faa Smak paa det. Ja med ”lagat” meinest vel skrivet. Men eg undrast, korleids andre Skriftmaal i Verdi er vortne til? Eg veit no altfor litet um det. Men eg tenkjer, at einkvan fyrst heve byrjat med aa skriva deim ogso, og hadde ein viljat bida, til dei hadde gjort seg sjølve paa ein annan Maate, hadde ein vel fenget ventat lenge. Det kann vera bra nok aa hava den store og sterke Kjærleik til ”Dialekterne”, som det ogso heve voret Tale um her i Salen; men for meg ser det so ut, at naar ikkje Folk skal faa Lov til aa læra aa kjenna det ”ældste og ædleste” av deim ein Gong, so ynskjer ein vel helst, at desse ”Dialekter” skal syngja sin Svanesang snarast mogeleg og so døy. Der er ein Ting til likevæl! Det vil ”virka Forvirring”, naar Austlandet kjem med, ein ”forfærdelig Forvirring” var det sagt igaar. Men eg maa spyrja: Er inkje Austlandet med? Kann ein klaga yver, at Austlandet inkje heve voret med, naar ein veit, at dei fleste Tingarar, det norske Samlag heve, verkeleg er paa Austlandet, og ein veit, at Fedraheimen heve sine fleste Tingarar paa Austlandet, og at FedraheimensRedaktør er ein Austlending? Kann ein so klaga yver, at inkje Austlandet heve voret med? Kjøper daa desse Austlendingar slike bøker, som dei slett inkje skynar elder kann lesa? Nei det trur eg inkje noko paa. Det heve tvert imot synt seg, at Aasens Maalform heve ei merkjeleg samlande Magt. Eg skal her inkje ”gaa i Detail”, som dei kallar det, men eg skal berre peika paa det Faktum, at her er Folk fraa alle Landsens Kantar’ no, som heve skrivet dette Maal og det til dels meistarlegt. Forfattaren av Salmarne er fraa Nordland, og eg tenkjer, det vantar inkje paa, at han heve kunnat greida maalet. FedraheimensRedaktør for nokre Aar sidan var fraa ei sunnanfjellsk Bygd; han, som no styrer Bladet, er fraa ei Austlandsbygd; men eg vaagar meg til aa segja, det er Aasens Maalform, som hev voret brukt og brukast i det Bladet. Det var med eit ”Citat” av Professor Storm, det igaar skulde fastslaa-ast, at her var slik ”Forvirring”, naar Austlandet kom med. Aasens Maal skulde inkje hysa dei austlendske Dialekter! Men Professor Storm førde ”Beviser” for sin Paastand han, som ein Vitenskapsmann alltid gjer naturlegvis. Han sagde: Hvorledes kunde man faa Østlændingen til at sige det vestlandske ”Boki”? Det meinte han var umogelegt, her som Folk sagde ”Boka”. Ja, men det Dansk-norsken hadde aa bjoda, det var eit reint nytt Ord, det var ”Bogen” og eg vonar, at kvart vakset Menneske vil skyna, at Skilnaden er større paa ”Bogen” og ”Boka” enn paa ”Boki” og ”Boka”, og eg trur ogso, at eg i fleires Namn kann segja, at um Austlendingarne skulde stikka seg paa denne ”i”en, so er der inkje noko faarlegt i Vegen for aa bruka ”a”. Han nemnde eit Døme til, som var reint merkjelegt. Han nemnde Ordet ”ei Vika”, som me segjer paa Vestlandet, men som heve ei onnor Form, ein annan ”Endelse”, so gjelder det same for dette som for det andre Ordet, eg nemnde, at naar ein skal setja Dansk-norsken upp imot, maa ein taka eit annat Ord: ”Ugen”. Dei Prov, Professoren drog fram, dei var soleis, at dei styttar den Meining, som alt heve vist seg praktisk: at Austlendingen baade skynar og kjennest ved Maalet, og vert glad i det. Her var og igaar sagt, at ”her var neppe to Bøger, som var ens skrevne”. Hadde dette voret sagt av ein uuplyst Mann, skulde det inkje hava undrat meg, men daa det kom fraa Professoren, daa kvakk eg, det stend eg til. Professoren veit daa vist, at minst tvo Bøker er ”skrevne ens”. Den Bok av Bibelen, som fyrst kom ut paa Landsmaalet, eg trur det var Romerbrevet, og som var gjenomsedd av ”Kirkedepartementet” elder korleis det no var lagat, den heve Professoren gjenomleset. Det heve eg set i Boki, og eg trur ogso, han heve leset dei norske Salmar, eg heve nemnt eit Par Gonger her, og skal der finnast slik Skilnad paa Skrivemaaten i desse tvo Bøker, for inkje aa nemna fleire, at det kann gjeva nokon Rett til aa segja, at der ”neppe gives to Bøger, som er ens skrevne”, daa skal der stor Lærdom til aa verta det var. ”Enfoldige” Folk kan inkje sjaa det. Det kann eg trygt segja. Faktum er, at det norske Samlag, sidan det i 1868 vart skipat, heve gjevet ut mange Bøker, og dei fleste av desse er skrivne i Aasens Maalform. Eg meinar difyr, det er ”Overdrivelse”, naar ein tek so hardt i, at ein segjer, ”der neppe gives to Bøger som er ens skrivne”. Saa var det, at kvar Maalmann skriv sitt Maal paa sin Maate so reint ulikt alle andre. Det vaagar eg aa segja er ein Paastand, som nok kann førast, men som det inkje skal verta lett aa prova Sanningi av. Vilde me fraa vaar Sida bitala med same Mynt, kunde me segja: daa me finn Skilnad i Skrivemaaten hjaa Bjørnson, Ibsen, Kjelland og andre, so skriv inkje desse det same Maal. Men um me vilde spyrja, kva er det dansk-norske Maal, er det det, som Bjørnson skriv, elder Ibsens elder Kjellands o. s. v., so tenkjer eg dei vil snu seg fraa oss med Vanvyrdnad. Det er det same Maal, vilde dei segja, um dei inkje tok noko hardare til Ords. Eg skal berre peika paa ein einaste Ting. Naar Bjørnson skriv ”Vet” og Kjelland skriv ”Ved”, so er det ein Skilnad, som, um ein vilde taka det so snusfornuftigt, som vistnok Professor Bugge heve gjort, naar han segjer, at ”neppe to Bøger er skrevne ens” paa Landsmaalet, maa giva oss Rett til aa segja, at i Dansk-norsk er helder inkje tvo Bøker ”skrevne ens”. Men det vil eg inkje gjera. Eg skal segja ein Ting til um dette, fyrr eg sluttar _ det skal inkje verta lang Hefta _ ein Ting, som syner, korleis det stend til med den Paastand, at ein Austlending inkje skynar Aasens Landsmaal. Redaktøren for eit av vaare Dagblad heve fortalt mig, at i den Tid, han styrde Bladet ”Svein Urædd”, skreiv ein Mann fraa Romedal paa ”Hedemarken” ofte Brevsendingar til det Bladet. Han skreiv paa Bygdarmaalet sitt, og der segjer Folk ”Ben” og ”Sten”; men endaa kunde desse Brevi hans umsetjast paa det Aasenske Normalmaal i same Manuskript. Større Skilnad er der inkje paa Austlendsk og Landsmaalet. Fyrr eg sluttar vil eg segja, at naar me no tenkjer paa aa giva desse Pengar til Upplæring av Lærarar i Landsmaal, so er det, fordi mange Lærarar kring Landet heve ynskt aa faa den Hjelp, som her er tenkt paa. For det er sikkert, at det av Lærararne no meir og meir kjennest som ei tung Tenesta den dei heve aa gjera ved dette Avnorskningsarbeidet. 
Det kjennest av mange som ei ægyptisk Jordemortenesta mot norske Maal.

 

(Meir.)

 

Frå Fedraheimen 13.06.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum