[Tidender.] Fraa Ordskiftet um Diktarløn aat Kjelland.
Præsidenten,
Steen,
minte um, at det ar tvo Spursmaal, som her var framme, fyrst um
Diktarløner i det heile, og so og Skadebot for det Tapet, som
Diktaranne vaare hev, ved det at Utlendingen set um Bøkerne, utan at
dei betalar noko for det. Han sette fram Forslag um, at
1. Regjeringi
skulde um mogeleg faa istand eit Framlegg um bokleg Eigedomsrett til
næste Storting.
2. For
1885
_86
skal det gjevast Kielland Kr. 1600 for det Tapet, som han hev havt
for det at me ikkje hev nokor Semje med Utlendingen.
H.
Bentsen
tok upp Forslaget um Kr. 1600 som aarleg Løn aat Kielland. Han
klagad seg yver, at han stod so aaleine i Komiteen med denne Saki,
men sameleis hadde ei slik Sak stadet i Komiteen for 22 Aar sidan,
daa det var framme um fyrste Diktarløni, aat Bjørnson, og likevæl
gjekk Saki. Han trudde, at Grunnarne imot Diktarløner i det heile,
var avsanna for lenge sidan. I andre land gjev dei mykje meir enn me,
i Danmark soleis i alt Kr. 89,000. Ogso i Sverik gjev dei meir enn
her. Han minte um, kor gjæve Menn Skaldarne er, ein hev dei meir aa
takka for Utviklingi og Fridomen enn juridiske Pergament. Soleis var
det i gamle Dagar, at Skalden sad paa Folkets Skjød, Kongens
Purpur om ham flød; men no vilde ikkje Folk unna dei so mykje som
nokre Skulmeistarløner.
_
Kiellands Namn var so kjent og vyrdt no vide Leite, at der aldri
turvtest tala um det. Men so stod det i Innstellingi, at han skulde
arbeida imot Kristendom og Moral, han kunne snaudt tru, at heile
Fleirtalet var med paa dette; etter hans Meining var Kielland ein god
Moralist, og han hadde aldri set noko fraa honom mot Kristendomen.
Der kann gjerast Urett baade fraa ein Minoritet og ein Majoritet, men
verst er det, naar det er Majoriteten, som gjer det. Kristendomen
hevdar Kjærleik og
Rettferd
imot alle. Det er underlegt, at dei same Folk avvisar vaare Diktarar
og talar um Fritenkjing, dei som sjølv held so paa, at Ungdomen skal
lesa gamle Heidingbøker i Skulen.
_
Johansenvilde
fylgja Mindretalet, han trudde, at denne Saki ikkje hadde noko med
Religionen aa gjera.
_
Thomesen
meinte, at kvar, som las Kielland med Vit, vilde kjenna ei Uppmaning
til Kjærleik og Samliding, og det tenkte Talaren maatte vera god
kristeleg Moral. Og sjølv um Kielland ikkje var rett-truande, so
skulde me ikkje negta honom Rettferd difor, han fortente stor Takk,
med di at han refsad Synderne i Samfundet.
_
Liljedahl.
Denne Saki hadde vakset som Snjoballen, ja
Dagbl. hadde
sett ho jamsides med 9de Juni-avgjerdi og andre Storsaker. Det hadde
gjenget eit Komandomaal til Tingmennerne i sume Vinstreblad, dei
hadde peikad paa so vænt, korleis Tingmennerne skulde fara aat. Det
skulde vera Urettferd og Trælesind og religiøs Forfylgjing, som
vilde skjemma Tinget, um dei negtad denne Diktarløni. Dei var dei
same Bladi, som hadde talat so um Frisinnet aat Bonden, men no vart
dei kallad for trællynde, straks dei hadde ei serskild Meining. Men
han trudde, at det gjekk an aa hava baade Frisinn og Tolsemd, um ein
var imot her.
Um
Saki sjølv vilde han so segja, at han agtad Diktaranne høgt, dei
skulde vera Fyregangsmenn i Folket, og manna det upp til alt, som er
sant og godt; med eit stødugt Feste i Fyrrtid og Notid skulde dei
rissa Framtidi upp for oss. Diktarkallet var stort, og ein god Diktar
vilde ikkje lida Naud i Folket vaart no.
So
var det dette, at me ikkje kunne verja um Eigedomsretten aat
Diktaranne vaare i Utlandet. Men no var me paa gode Vegjer til aa faa
ein sovoren Skipnad, som kunne tryggja dette, so at det heretter
ikkje skulde trengjast um aa gjeva Diktarløner for den Sak Skuld.
Men likevæl kunne han ikkje vera med paa Diktarløn aat Kielland. I
Diktingi hans var det lite av Kjærleik og Tolsemd, og det som kunne
sona, men mest av Haad og Spott. Lyte saag han allstad, og drog det
fram, der han saag det. Det var væl alltid so, at her er mykje usant
og rotet i Samfundet vaart, og Kielland maatte gjerne spotta dette so
mykje som han lystad, men daa skulde han ikkje gjera det paa ein
sodan Maate, at han braut ned det, som var den beste Eignaluten vaar,
Kristentrui
og
Kristenmoralen.
Kielland var ikkje fri for dette, det var Gift i Bøkerne hans. Som
eit Døme paa Kiellands Idealar nemnde han Fru Wenche i
Gift,
ho som var Kone, men likevæl hadde Kjærleik til ein annan og so
drap seg sjølv tilslutt. Og um Kiellands Høve til Kristendomen
nemnde han eit Stelle av
Fortuna,
der det heiter um Prof. Løvdahl, at han vidste, at i denne Tid og
i dette Samfund, hvor Kristendom faktisk ikke
er til
_
_
hvor
al Kraft er rettet mod at holde Aabenhjertigheden nede, at ikke dette
uhyre Spilfægteri med, at de ere kristne alle
_
at ikke dette skal springe derved, at en faar Mod til at bryde ud,
til ærligt at sige: jeg spiller ikke længer med
_
han vidste, at i dette Samfund er Hykleriet Livsmagten.
Dette
var ikkje noko beintfram Aatak paa Kristendomen, men han vart sett
fram berre som noko Narreverk. Soleis naar det var sagt um Prosten
Sparre, at han, likeso godt som kvar annan Prest elder Lærar, viste,
at Gutarne og Gjenturne ikkje forstod det Guds skabende Gran af
Pontoppidans Forklaring. Dette var eit grunnlaust Aatak paa alle
Prestar og Skulemeistrar i Landet. Det stod jamvæl i
V.
G.
,
at K. maaske havde gjort selve Kristendommen ansvarlig, og eit
anna Vinstrebald hadde sagt, at K.
hevdad
ein annan Moral enn den gamle
.
Talaren trudde, at ein kunne arbeida for Moralen og endaa gnaga
paa Moralens Rot. Han skulde ikkje negta, at det fanst mykje godt
hjaa K., men det er helst berre Glimtar, og det var som um K. meinte,
at alt som vedkom Trui ikkje høvde
rett aat vaar Tid. K. vilde berre riva ned, men gjera det løynt.
Kristendom og Barnetru er den beste Magti i Folket vaart, han vilde
ikkje at Stortinget skulde setja sitt Stempel paa ein sodan Mann. Og
det var ikkje aa setja nokon Premi for Hyklarar og Hamkristne elder
noko Urettferd og Stengjing for Mannen, um ein negtad Diktarløni.
Tinget hadde berre aa spyrja, um det var fullt Vederlag aa faa for
Pengarne, det var ikkje berre Sjeniet Staten skulde løna, men det
Gagn som Staten fekk av Sjeniet. Bjørnson var anna Slag Mann; fyrst
hadde han skrivet so mange gode Bøker, og so var han so endefram og
ærleg i Fritenkjarskapen sin, so han ikkje var so faarleg.
_
So var det skræmt med Upproparkristendom, at me var rædd den,
men til det vilde han segja, at det var
ille um all Kristendom skulde verta kallad for Upproparkristendom.
_
So var det peikat paa det, at Vinstre her kom til aa hjelpa Høgre,
men det var det same, naar Høgre vilde vera med paa og verja
Kristendomen, so skulde dei hava Takk. Helder ikkje var det for
Veljaranne sine, at han røystad, som han gjorde.
_
Lundvar
einig i det, at dette var ei stor Sak, som væl var Aalvorsord verd.
Han vilde minna um det gamle Ordet, at den som elskar sitt Barn,
tuktar det tidleg og Kielland elskar Folket sitt. Han riv ikkje
berre ned, han var ogso med paa aa byggja upp. Han talad varmt for aa
gjeva K. Diktarløni.
_
Blekastadvilde
ogso vera med, her galt det berre eit Rettferdskrav, det var ikkje
nokon Tale um Kristendomen.
_
(Slutt
i næste No.)
60
Mann røystad imot Diktarløni aat Kielland: Høgre + Frilseth,
Furulund, Tonning, Liljedahl, Folkehøgskulest. Dahl, Skaar, Smitt,
Sønju, Moe, Hektoen, Holmesland, Rejerson, Olsen, Jaabæk, Lindstøl,
Lilleholt, S. Nielsen, Andersen, Aarflot, O. Nielsen, Lien, Huser,
Steen, Oftedal, Ueland, Eskeland, Kolbenstvedt, Berge, Wennberg,
Drevland, Iversen, Melhus.
49
røystad for: Berner, Kaxrud, Dieseth Krog, Sparre, Gade, Lund,
Blehr, Melvær, Juel, Saakvitne, Konow, Helleland, H. Bentsen, Rinde,
Thomesen, Sveinsson, Leer, Sørum, Egge, Hvamstad, Ødegaard, Blilie,
Blekastad, Mustad, Johansen, Jullum, Jacobsen, Mortensen, Glestad,
Hjelmstad, Lange, Arctander, Fløystad, Havig, Holm, Mehus, Oalfsen,
Bjering, W. S. Dahl, Hjorth, Sørensen, Øverland, Fosse, Qvam, L. M.
Bentsen, Foosnæs, Sæther, Reitan.
Burte
vare: Roll, Sakf. Rynning, Hansen, Liestøl, Wexelsen.
Framlegget
aat Steen um, at dei skulde beda Regjeringi um aa sjaa til aa faa
istand ei Ordning med den boklege Eigedomsretten vart vedteket mot 30
Mann.
Framlegget
aat
Steenum,
at Kielland skulde beda Regjeringi um aa sjaa til aa faa istand ei
Ordning med den boklege Eigedomsretten vart vedteket mot 39 Mann.
Framlegget
aat Steen um, at Kielland skulde faa Kr. 1600 i Aaret 1885
_86
som Godtgjering for Tap hadde 53 for, 56 imot seg. Dei 4 fleire som
var med her enn paa fast Diktarløn var:
Frilseth,
S. Nielsen, Lien og Steen.
Publisert