[Tidender.] Diktarløni aat Kjelland


(Del 1 av 2.)

vart ikkje samtykt av Stortinget. Me for vaar Del hadde helst ynskt, at Tinget hadde gjevet honom desse Pengarne, endaa me trur inkje, at det er dei dansk-norske Diktaranne vaare, som skulde vera dei fyrste til aa hjelpast fram no lenger. Og me trur ikkje at denne Avvisingi no hev so mykje paa seg endaa, dentid det er ein Lov um bokleg Eigedomsrett i Gjerdom. For me held den Maaten aa stella det paa for mykje betre enn alle desse Diktarlønerne aat dei, som skal vera noko framifraa til aa skriva. Liljedahl sagde det, at var det ein Diktar, som var noko til Mann, so vilde han verta lesen so mykje utvyer Landet, at han fekk god nok Løn ved det som kom inn for Bøkerne hans. Me trur ikkje endeleg, at dette er fullsannt i eit Land som vaart, som hev svelt ut slik ein Mann som Vinje. Men likevæl ligg det noko i det. Det er sume av Diktaranne, som hev det paa den Maaten, at dei kann verta overlag folkekjære i sitt eiget Land, utan at Utlendingen aa kalla veit um dei, og daa langt minder tenkjer paa aa setja um 
Skrifterne deira paa sine Maal, og det kann vera andre, som fyrst fær Gjævleiken sin i Utlandet og millom Bokdomarar, og som seint kann faa Fotfeste i Heimlandet sitt og trengja gjenom til aa verta Kvarmanns Lesnad. Men ein kann ikkje endeleg mæla ein Diktars Verde etter den Avsetning som Bøkerne hans fær uppe i Bygderne, daa det er mange av dei Slag Menn, som set seg so upp imot all vanleg Tenkjemaate, og bryt nye Vegjer, som berre faa kann fylgja.

Men lat det verta so, at dei Europæiske Diktaranne vaare kann faa Lovhjelp til aa faa Bokløner ogso fraa Utlandet, og lat Folket elles faa det i seg, at dei hev eit moralskt Andsvar til aa stydja dei Diktarar, som dei serskilt likar, so kann Staten lata det vera nok, naar han hjelper iveg emnefulle Ungdomar, som endaa ikkje hev fenget seg nokor fast Stelling i Bok-heimen og elles styd til berre der, som det av ein elder annan Grunn er nauvt for Utkoma, endaa um Karen kann vera dugande.

Me trur at um ei Ordning med Utlandi kom istand, so vilde det verta til stor Bate for den nasjonale Bokheimen i det heile, det vilde verta til Bate i Pengevegen jamvæl for dei Bokskrivarar, som aldri fær sett um ei einaste Bok paa eit utlendskt Maal. For daa vilde det verta so dyrt for oss aa faa umsett ei utlendsk Bok, at det vart som ein Innførselstoll paa den Vara til stor Hjelp for vaare heimlege Forfattarar i Tevlingi elder Konkuransen. Dei vilde manna seg meir upp til aa gjeva ut sjølvstendige Verk um ymse Ting, imot no, daa dei tykkjer det mest er raalaust, all den Tid her finst so mange billige umsette Bøker um dei Emni, han kunne vilja skriva um.

Det er faae Ting, som meir kann øyda Sansen for god Lesnad millom Folk enn heile denne 
Svarmen av umsette Bøker, der sedlause Romanar ikkje er den minste Delen. Ei fullgod bok, allvist daa Diktarverk; kann ikkje væl setjast um paa eit anna Maal, det er som du tek Daamen fraa henne; det er berre dei daarlege Bøker, som er so sviplause, at det mest kvitter eit, kva Maal dei vert umsette paa. Skal ei god Bok paa eit framandt Maal verta oss til rett Gagn, so maa ein anten lesa ho paa det Maalet, som ho er skrivi, elder so maa ho umarbeidast reint etter vaare Høve av ein Kunstnar elder Fagmann, so det vert aa kalla ei ny Bok, elder so me kann faa Tak i Innhaldet som ho ber fram ved det, at vaare eigne Bokmenn umhandlar det same Emnet i sjølvstendige Bokverk paa vaart eiget Maal.

Baade Bokskrivarar og Folket i det heile vil soleis vera betre tent med, at det kjem ein fast bokleg Eigedomslov Landi millom mot aa hava Diktarløner, som det skal prutast i dagevis um.

Ser ein soleis til Saki i seg sjølv, so vil ein finna, at Regjeringi no hev eit endaa sterkare Press paa seg til aa faa ei fast Ordning istand, sidan at Stortinget negtad Diktarløn aat ein Mann som Alexander Kielland.
Men ser me til dei Umstødur og dei Grunnar, som studde under denne Avgjerdsla, so er me ikkje plent nøgde.

Den Tankegang, som Avslagsmennerne hadde, var den, at med Diktarar hev Staten aa sjaa etter det same som ved alt anna, som Stortinget gjev Pengar til. Er det ein Bokskrivar, som me likar Bøkerne til framifraa godt, so gjev me honom gjerne ei Nasjonalbelønning. Men er det ein, som me ikkje likar heilt igjenom, so fær det ikkje helpa kor stort Sjeni det er, anten han liver godt elder ille, det kjem ikkje oss ved, me hev inge Plikter imot honom.

Det er ei Sjølvstendig og ein Suverænitet i dette, at dei kann sjaa burt ifraa all Dom av Autoritetarne i slik ei Sak, som alle tenkte at heile Vinstre skulde slutta seg um, og døma berre etter sitt eiget Tykkje. Det er den Læra, at Fleirtalsstyret skal raada heilt ut, ikkje berre, naar det gjeld Lovar og vanlege Pengeutlegg, men ogso naar det gjeldst um Kravet um Pengestudnad til den aandelege Framvosktren i Landet.
 
Me trur likevæl, at det ikkje er anten høvelegt elder gagnlegt aa lata Fleirtalsstyret faa so vidt velde. Me held det for, at naar det gjeld slike Ting, so bør ein ikkje sjaa paa si personlege Meining, men naar ein som Oftedal vil vera med paa Diktarløner i det heile, so burde ein ikkje gjera nokon Skilnad, men gjeva likt til alle, som stend i same Stelling, daa Staten i seg sjølv ikkje set noko Krav um, at Folk skal tenkja so elder so, elder at Diktaranne skal skriva paa den elder den Maaten, men han er best tent med, at alle Synsmaatar kann koma fram, at der kann verta fritt Ordskifte fraa alle Sidur, so Sanningi dermed kann vinna fram med sine eigne Midlar, og difor er han tent med, at alle dei, som kann gjeva sitt med til aa føra Aandslivet fram, faa Folk til aa tenkja, faa dei til aa glødast upp for det gode og argast yver det skakke og skeive _ alle slike vil han unna ei Stelling, so at dei kann sleppa til aa vera fullt med i Arbeidet og bruka sine Gaavur paa den Maaten, som dei sjølve finn dei kann gjera det best.

Endaa um ein finn, at ein Diktar hev ei onnor religiøs Grunnsyn enn ein sjølv, tykkjer me at Hensynet til Statens Krav um like Vilkaar for alle skulde vega mest, naar det daa, soleis som ved Kielland, ikkje kann segjast, at det er sjølve Kristentrui og Moralen, som han hev sett seg til Maal aa øydeleggja med sitt Forfattararbeid.

Ved Motstandet mot Kielland skal me ellest merkja, at det gjekk utanum Saki, som her i 
Grunnen berre galt Godtgjering for Tap. Me hadde sikkert venta, at Framlegget hans Steen hadde fenget Fleirtalet med seg. 
 
( Meir.