[Lysingar.]
Dei
som skuldar Bladpengar anten for dette Halvaaret elder fraa fyrr, maa
senda dei inn fyrr
den
siste Juni, for seinare gjeng dei ikkje fritt i Posten.
Lysingar.
Landsmaalskursus
paa Hylla
ved
Namsos i Namdalen byrjar tysdag 1ste septbr. og varer til onsdag 30te
septebr.
Fri
undervisning
(lesning, maallæra, rettskrivning, fyredrag o. m.) fyr
lærarar,
lærarinnor
og
seminaristar.
Kvar deiltakar fær eit statstilskot av 40
_
fyrti
_
krunor. Der er rom fyr 20. Innmeldingar med vedlagd søknad um
statstilskotet byr innan 10de juli verta sende til underskrivne.
Søknaden
maa vera
stilad
til nordre Trondhjems Amtsskolekommission.
Namsos
den 27de mai 1885.
(D.
31963).
Marius
Hægstad
.
Lærarskule
paa Vonheim
fraa
1ste juli til 30te september. Undervisningi: norsk (6 timar i vika),
oldnorsk (5 tim.), bibelsoga, skulesoga,
heimssoga, noregssoga. Lærarar: Christopher Bruun, Ingvar Bøhn,
Matias Skard, Frits Hansen,
Johannes Skar; Olav Aasmundstad fortel islandske sogor. Hus og kost
paa skulen kr. 28 fyre maanaden; er ogso aa faa leigt utanum Skulen.
Daa det offentlege skyt pengar til, fær
alle
lærarar og lærarinnor undervisningi fritt
,
og nokre av deim kann faa nokor
hjelp
til upphaldet
_
helst dei som er her heile tidi. Fyre deira skuld, som ikkje kann
vera so lenge, legg me undervisningi soleides, at dei ogso kann faa
nokot samlat, dei som berre kann vera her den fyrste helvti (til det
nordiske skolemøde).
Andre
enn skulefolk
kann ogso vera med; fyre deim er skulepengarne kr. 8 um maanaden.
Søknad um pengehjelp maa (med dei vitnesbrev som trengst) vera her
seinast den 7de juni. Dei som vil vissa seg kost paa skulen, maa
skriva seg inn og tinga paa snart.
Vonheim
um Lillehamar.
Matias
Skard.
Husmanden,
Blad
for Husmenn og Tenarar paa Landet kjem ut paa Lillehamar tvo Gongjer
kvar Maanad og
kostar
Kr. 1.25 for Halvaaret.
Publisert