Tidender.


Kristiania, den 5te Juni.
 
Fraa Stortinget . Fyrst i Vika gjorde dei ifraa seg Innstellingi fraa Fullmagtsnemndi um Røysterettsgreidurne fraa fyrre Vali. Dei godkjende Kjenningarne fraa Valstyret i Vest-Toten, Aust-Aker og N. Trondheim, men forkastad Kjenningarne fraa Tjølling, Øyestad, Aust-Agder, Alstadhaug og Budøy. Ved Saki fraa N. Trondheim og Aust-Aker vart det framsett Avviks-Forslag, Innstellingi fraa Fullmagtsnemndi vart forkastad ved Kjenningi um Aust-Aker, det var eit Framelgg fraa Roll, som vann, 21 Mann imot.
 
 
Byskuleloven var framme for Odelstinget Onsdagen. Oftedal gjorde Framlegg um, at Saki skulde setjast ut til eit anna Aar, daa Tidi no var lidi so langt, og Regjeringi hadde ei Nemnd paa Vange, som skulde granska heile Skulestellet, og daa kunne der koma fram mykje, som kunne koma Byskuleloven til Nyttes ogso. _ S. Nielsen vilde og hava Saki utsett, inkje fordi at dei tvo Skulelovarne trengde aa høyra i hop endeleg, men fordi det var so klene Stunder. Imot Utsetjing talad iser Steen; han trudde, at sjølv um dei tok Saki for seg no, kunne dei gjera fraa seg til 20de Juni, men ellest vilde det verta utsett ei 4 _5 Aar. Um no denne Byskuleloven vart vedteken, so vilde det ikkje vera noko bindande for Arbeidet aat den nye Skulenemndi. Wexelsen hevdad, at Saki no var so væl fyrebudd, at dei kunne greida henne paa ei stutt Tid. Statsraad Blixog Statsministarenvar ogso likesæle, um Saki vart utsett. Utsetjingsforslaget gjekk igjenom, 53 mot 27. Dei 27 var: Berner, Kaxrud, Dieseth, Sparre, Lund, Melvær, Saakvitne, Konow, Helleland, Rinde, Sveinsson, Sørum, Hvamstad, Blekastad, Ødegaard, Glestand, Motzfeldt, Horgen, Liestøl, Mehus, Olafsen, W. S. Dahl, Sørensen, Steen, Øverland, Wexelsen, Foosnæs og Sæter.
 
 
Herloven gjekk fort igjenom Lagtinget. No er Loven send til Regjeringi.
 
 
Løn aat tvo nye Embættsmenn i Justitsdpt. vart gjevet samrøystes av Stortinget.
 
 
Bakarloven gjorde Lagtinget nokre Brigde ved, so at han vart send attende aat Odelstinget.
 
 
Lovframlegget hans L. Smitt um aa knipa inn Gresken paa Skularne vart send aat Regjeringi.
 
 
Søknaden fraa Kand. E. Bruhjell var framme i Stortinget i dag; han vart ikkje vedteken. 60 Mann røystad imot.
 
 
Setja ut elder senda aat Regjeringi det gjer dei med mest all Ting no i Tinget. At dei kunne setja ut med Byskuleloven, var no det merkjelegste. Det er snart 20 Aar sidan no, at dei tok til med honom, og endaa er han ikkje ferdug. I Kyrkjenemndi hadde dei granska honom so væl som det var Raad og jamna burt dei fleste Avvik i Meiningar _ spilt Arbeid. Tinget er so godt kjent med den Loven no, at dei kunne hava greidt honom utruleg fort. For i slike Saker, som hev voret framme so mange Gong fyrr, og der Stemningi er viss paa baade Sidur, der trengst det sanneleg ikkje um aa trættast og motleggjast den eine Dagen etter den andre; det er nok, naar Grunnarne for og imot vert nemnde stutt og greidt. Men for eit Ting etter nyt Val vil Saki aa kalla vera som ny, og mykje meir Tid vil trengjast. Ellest veit ein ikkje kor lenge Saki no maa drygja, skal ho venta paa, at den nye Skulenemndi skal gjera fraa seg med Skulen paa Landet, kann det alltid ganga nokre Aar. Og ein skuldar Byskulelæraranne aa gjeva dei denne Loven, som dei so saart saknar og som dei hev ventat paa i so mange Aar.


Dei  unasjonale. I Høgremøtet paa Mysen hadde dei heist 4 norske og 2 svenske Flag. Og Yngvar Nielsen og Skaar og Anker fann det høvelegt baade for sin eigen og Fedralandets Vyrdnad aa halda Talar der. Men ingen Vinstremann vilde taka upp noko Ordskifte, daa dei saag dei svenske Flagi. Og det var rett. Vinstre er komne so langt i Folkeskikk no, at dei veit, kva Flagi skal tolka. Skulde det soleis henda, at Sverike, gjorde oss ei stor Tenest paa ein elder annan Maate, og me so heldt Møte for aa faa istand Takkeadressur elder so, daa vilde me beisa det svenske Flag jamsides det norske til Sveriks Æra. Kom det ein god Ven til oss fraa Sverike, so vilde me og heisa det svenske Flag for aa heidra honom. Men aa heisa svenske Flag paa eit norsk Folkemøte, det er utanum all Folkeskikk, det er reine Raaskapen. Men det skynad inkje Høgrekaksarne paa Mysen, endaa ein væl haade Lov til aa vona, at Menn som Anker og Yngvar Nielsen skulde kunna gjera litet Grand Skil paa Folkeskikk og Uskikk.
 
 
England  og  Rusland. Dei trur no, at Freden er sikrat. Det segjest og no att, at Danskekongen skal døma i sumt av det, dei hev trættat um. Den danske Kongen hev spurt Statsraadet sitt, um han skal taka mot Tilbodet, og dei hev raadt honom til det.

 
Irland. Biskoparne i Irland hev haldet med Parnell, og no, daa Prinsen av Wales var i Irland, gjorde Bisparne inkje det minste for aa fagna honom. Dette likte inkje Paven, og han sende Bod etter dei 2 Erkebisparne og 14 Bispar, som er i Irland. Han vilde læra dei Folkeskikk. Paven var inkje blid. Dei kom til Rom den 21de April, men fyrst 6 Dagar etter fekk 2 av Bisparne Lov til aa tala med Paven. Dei andre laut venta endaa lenger. Paven var gretten for, at Bisparne inkje hadde teket imot Prinsen med Fagning. Ellest skulde Bisparne vera noko drjuge i Ordi sine mot Paven. _Iminsto vert det sagt, at ein av Kardinalarne vart reint maallaus, daa han høyrde, at Folk vaagad seg til aa tala til den heilage Fader soleis som dei irske Bisparne. Paa Slutten gav Bisparne seg; men daa hadde og Paven og Kardinalarne hans arbeidt med dei i 6 Vikur. No er Paven nøgd med dei.

 
Amerikanaranne og Arbeidaranne hans Oluf Onsum. Kristiania Arbeidarsamfund hev fenget
sit Brev fra Pengehandlar Jakob E. Dybwad her i Byen. Brevet lyder so:

De underretttes herved om, at jeg fra Herrer Haugan & Lindgreen, Chicago, har modtaget telegrafisk Ordre til at udbetale Dem for Regning Onsums Arbeidere Kr. 400, hvilket Beløb staar til Deres Disposition mod vedlagte Kvitteringer behørigt undertegnet.


Missjonsskipet Paulus ligg her paa Hamni no. Det er 507 Tons og hev 13 Mann i Teneste. Det skal hava 18 reisande med seg paa Turen til Madagaskar. Skipet er overlag vent bygt.


Retting. I Fedrah. No. 42 stod, at Lindstøltalad for Professorposten aat Helland; skal rettast til det, at han talad imot.