Stortingsvali.

  
(Framhald).

(Del 2 av 9. Fyrste delen.
 
Statsraadssaki og Vetosaki samlad ein Her umkring seg, som var utgjengen fraa alle Vinstreflokkar her finst i Landet, det var ikkje so samfengt eit Parti, som ein skulde tru. Her gjekk det med Folk, som ikkje saag paa anna enn desse Sakerne i seg sjølv, dei fann at det var gode Umbøter og retteleg Sak i seg sjølv. Difor gjekk dei med. Men mange er det endaa, som ikkje kann døma ei Sak etter hennar eiget Verde, men dei segjer: gjev oss noko aa velja imillom, set fram for oss kva Høgre vil og kva Vinstre vil, so skal me fylgja det Partiet, som me likar Programmet aat best. Stordelen av dei gjekk med Vinstre. Mange var det væl ogso, som hadde mindre Greida paa Sak og Program, men saag, at det var so gjæve Menn, som stod i Fyrienden, Menn som dei hadde Tillit til, og som dei kjende med seg sjølve, at dei laut stydja, fyrst og fremst daa Johan Sverdrup og sidan alle Tingmennerne sine, som dei heldt for hadde baade Vitet og Otten og Andsvaret, so dei vilde tryggja Landsens Framtid paa beste Maaten. So var det mange med, som saag meir i Vinstreprogrammet enn desse einskilde Sakerne, Menn som hadde Yversyn paa den historiske Utviklingi, og som dømde kvar Sak etter det Verde det hadde som historiskt Utslag, anten fullførande noko gamalt, elder grunnleggjande elder fyrebuande, noko nytt, Menn som ei liti Sak kunne verta stor for, liksom ein Lekk i heile Bandet, og som ei stor Sak kunne verta liti for, daa ho kunne vera som ei naudsynleg Fylgja, som alt laag i gamle Hendingar. Det var daa dei, som anten arbeidde for ein betre Statsskikk etter dei fremste Lands Fyredøme og som vilde faa ein evropæisk Kultur rotfest her, elder dei som vilde friska upp att det gamle Sjølvstyre fraa Fyrndeheimen og kveikja Nordmannsaanden upp til den gamle Bragjen, som i Statsraadsaki og Vetosaki saag Synsmaatar som var av største Vegt for heile vaar Framtid, og difor gav dei seg inn i Striden med Liv og Sjæl. Den Grunntanken, som nærmast laag i 
Statsraadsaki, var so tam og fredeleg, at han ikkje smakad det Slag av Opposisjon elder Radikalisme; for det var Tanken um Samarbeide millom Statsmagterne , det var soleis noko, som ingen skulde kunna kalla for ei Partisak, dette skulde helst vera ei Sak, som kunne samla alle Sentrumsmenn, alle som vilde gjera Slutt paa Striden og sona all skarp Partistelling. Og me hev ogso i Røyndi set, at Statsraadsaki hev samlat alle politiske Parti kringum seg. I Fyrstningi var det helst Høgre, som dreiv paa med Saki, men dei magtad henne ikkje, so var det Millommennerne, som liksom ikkje vilde binda seg til noko vist Parti, og no sist var det Vinstre, som vart megtugt nok til aa føra Saki fram.

Alle saman gjekk i Grunnen med paa dette Herropet: Samarbeid millom Statsmagterne; men likevæl vart det ikkje eit Samlingsrop for heile Folket; for det vart lagt so ymis Meining inn i det. Den Tid Høgre arbeidde for det, daa var Samarbeidet meint soleis, at det var Folket, som i alle Maatar skulde gjeva seg for Regjeringi, som skulde verta so sterk naar ho kom i Tinget, at alt Bondemotstandet og Opposisjonen laut bogna og verta til inkjes. So var det væl alltid nokre, kanskje, som saag so lite paa Partiet, at dei heldt denne Tanken um Samarbeid for ein stor nok Tanke i seg sjølv, det fekk daa vaaga seg, kven som vart den sterkaste, anten Regjering elder Folket; dei tenkte seg væl, at dei kom til aa jamna seg paa baade Sidur og soleis koma til aa draga likt. Men det var fyrst daa, at Statsraadsaki vart ei heil og full Folkesak, som kunne setja Liv og Rørsle i Landet, daa ho vart ei full Partisak for Vinstre. Daa Vinstre kjende seg so sterke, at dei kunne magta Saki, daa fekk dette Herropet um Samarbeid fyrst sitt fulle Innhald og si rette Tyding, nemleg paa den Maaten, at det skulde vera Folket aaleine, som skal styra baade Regjering og Storting. Det var iser Vetosakerne, som sette denne Liten paa Statsraadssaki og gav Samarbeidstanken den rette Svipen. Daa fyrst hadde Opposisjonen fenget eit greidt positivt Program, eit Program, som ikkje berre gjekk ut paa aa anka og kjæra paa sume Regjerignshandlingar, men som greidt kravde: Burt med heile Minnretalsmagti og Kantorstyringi, og Fleirtalsvelde og Folkestyring i Staden! Statsraadssaki vart ikkje berre til ein ny paragraff i Grunnloven, men heile Grunnloven vart likesom ny, ikkje ny etter hans eigen Tanke, men ny etter den Syni og Fortolkningi som hadde voret brukad paa honom fyrr. Det var heile Forfatningi vaar, som vart som nyskapad. Det var Grunnloven av 1814, som fyrst i 1884 fekk si rette Utformning, soleis at han klaart og greidt gjev Magti til dei som henne skal hava.

Stellingi aat Høgre vart i dei siste Aari aa vera i Opposisjon, daa Vinstre fekk eit greidt Program. Millom Høgre var det daa fyrst dei, som vilde hava Magtfordelingi soleis, at Regjeringi skulde raada, og Stortinget berre straa Sand paa, atnen det daa var so, at dei hadde personlege Interessur, som dei best kunne hevda under eit Mindretalsstyre, elder so at dei hadde sine Grunnsetningar um, at det var gudlaust og til Riksens Øydelegging, um den store Mugen fekk raa, den dei tenkte vilde støyta um all Vyrdnad og Lovskipnad, som høyrer til eit vællagat Samfund. Attaat desse sluttad seg daa den store Flokken, som er rædd alt nytt, fordi han anten er for lat og tykkjelaus elder for veik og merglaus til aa kunna gjeva nye Synsmaatar Rom i sin Hug og i sitt Stell, og berre vil halda seg til det, som var yvergjevet honom av Fedrarne elder som var godkjent av dei, som vart kallad Autoritetar. Folk altso, som ikkje kunne tenkja sjølve, og som ikkje vilde arbeida i Stellingar, som sette nye Krav baade til Samfundet og til kvar Mann.

No sidan det nye hev komet i Stand paa ein sodan Maate, at alle maa sjaa og kjenna det, er dermed det gamle Høgrepartiet sprengt. For aa endra det som er gjort, tenkjer ingen paa meir; dei maa lyda og finna seg i det, so godt dei kann. Naar dei endaa fer og negtar, at Folkeveldet er innført, so er det berre noko dei segjer, til aa løyna Usigeren sin; den Talen vil nok snart tagna. For dei Kjennsgjerningar kann ingen negta, at Statsraadarne er i Tinget, og at det er Johan Sverdrup og Menn som Folket hev korat til Hovdingar, som styrer Regjeringi. Og Høgre visar ogso det i Gjerning, at dei maa godkjenna Fleirtalsveldet, med di at dei set si einaste Von um aa faa Saki si fram til Vali, eller til aa faa Fleirtalet med seg. 
 
( Meir.