Nytt Tilsvar aat Elvromssokningar.


At eg ikkje skuldad Torp anten for Ovundskap elder andre Lyte, tykte eg kunne vera greidt for alle, naar eg nemnde honom som eit høvelegt Tingmannsemne.

Anten det er nordre elder syndre Østerdalen, som raar, kann vera det same for meg; hadde eg vilja anna, hadde eg væl inkje trengt um aa beda syndre Østerdalen um ogso aa faa fram ein Tingmann av sine eigne. Kunne dei faa fram tvo elder fleire, maa dei gjerne det for meg. Meiningi mi var nettupp aa faa dei ytre Bygderne til aa taka likeso mykje Del i Stortingsvalet som dei øvre.

Med Skilnaden min millom Repræsentant og Programmann var det Meiningi, at no er det ikkje lenger noko so skarpt Programm som fyrr, som best viste seg i det, at Landsvinstreforeiningi ikkje sette upp noko anna Fyremaal enn aa halda seg aat Regjeringi, so at no vert det meir Tale um Repræsentantar att enn i dei fyrre Aari.