Fraa Ordskiftet um Maalsaki i Stortinget den 29/4 1885.

 
(Framh. fraa fyrre No.).

(Del 5 av 7. Fyrste delen.)
 
Melvær: Eg minnest, at vaar folkekjære Diktar, Vinje, ein Gong heve skrivet um vaart Fedraland: Som det att sin Fridom fekk, so maa det faa sit Mæle. Igaar var det sagt her, _ og eg trur med full Sanning _ at det er den norske Folkeaand, som heve reist kravet um aa reisa det norske Maal her i Landet, i dag heve me fenget høyra, at denne Saki gjeng fram etter Lovene for Tyngdekraften. Det gleder meg aa hava høyrt dette her. Men med det same vil eg segja, at eg undrar meg myket (eg heve høyrt andre heve undrat seg her i Salen, so eg maa faa undra meg eg og). Naar ein vedgjeng det, at den norske Maalreising gjeng fram etter Lovene for Tyngdekraften, daa tykkjer eg, det er undarlegt _ eg tek upp att det _ at her skal vera slik sterk Sparking imot. Motstanden nyttar so inkje nokot likavæl. Det maa daa vel dei skyna, som vedgjeng, at det gjeng fram etter Lovene for Tyngdekraften. Wergeland heve ein Gong sagt desse ord:

Det er ikke længer Navnet af et norsk Skriftsprog og norsk Literatur, som Nordmændene nu vil vinde; men nu er det Virkeligheden af et selvstændigt Skriftsprog, som fremæsker Norges Aander. Dette maa Tiden af sig selv afføde, førend Aarhundredet nedrødmer. Men segjer han vidare: Vi overlader dog dette ikke til Tiden alene. Vi maa ikke mistvivle om vore Kræfter i en Kamp af saa høi en Moralitet. Og me tvilar helder inkje um vaare Krefter under denne Kamp af saa høi en Moralitet.

Det er denne Kamp som spottvis her i Landet heve voret kallat Maalstræv. Kvar den, som heve fylgt ein Smule med i denne Saki, veit væl det, at her inkje er mange Aar sidan Ordet Maalstrævar fyre sume _ eg skal inkje segja meir _ i dette Land var paa lag det styggaste, dei kunde segja um ein Mann, naar eg undantek det aa kalla honom ein Brotsmann. Men Tiderne har forandret sig, dei heve gledeleg forandrat seg, det er sikkert. No er det inkje lenger ei Skam aa kallast Maalstrævar. Kva var det, som vart kallat Maalstræv, sagde eg? Det var denne 
Kamp for aa reisa det norske maal, det var det, ein spottvis kallad Maalstræv. Men, kven var det, som vart kallat Maalstrævarar ogso paa Spott? Jau, det var dei, Professor Storm segjer so um i sitt Fyredrag igaar, so torde vel eg og gjera det same): de, der vil gaa videst i Norskhed, de egentlige Maalmænd, de, der vil ganske afbryde Forbindelsen med Danmark og den dansk-norske Fællesliteratur, de, der vil have et Sprog, som er rent norsk. Eg skal inkje gaa i Rette med deim, som heve brukt desse Namni Maalstræv og Maalstrævarar som Spott. Det er langt ifraa det, at eg tenkjer paa slikt, og inkje vilde det vera nokon Nytte i det. Men til deim, som heretterdags kunde hava Hug til aa bruka Namnet Maalstrævar paa Spott um oss, som trur, at me no maa gjera det, som etter mi Meining er det einaste rimelege, um me skal faa eit reint norsk Maal, _ leggja dei livande norske Dialekter til Grunn fyre Maalreisingi, vil eg segja: dei heve ingen Rett til det. For dei fær finna seg i aa stræva hine Kararne ogso no. For Tanken er sopass sterkt uppe no, at det nyttar inkje berre aa sjaa fornemt til oss andre. Det er sant, at i den fyrste Tid etter at den dristige Tanke var tenkt: aa reisa det norske Maal igjen, so me inkje trengde um aa skjemmast ved tanken paa vaare gamle Feder, _ det er dessverre sant, at solangt var vaart Fedraland sokket i Trældomens Dagar, at der verkeleg trengdest eit Stræv for aa faa vaart Folk til aa skyna, at der var nokot sant i denne Tanken. No meinar eg, det er komet so langt, at her inkje finst den Mann elder Kvinna i dette Land, som i det heile tenkjer litet Grand ut um Matfatet sitt, som inkje med Aalvora heve tenkt paa denne Sak _ eg vaagar aa segja det _, og naar han elder ho daa etter beste Skyn kjem til aa høyra heime i ein av dei 3 Flokkar, som vaart Folk i denne Sak no er skilt i, anten aa vilja hava ein rein Norsk elder ein Heimedansk, som dei kallar Dansk-norsk, elder eit reint dansk Maal, so maa der Arbeid til. Der maa Stræv til i kva for ein Flokk ein kjem til aa høyra heime. Difor vil eg slaa detfast, at skal ein bruka Namnet Maalstræv her etterdags um dette Arbeidet, so fær alle Nordmenn finna seg i aa vera Strævarar. Men hadde inkje Wergeland Rett i dei Ordi, eg her heve citerat etter honom? Det er inkje berre Namnet, me er nøgde med no, me vil, det skal verta Aalvora av det. Men eg skal segja, at eg for min part inkje vil ganga so fort i denne Sak, at dei Folk, som heve andre Meiningar skal lida nokon Urett. Kjenner me inkje alle noko sorgtungt i Bringa ved aa tenkja paa, at me endaa inkje er komne lengre her i Landet, enn at det Maal, me brukar til Bokmaal i Kyrkja, i Retten, i Skulestova, er reint dansk? Der er nog av deim endaa, som meinar, at det skal no vera so svært ulikt Dansken detta Bokmaalet vaart, som dei kallar det. Men tak ei dansk Grammatik og sjaa etter, korleis Ordi vert bøygde i dansk, og du skal faa sjaa, kor stor Skilnaden er: Er det sant dette _ eg meinar det er det _ at det er sorgtungt for kvar einaste Nordmann aa minnast dette _ han stande paa kva Sida han vil elles _ so er det reint underlegt, tykkjer eg _ eg tek uppatt det endaa ein Gong _ at der skal arbeidast so hardt, som her heve voret gjort imot desse Kursus, som me her heve for oss, at nokon skal vilja røysta imot denne Indstilling, og nettupp fordi _ ja fordi? fordi der skal lesast Landsmaal der; _ og likavæl kjem dei inkje ifraa det, at det, som kallast Landsmaalet, er den beste norske Maalform me endaa eig. Detta er underlegt. Men detta _ eg skal sidan tala litet meir um det _ kann no vel inkje vera faarlegt. Men det er sant, der er ein Fare ved desse Kursus, som merkjeleg nog inkje hev voret nemnd. Eg veit inkje, um eg gjerer nokor Tenesta med det, men eg skal daa kor som er nemna honom. Det er den Faare, at her stend ein stor Flokk konfirmerad Ungdom rundt um i Landet og ventar paa, at Lærararne skal lærast upp til aa skriva dette Maalet, dei unge alt heve fenget so kjært, at, som det igaar var sagt av hr. Liljedahl, dei sit med taarefulle Augo, naar dei syng elder leser paa dette Maal. Der stend ein Flokk, som gjerne vil læra det, so snart dei fær Tilføre til det, og som og vil bruka det i Skrift, so snart ein berre fær Lov til det, liksom dei alt meir og meir heve lært sig til aa tala det. Dette er Faaren for deim, som ottast, at Landsmaalet skal faa nokot Hjelp av desse Kursus. For der gjeng det inkje an aa segja _ i Kjærleikens Namn _ liksom i Barneskulen: De skal faa Lov til aa lesa litet Grand paa dykkar eiget Maal ogso, naar de no fyrst er væl innkøyrde i dansken, men nokot meir fær de inkje Lov til. Her stend vaksne Folk, som heve lært aa elska Maalet, so her er det raadlaust aa segja, at dei inkje skal faa Lov til aa læra aa skriva det. Etter dette kann alle skyna, at det er langt ifraa meg aa neita, at denne Saki er i inderleg godt Samhøve elder Forbindelse, som Dansken segjer, med Maalsaki. Nei me kann vera reint rolege for det, at dersom Maalsaki inkje hadde voret so sterkt uppe, dersom inkje der var byrjat ganga ein varmare national Ande yver Landet, so hadde me inkje idag stadet her og slegest, um me skulde lata Lærararne faa denne vesle Hjelpi, dei heve bedet um, for aa kunna verta budde til aa gjera det, dei vel hadde Hug til fyre 1878, men som faa daa kunde gjera og endaa færre hadde Lov til. Dei, som er imot desse Kursus, dei er det, fordi dei er so svært glade i Smaaborni vaare, segjer dei! Ja det er underlegt med den Elsken! Han syner seg stundom nokot snodig! Der heve ogso voret talat um det, at Borni heve den og den Rett, og fordi dei heve den og den Rett, so maa dei no slett inkje faa høyra nokot Landsmaal. 
Det vil lett forkvakla deim! Men den Rett, Borni vaare fyrst og fremst heve, tenkjer eg, m. a. er den Rett, at den Lærar, som skal læra deim Religion _ eg nemner berre det, og det er nog _ maa baade med Munn og Penn kunna bruka det Maal, som baade Foreldri og dei smaa elskar som sit Modersmaal, anten det so er Generalnævneren eller de enkelte Brøker, for aa bruka det Bilætet. Eg sagde, at den Elsken synte seg nokot snodig _ eg tvilar inkje paa, at han er rein; men det veit eg, at han smakar surt for deim, som er so ulukkelege aa vera Kjærlighedens Gjenstand, som det heiter paa dansk. Det stend vel fast det, som Kyrkjestatsraaden sagde igaar, at det er baade en pædagogisk og historisk Forudsætning, at i Undervisning skal maa gaa fra det, som er kjendt til det ukjendte, og Smaaborni vaare er inkje nokot undantak fraa denne Regel. Det var sagt her igaar, og eg sluttar meg til dei Ordi av Hr. Dahl, at der ein hadde gjevet Borni lov til aa byrja med aa lesa detta Maal (som eg igaar her i Salen høyrde, inkje skulde vera til), der hadde Borni fenget læra, at Boki skal vera istaden for ein Mann, som vil tala med deim, og naar Borni fyrst heve lært aa skyna dette, so ventar dei, at naar dei tek ei dansk Bok, skal dei ogso i henne skyna kvart Ord, og so spyrr dei um kvart eit Ord, dei inkje skynar. Er inkje dette naturlegt? Er inkje dette den rette Maaten aa taka det paa? Det er so klaart dette, at naar ein steller Undervisningen for Borni vaare so, som det til Dato heve voret gjort dessverre rundt um i dette Land, i heil Motsetning til dette, so maa eg segja, at det er som Vinje heve sagt um ein annan Ting: det er som aa draga Katten etter Rova. Kyrkjestatsraaden slog Spikaren paa Hovudet igaar, naar han sagde, at det, som vakte Skrækk og Rædsla for desse Kursus, det var Landsmaalet. Det er inkje Tvil um det.
 
( Meir.)