17de Mai i Fyresdal.

 

(Innsendt).

 


Eg kom i det seinaste eg, men tidsnokk. Daa eg ha komi og fengje studt meg innat ein Vegg, so kom alle dei som ”var med” stigande i tvo Geleder, Karar og Kvendi, med taktfull Syldatermars fraa Kyrkjegarden forbi Handelshuset og burt til Talarstolen, og der fekk dei Lov til aa setja seg av den som hadde mest aa segja. So gjekk P. upp og talad toleleg lenge um Tilstellingi deira, og eg totts høyre, dei vøntes ’kje stort Takk for det. So song dei som hadde ”Privilegium” til det. Det var ’kje alle dei som kunde, som song iaar. Dei var ”indskrevne”. Dei song fleirstemmigt. So kom dei ”indmeldte” Talurne. Dei var einstemmige _ lange og sikkert gode, men det skynar eg no so litet paa. P. var baade den fyrste og den andre som talad. Han og alle dei andre, som hadde ”indmeldte” Talur, talad brennheit for Fridomen og det let vænt, og dei fekk med det same syna, at dei kunde liva etter det dei talad. Daa dei ”indmeldte” Talurne for til aa trjote, kom der andre au, som hadde noko, dei vilde segje. Jamvæl eg vilde prøve, og so lengje stiltrad eg meg kring Trappi, at eg seist slapp upp. Eg viste ei stor Aandsmagt, eg vilde nemna um, og eg gjekk upp fordi eg fælte, ho blei gløymd. 
Det var Armodi. Eg hadde noko eg vilde segje, at det var paa det neraste slikt, som det me rødde um Staten, det seiste me var i hop.

 

Eg nemde Ibsens Ord:

”Staten er, hvad knapt du aner,

Nøiagtig halvt Republikaner.

Den hader Frihed som en Sot,

Men ynder Lighed saare godt”.

 

Daa hadde eg begynda, veit du, men daa hadde P. fenget so inderleg vonde Stundir. _ Han blei nøydd til aa brjota av for meg og minne meg um, at der var fleire Talarar, som laut upp. ”Det skal vel segja det same som at eg skal tegja meg og ganga ned att”, spurde eg. Mh. Han likad ’kje detta P. Ja det er skamleg aa segje, men eg skynad ’kje endaa, at eg hadde Urett. Eg mullad um, at kanskje P.’s Meining og Smak var alt i denne Flokken, og at det ikkje var for aa ”behage” P. eg talad. So vilde eg til med mitt att, men nei, der kom meir fraa P. Det blei umogelegt for meg aa faa tale.

 

Daa dei rette kom tilords att, so hadde dei ’kje stort meir att hell aa takke kvarandre for Arbeidet (eg høyrde ingen annen som gjorde det), og so saag dei tilbakars paa det dei hadde gjort, og det var altsaman saare godt. Daa so det var gjort, fekk me vita, at dei var ferduge og ein Skulemeistar sagde, at ”Plassen maa være ryddig for al Tilværelse af Mennesker”.

 

Aalmugen skikkad seg so fint heile Tidi, som du nokonsinn skal sjaa, naar so mange kjem i hop.

 

Eg undrast um me skal bli styrde av dei same Hovdingarne eit annat Aar 17de Mai?

 

20de Mai 1885.

 

Olav Aakto og John Lie.

 

Frå Fedraheimen 06.06.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum