[Tidender.] Fraa Lunde.

 
Vinstreforeiningi hadde innbodet til festhalding av 17de Mai. Etter Messa samlast umlag 400 Menn og Kvinnur paa Bjerven. Formannen i Vinstreforeiningi H. Ova talad for Dagen. N. Bjerven talad for Grunnlogi og Stortinget. Lærar G. Lunde talad for den norske Bonden, han varad Folket mot igjen aa somna inn, men allstøtt standa Vakt um Grunnlogi. Han talad au for Fedraland og 
Brorriket. Joh. Kise talad for Kongen, nemnde den Gleda Folket kjende over, at han vende seg til det og stydde Fridomen. Ein talad for Wergeland, men gav au Embættsmenn, Prestar og slike stygge Spark; men Forsamlingi vart samde um inkje aa akta paa Tala hans; for som det allstøtt er stygt aa skjemme andre, so høyrdest det endaa verre ut for denne Dagen.

Lærar J. Barlaug tala for Styringi i Landet. Kapellanen her, Ottesen, var av med og høyrde, men daa han tottes at Talaranne vart for strie med Høgre, stod han upp og tok dei i Forsvar. Der blei daa eit kvast Ordskifte millom honom og eit Par andre. Sidan heldt han ei greid Tale for den norske Heimen.

Den 2 _5 _85.