[Tidender.] Faarar for Landsens Sjølvstende, Amalgamasjon med Sverike.


Her hev voret eit Parti i Landet fraa gamle Tider, som sette det aa verja Landsens Sjølvstende som sitt høgste Fyremaal, og som streid imot alle Samrøringsplanar med Sverike. Dei hev sjølv kallad seg Vinstre, men dei hev fenget mange andre Namn og slett ikkje Smeikingsnamn fraa andre Kantar. Dei vart skuldad for at dei vilde skilja seg reint ifraa Sverike og at dei berre vilde føra Bonden fram, so han skulde verta jamgod med Bymannen. Og allvist var det daa dei norsk-norske elder Maalmennerne, som vart utpeika som dei verste. Og Sverdrup fekk ikkje betre Ord paa seg i den Vegen etter at han kom fram med Skuleframlegget sitt og tok seg so varmt av Maalsaki. No kjem det eit Blad, som er so kavnorsk, at det meiner, at jamvæl den mest norske Saki me hev havt, Maalsaki, ogso vil føra Faarar med seg for at Bonden skal ikkje koma nok fram i Daning og at Landet skal ikkje kunna hevda sitt politiske Sjølvstende, og at Sverike skal verta oss for sterkt.

Det er ikkje Dagbladet, ikkje Verdens Gang , ikkje noko av dei Bladi som hev arbeidt som gjævast for Bonden og vaart Lands Fridom og Sjølvstende i det heile; det er _ Morgenbladet. Morgenbl. som i all sin Dag hev arbeidt for, at Bonden skulde ikkje koma lenger enn til eit vist Maal av Daning, det skulde vera Embættsflokken og Grosseraranne, som skulde vera øvste Samfundslaget, Morgenbl. som alltid hev stunda etter aa faa Hjelp ifraa Sverik til aa styrkja si eigi minkande Magt _ jau Morgenbl. er det, som kjem med slike Grunnar imot Maalsaki. Noko so løglegt hev me snaudt set fyrr.

Me hev voret so keide all denne Maalstriden, at me ikkje hev iddest aa nemna alt Motmælet, som Høgrebladi kjem med no, enn segja skriva imot det. For det hev berre voret dei gamle Grunnarne, som hev voret so motlagde Gong etter Gong, at det ikkje finst nokor Dygd att i dei meir. So difor er det nokso forvitnelegt aa sjaa, naar nokon kann koma fram med nye Synsmaatar. Og det skal Morgenbl. sanneleg hava Æra av.

Men korleis kann det daa ganga til, at Bladet kann vera so dumt og motsegjande med seg sjølv? Vilde Maalsaki føra til noko sovore, so vilde daa væl Morgenbl. vera det fyrste til aa godkjenna Saki, veit me? Jau dei meiner som so, at naar Bokkjøpar-ringen ikkje vert større enn Norig, so vil all sjølvstendig Bokskriving slutta, og me kjem berre til aa liva av umsette Bøker. Vor friskt opblomstrende Literatur vilde da skrumpe ind, og vi vilde atter blive et Almuesfolk, der som i Kalmarunionens Dage, blottet for en ledende Intelligens, der stod paa Tidens Høide, snart med den aandelige Selvstændighed ogsaa vilde miste den politiske. Me ser daa, at det som verkeleg ligg til Grunnen, det er Rædsla for at Almuesfolket, det er Bonde og Arbeidsmann, skal verta for sterk og trengja dei ledende til Sida. Det hjelp ikkje um Bladet og Arbeidsmann, skal verta for sterk og trengja dei ledende til Sida. Det help ikkje um Bladet talar aldri so vænt um den norske Bondes i flere Henseender mærkelige Dannelsestrin, me kjenner for godt denne Slag Smeiking; det er nok berre, naar han røystar saman med Høgre, at Bonden fær den Rosen, ellest er det nok ei Raabarking, som det ikkje er Maate paa.

Men det er noko, som alle veit ikkje er aa syta for, at Landsmaalsbokavlen vaar skulde verta for skrinn og usjølvstendig, det er meir aa fæla for, at han skal verta for feit og ganga 
sine eigne Vegjer, som no Aasen og Vinje; Vinje var ein so orginal Diktar, at Morgenbladsflokken endaa ikkje hev magtat aa skyna honom; det er berre Prof. Daae, som endeleg hev funnet ut, at han er jamgod med Holberg. For det er nettupp det ved Landsmaalet, at det løyser upp for Aandslivet vaart, so at vaart Folks Liv der kann syna seg i si reinaste og fullkomnaste Form. Dei skal nok faa sjaa det, at Lansdmaalet vil føra fram fleire og fleire av det Slag Diktarar, som er likeso originale som Vinje, og at her med Tidi skal veksa fram ein norsk Bokheim, som er meir sann Norsk enn det som baade Ibsen og Bjørnson hev ført fram.