[Tidender.] Bjørneveiding i Mykland.


Den 16de mai kom der Bod til den orgjetne Bjørneskjotaren Olaf Tverstøyl, at Bjørnen den fyrre Dagen ha drepe Geiter fyr Skulemeistaren paa Nystøyl i Mykland, og derfor vilde han gjerne faa skjota denne Gjeitetjoven.

Olaf Tverstøyl gjore seg ferdig so fort han kunne, tok Riffla si og den svære Bjørnehunden, Valdus, som altid er Hauk over Bjørnen, og dermed for han vestover til Nystøl der Tjønne va. _ Han rokk kje dit fyrrenn ut paa Notti, Kl. 2 etter Midnott, og difor laut han kvila seg til ut paa Ettermiddagen um Sundagen. So tok han til Skogs med Bikkja og den svære Ekspresrifla si for aa leita etter. Daa han hadde gjort nokre Krokar hit og dit i Sunslianne, saag han at Valdus forsto Gjeitetjoven, og difor slepte han Bikkja si lause. Ho fann straks Tjønne og gav han somykje Kjeft, som ho orka. Olaf høyrde dette, og difor nøytte han seg so fort han kunne for aa faa sjaa, og daa han kom so nere som 100 meter, blei han var koss Valdus og Bjønnen valsa paa ein liten Knaus; det var kje drygja tenkte Olaf og difor sende han ei eksploderande Kula, som for tvertigjenom baae Bøgane paa Bjønnen, so han vart dau som Stein der paa Staen, og so fekk han au mange Øyrefikar og Lusingar av Valdus. _ Det var ei groveleg stor Hunebere, som hadde tvo Ungar, dei var sprungne uppi eit Tre, daa Moderi kom i Knipa med Valdus. _ Dei fekk kvar ei Kula, og so datt dei ner, som andre skotne Fuglar; den eine var ein Hann med kvit Ring um Halsen, den andre var ei Ho og var myrk over heile Skrotten. _ 
Dette var ein gild Maifest for Skjotaren, men leidt for Gjeitetjoven, som tenkte paa aa liva flust med Kjøt paa Maifesten og laut bøta med Livet sitt.

Olaf Tverstøyl hev skjoti 7 Bjønnar sidan Novbr. i fjor, men i det seiste er det 29 St. av det Slag og 4 Elgsdyr. Han er ein meir enn aalmenneleg flink Skjotar; no reiste han den 23de Mai til Telemarkje for aa prøva si Lukka der med Bjønneskjoting, og eg trur det vil gaa han godt paa denne Turen. Den goe Bikkja Valdus er med og so trur eg vist ho finn Bjønn einstad deruppe til Husbonnen sin, so han fær skjota.

Eg trur det er rigtigt, at dei som hev med Skjoting aa gjera lagar til ein gild Præmie aa sender denne Skjotaren, _ og daa trur eg, at han fær endaa betre Hug til aa skjota fleire av desse faarlege Dyri, som mange Gonger gjer stor Skade paa Kreturi for Folk her uppe i Fjellbygdarne.


Eppeland den 25 Mai 1885.
 
T. T. Gjeveland.