Kaffi, Øl elder Mjølk.


I Fedraheimen No. 38 hev Ola Viking ropat eit Varsko mot Kaffibruken. Det skal han hava takk for. _ Me er vist mange, som er samde med han i det, at Kaffidrikkingi bør minkast. Allvist daa Landsbygdom. Korvitt Fabrikkfolk og Smaafolk i Byarne, der det er trongt um Mjølk, godt kann unnvera Kaffi, skal eg lata vera usagt. Eg veit inkje det. Men det veit eg, at dei er langt betre tente med aa drikka Kaffi enn Bayerøl og Brennevin.

Ola Viking er ein Fagnamann, idi han vil minska Kaffidrikkingi. Men der er ellest somt i Stykkjet hans, som eg inkje fullgodt likar:

Lat inkje Arbeidsfolk faa baade Bugti og baae Endar! Naar de er samstelte, Bønder, so gjeng det nokk! Kva er det som gjeng?Det aa minska Kaffibruken? Men tru det er rette Maaten aa taka det paa, daa? _ Naar Saki i seg sjølv er god, so vedkjem ho likso mykje Arbeidaren som Husbonden, og ei Sak, som berre vedkjem Husbonden og inkje Arbeidaren og umvendt, den er inkje verkeleg god. Det hadde difyr gjort betre Inntrykk og voret meir demokratisk, um Ola Viking hadde stilt umtrent so: Landsfolk! de hev inkje godt av all den Kaffidrikking. De kastar dykkar Pengar burt i ei Vara, som inkje gagnar, men berre undergrev Helsa dykkar. 
Gjer dykk difor samde um aa minka Kaffibruken, so mykje Raad er! Og Ola Viking kunde hava slutta: Bønder, gjev Arbeidaranne dykkar eit Glas Øl i Staden for Kaffi; og Arbeidarar, de er betre tente med aa faa eit glas godt Øl enn ein Kaffikopp! Gjeva Arbeidaranne baade Bugti og baade Endar er ingen trengd um. Det maa de inkje Bønder! Nei, lat Arbeidaranne dykkar faa rimeleg Betaling for Arbeidet og god Mat det dei treng, so skal de vera uskulda. Daa skal eg lova, at dei inkje stryk til Grannen forskuld nokre Kaffikoppar. Og vist du vil betala dine Arbeidarar somykje meir Dagpengar, som Grannen gjev burt i Kaffi paa sine, so kann du vera fulltrygg paa deim. Daa kjem dei held fraa Grannen til deg, um der aldri finst Kaffidrope i ditt Hus.

Men der er andre Ting sume Arbeidsherrar gjerne ynskjer, at det gjeng med, t. D. aa knipa inn Arbeidsløni, lengja Arbeidstidi kvar Dag o. s. v. med di dei segjer: Arbeidaranne maa inkje faa baade Bugti og baade Endar. _ Men det er det inkje Ola Viking meinar. Neidaa!

Det er Øl, Ola Viking vil skal avløysa Kaffin. Ja, ja, av tvo Vonskar bør ein altid velja det minste! For so vidt er det godt nok aa prisa Ølet. Men det er eit Spursmaal, um Øl er gagnlegt som Kvardagsdrykk. Eg trur det inkje. Ølet er rusande, og den, som hev fenget Augo upp for alt ugagn, som rusande Drikk gjer, hev vanskelegt for aa taka jamvæl godt heimebryggja Øl til Naade. Godt
heimebryggja Øl er det Slage rusande Drykk, som eg er minst leid paa; men eg vilde skuta baate baade etter det og Brennevin og Kaffi og alt slikt, naar eg berre kunde fa det vekk.

Ola Viking hev ingi Tru paa, at Brennevin og Kaffi vert banlyst; men eg hev ei sikker og glad Von um, at iminsto Brennevinet vert banlyst eigong.

Bønder! høyr her: tak Kornet, de hev til overs og lag til godt malt av det! Bryggje so godt Øl so ofte, at de hev Øl Aare ikring o. s. v.

Det var ogsaa ei Raad. Ola Viking meinar det godt med dykk Bønder, og gjev dykk Raadi. Den, som det gjer, skal me aldri vanagta. Litande paa, at de inkje tek det til Mistykkje, skal eg ogso gjeva dykk ei Raad. Altso høyr her:

Hev de meir Korn, enn De brukar til Mat, og det inkje løner seg aa selja det, som Ola Viking segjer, so prøv hald Stutar og Svin. Gjød deim godt, og far til Byen med deim. Flesk og Kjøt fær de alltid selja. Lønar inkje det seg helder, so maa de saa Grasfrø i Aakrarne dykkar og halde Kjyr. Daa fær de Mjølk. Det er ogso eit sunt og godt Drikke, som vist kann tevlast med Øl. Av Fløyten fær de Smør. Men so maa de læra dykk til aa laga Smøret slik at det er etande meir enn 8 Dagar etter det er kinna. Fløyten maa de inkje hava paa Tunnur, men i smaa Strokkar, som vert fulle paa 8 Dagar. Kinna so! Smøret maa de vaska og salta godt. So gjeld det aa hava gode Holkar aat Smøret. Naar Holkarne læk, vert Smøret utskjemt. 
Iskjellar var godt aa hava Smøret i um Sumaren. Treffer de so god Marknad aat Smøret, skal de sjaa det betalar seg. Men betalar inkje det seg helder, so veit eg verkeleg inkje kva som løner seg her i Landet.

Med Mjølki er det ingi Tidsspilla. Ho er altid tiltaks, og ei Skaal Mjølk kann du bjoda kva bra Mann, som gjester deg!

Eit Glas Øl kveikjer likso godt som ein Kopp Kaffi trur eg. Ja det trur eg ogso. Men me Fjellfolk treng inkje um noko aa kveikja oss med. Naar me hev fenget Metten vaar og kjem ut i den friske Lufti, daa er det liksom me kveikjest i alle Lemer, um me inkje hev smakt anten Øl elder Kaffi. Gjenturne tullar ei Vise, medan dei dreg paa Arbeidet, og Gutarne haukar til einann og tek Ryggjetak stundom avdi dei er so livsglade.


A. Bergo