Lysingar.
Lærarskule
paa Vonheim
fraa
1ste juli til 30te september. Undervisningi: norsk (6 timar i vika),
oldnorsk (5 tim.), bibelsoga, skulesoga, heimssoga, noregssoga.
Lærarar: Christopher Bruun, Ingvar Bøhn, Matias Skard, Frits
Hansen, Johannes Skar; Olav Aasmundstad fortel islandske sogor. Hus
og kost paa skulen kr. 28 fyre maanaden; er ogso aa faa leigt utanum
Skulen. Daa det offentlege skyt pengar til, fær
alle
lærarar og lærarinnor undervisningi fritt
,
og nokre av deim kann faa nokor hjelp til upphaldet
_
helst dei som er her heile tidi. Fyre deira skuld, som ikkje kann
vera so lenge, legg me undervisningi soleides, at dei ogso kann faa
nokot samlat, dei som berre kann verka her den fyrste helvti (til
den nordiske skolemøde). Andre enn skulefolk kann ogso vera
med; fyre deim er skulepengarne kr. 8 um maanaden. Søknad um
pengehjelp maa (med dei vitnesbrev som trengst) vera her seinast den
7de juni. Dei som vil vissa seg kost paa skulen, maa skriva seg inn
og tinga paa snart.
Vonheim
um Lillehamar.
Matias
Skard
.
NORA
(Nytt norsk Maanadsskrift)
kjem
heretter ut som fullt Aargangsskrift kvar Maanad med eit Hefte paa 16
Sidur. Iaar kjem det forutan
dei
tvo som alt er utgjevne, 8 Hefte. Bladet vil arbeida for Framhjelp av
norsk Maal og god folkeleg Lesnad, og inneheld: Mindre Forteljingar
og Sogur, Utgreidingar av ymse nyttigt Stell, Umsetjingar etter gode
framande Forfattarar, Dikt o. s. fr. Bladet vil ogso gjeva Upplysning
um Framstig i Maalvegen og um dei Spursmaal som vedkjem Maalsaki:
Betalingi er 1 Krone Aaret, Postpengar ireknad; for iaar vert det 80
Øre. Einskilde Hefte vil sia verta aa faa for 20 Øre. Dei, som
ynskjer dei tvo fyrste Hefte, lyt senda 1 Krone.
Den,
som sender Pengar for 4, fær sjølv det 5te fritt, og den, som
betalar for 8, fær 11.
Bladet
kann tingast paa alle Posthus, elder ved aa skriva beint til
Nora,
Kristiania; det gjeng som Bladsak. I Kristiania kann ein tinga Bladet
hjaa Olaf Huseby og Olaf Olsen.
Publisert