Tidender.


Kristiania, den 22de Mai.

Utanrikspolitikken vaar hev det fyrr voret soleis laga med, at ein skulde ikkje tru me var eit eiget Folk. Det hev voret ein Svensk Embættesmann, Utanriksministaren, som hev greidt det heile, utan noko Andsvar for Stortinget vaart, ja utan at Norig kunne hava eit Ord med.

No er Upphavstaket gjort til at Norigs Ære og Vyrdnad kann hevdast i den Vegen ogso. Det er Framlegg at tri norske Statsraadar skal vera med i Avgjerslurne av slike Saker. Onsdag nemleg fekk Stortinget eit Skriv, som lyder soleis:


Arbeidarsaki. Inredept. søkjer Stortinget um Kr. 12,000 til ei Nemnd, som skal sjaa til aa skapa høvelege Lovframlegg um Fabrikkarbeid, um Hjelp aat sjuke og gamle Arbeidsfolk o. s. v., alt etter den Søknaden, som J. 
Sverdrup hev sendt til Departementet.


For Tilfelle Krig millom England og Russland hev Regjeringi bedet Stortinget um Kr. 400,000 til aa sikra seg, at ingen bryt Fredlysingi vaar. Dei vil skriva ut nokre Hundra Sjøgutar og hava iveg nokre Kanonbaatar. Og dei vil hava ein Hersetnad paa Oskarborg, paa Horten og paa Vardøhus.
 
 
Danmark. Paa eit Møte i Ballerupp gjekk det livlegt til. Dr. Pingel (Vinstre) og Professor Matzen (Høgre) heldt talar. Folket ropte av full Hals: Ned med Estrup! Ned med Grunnlovssvikaranne! Leve Republikken! Leve Pingel! Leve Hørup! Leve Sosealdemokratiet! Leve Holm og Hørdum! Tilslutt vart det Slagsmaal og eit Par Høgremenn fekk Andliti sine sundslegne.

_ V. Hørup heldt eit Fyredrag i Haverup, og der sagde han bland annat:

Lit inkje paa parlamentariske Magtmidlar, for me hev inkje nokre.

Lit paa Dykk sjølve.

Det siste me hev aa halda oss til, det er Folket, og no er me komne til det. Me stend inkje lenger korkje paa Grunnlovens Grunn elder paa Lovens Grunn. Me stend paa Botn. 
Danmark er inkje lenger bland dei frie Folk. Me hev ingen Bevilgningsrett lenger, og ei fri Forfatning utan Bevilgningsrett er som ei Drivsky utan Regn, som driv yver Landet. Det er ingi Grøda i ho.

Han talad vidare um, at det som heldt Høgre uppe inkje var Retten, men Magti. Dei hadde Styresmagti, raadde yver Embættsmennerne, Politiet og Heren, og so lengje dei var lydige, kunde Styringi vera Styring.


Eksamen Artium byrjad um Onsdagen. 506 hadde meldt seg. Fyrste Uppgaava var: Hvilke
Betragtninger kan afholde os fra at udvandre til et fremmed Land, selv om det kan ske med Udsigt til timelig Fordel?


Kyrkja i Molde hev brunnet reint upp.


Styggver og Snjostorm hev det voret utanlands sist i fyrre Vika. I Sveis vart det gjort mykje Skade paa Frukttrei. I Wien var det so kaldt den 17de Mai, at det fraus ihel 4 _5 Menneskje.


Vaksine mot Kolera. Ein ung Lækjar i Spania, Ferran, hev studert korleids Kolerasjuken utviklar seg, og han er komen til det, at Dr. Koch ikkje hev havt rett Greide paa den Tingen. 
Sjølv skal han no hava funnet upp Vaksine mot Sjukdomen. Han hev vaksinert mange, og det hev inkje voret livsfaarlegt for nokon. Det medisinske Akademi i Madrid hev uttalt seg rosande um Freistnadarne hans Ferran. No er Spursmaalet, um denne Vaksinen frir for Kolerasjuken.


Menneskjeofring. I nordaustre Luten av Rusland, bur det mange, som er Heidingar, endaa dei alle gjeng for aa vera kristne. Dei dyrker sine gamle Gudar og brukar sine Fedres Skikkar. Dei hev soleis kvart Aar Menneskjeofring.

Eit russisk Blad fortel:

I Landsbyen Multanskoje var ein Prest utsed til Offer for Guden Kermet. Presten fekk ein Dag Bodsending um aa koma til ein sjuk Mann. Presten gjekk; men inkje fyrr var han komen inn i Stova, der Sjukingen skulde vera, fyrr han vart yverfallen av væpnade Menn og bakbunden. Fyrst vaskad dei honom, og so lagde dei honom paa eit Bord og batt honom fast, so han inkje kunde røra seg. Lukkelegvis var Skattekrevjaren komen til Byen sama Dagen. Han gjekk ikring og bankad paa Dørerne, men Dørerne var stengde og ingenstad var Folk heime. Endeleg saag han eit Par Ungar, som laag paa Gata, og dei spurde han daa, kvar Folket var. Unggutarne log og svarad: Dei er av og slagtar Presten. Skattekrevjaren spurde, kvat Hus dette gjekk for seg i, og det fekk han vita. Han skundad seg dit og bankad paa; men Døri var stengd, og ingen vilde lata upp. Han braut daa upp Døri og sprang inn med ein revolvar i Handi. Daa Ugjerdsmennerne saag det vart dei rædde og rømde. Presten var endaa inkje drepen, han laag paa Bordet og skreik: Er her ein kristen Mann, so help meg. Skattekrevjaren løyste honom strakst.