Nokre Ord um Statsministar Johan Sverdrups Forslag


til Reform i vort Folkeskolevæsen og fhv. Statsr. N. Hertzbergs

Bemærkninger til dette Forslag.
 
(Del 2 av 3. Fyrste delen.)
 
II.

Sverdrup held sterkt fram, at me fær hjelpa til, so langt det er Raad, at Skulestellet i Bygdom ikkje stend for langt attende i Samhøve med Skulestellet i Byom, at alle Normenner, so vidt som mogelegt, borde vera stellt under sama Kaar og sama Tilhøve til Upplysing og Upplæring for ein god og upplyst Statsborgar o. s. v. Til dette skrik Hertzberg reint yver seg: det er disse almindelige Fraser. Det vilde daa, segjer han, tiltrengjast at Skuletidi paa Landet maatte verta mindst tvo Gonger so lang som no, minst tvo Gonger so mange Skulevikur, og tvo Gonger so mange Lærarar, mindst 1000 nye Skulehus. Alt dette vilde kosta mindst 3 til 4 Millionar Krunor!! Det skal væl vera noko fælt og avskræmande i slike store Tal. Men eg trur ikkje, det er so fælt endaa. Eg trur, dei gjeng ut ifraa det baade Sverdrup og Hertzberg, at det maa vera lang Fraastand imillom den Kunnskapsmengd, som Borni fær i Byskulom og i Bygdeskulom. Det synest serlegt, at Hertzberg trur, at her er eit sveljande Djup, som ikkje ei Gong 3 til 4 Millionar Krunor kann fylla ut. Eg heve og nokot Kjennskap baade til By og Bygd; men eg tenkjer ikkje so. Eg tenkjer, at naar me likna saman den ved Log fastsette Aalmugskula i Byom og i Bygdom, so tenkjer eg, at Skilnaden ikkje er so stor, iminsto i dei større, betre Bygdom, der det ikkje fell alt for meint aa setja Skula paa ein toleleg god Fot. Eg talar ikkje um dei Aalmugskulor, elder Avdeilingar av deim, i Byom, der det vert lagt ut Skulepengar av Bornom. Eg tenkjer visst, at Born, som heve gjenget ut Skula i dei betre Bygdom, ikkje stend i Kunnskaper synderleg under Born i Byom, som berre heve gjenget i dei Aalmugskulor, der inki Skulepengar vert lagt ut. Saki er den, at um dei i Bygdom maa hjelpa seg med mindre Skuletid elder færre Skulevikor, enn dei kann hava i Byom, so heve dei i Bygdeskulom ikkje so mange Born i kvart Leselag (kvar Klasse), og dette er til Hjelp, so at Tidi kann verta betre utnyttad. Skulde dei i Byom ikkje hava fleire born samlade i kvart Leselag, enn dei heve i Bygdom, so maatte dei og hava mykje fleire Skulehus og punga ut, so det var Forslag i det.

Ein annan Ting, som er til stort Gagn for Skula i Bygdom meir enn i Byom for dei Born, som berre gjeng i Aalmugskula utan aa leggja Skulepengar, er, at Foreldri i Bygdom har mykjet betre Tilhøve til sjølve aa hjelpa til med Barnets Upplæring, enn fatige Arbeidsfolk i Byom heve.

Difyre trur eg, at Born i Bygdom ikkje stend so langt under Aalmugskuleborn i Byom, naar me ser Saki i det store. Er Tala derimot um høgre Upplæring og Daning, ja, daa veit me, at det er langt betre Tilhøve i Byom; men det finnst og høgre Aalmugskulor og Millomskulor i sume Bygder og kann verta fleire, ettersom Folk heve Raad til og fær Sans for deim.

Med alt dette vil eg sletikkje segja, at Born i Bygdom slettikkje stend under Aalmugborn i Byom; men eg tvilar ikkje paa, at det vil kunna verta hjelpt paa det utan so fælt store Pengesummar. Sverdrup peikar paa det, at Skuletidi treng til aa aukast paa, og at det treng til fleire Læreemner. Eg trur og at nokot meir Skuletid kann vera ynskeleg der, det læt seg gjera; men det er ikkje godt aa driva det for vidt. Born paa Landet treng og til aa læra seg til Landsens Arbeid. Men sjølv um ikkj Skuletidi paa Landet kann aukast so mykjet, so trur eg daa, at dei godt kann læra Borni kjenna til nokot fleire Læreemner i Aalmugskula i Bygdom. Eg er viss paa, at under ei betre Ordning og med meire og betre Læretølor _: Bøkar, Kort, Modelar, smaa Samlingar av Dyrebilæte, Tavlor av Vokster, Steinslag o. s. v. kann mykje meir verta lært enn nu. Lettar og betre Lære- og Læsebøker vil helpa mykjet. Og godt vil det verta, at Lærararne kann spyrja og faa Svar av Bornom i deira eiget Maal. Daa tarv ikkje Barnet sitja maallaust fyredi, det ikkje kann segja, kvat det tenkjer, avdi det veit ikkje aa segja det med dei rette Ord i Lærarens lærde Maal, som for Barnet er halv framand.

Eg skal sidan med nokre Ord tala um ymise Læregreiner og um kor gagnelegt eg trur det er, at Born i Skula fær læra aa kjenna deim.
 
( Meir.)