Fraa Nordre Aurdal, Valders.

 

Det tek so smaatt til aa spretta og spira paa rette Maaten Ungdomslivet uppi Aurdal no. Dei av Ungdomen, som hev størst Dugleik til aa ganga i Fyreenden med god Verksemd, dei hev no mest kvar einaste ein sluttat seg til Avhaldssaki. Her i Vetter vart det skipad inkje mindre enn tvo Totalavhaldsforeiningar, den eine med dei same Reglarne som ”det blaa Band”. Denne hev det mindste Medlemsantal. I den største Foreiningi er ein gild Maalmann, Erik Frydenlund, Formann. I baade Lagi hev dei no tilsaman 70_80 Medlemer. _ Den som veit, korleis Brennvinet og det bayerske Ølet kann kjøva ned alle ædle Kjenslur hjaa Ungdomen og gjera til inkjes den sterke Viljen, han kann forstaa, at dette i stor Mun hev hjelpt til aa gjeva Livet heruppe ei betre Vending. _ So hev Lærar Fedje faret gjenom Bygdi og haldet Møte til Skiping av ei Arbeidarforeining. Ei slik ei hev me daa no med Overrettssakførar Th. Heyerdahl til Formann. Folk hev gode Voner um, at denne Foreiningi vil gjera mykje til, at Bygdi kann koma seg baade i Pengevegen og i Upplysning. _ _ Kos mykje betre her er no, enn som det var i gamle Dagar, synte seg klaart ved 17de Maifesten vaar elder Maileiken, som me kallar det her. Styret for Skjotarlaget hev Ære av den Maaten, som dei hadde ordnat heile Festen paa. Dette Skjotarlaget hev vedteket, at dei aldri ved sine Møte skal hava nokon Slags sterk Drykk. Dei vilde daa sjølvsagt helder inkje hava nokot av den Styggedomen ved

Maileiken; Folk skulde faa høyra Talur og sidan dansa og spela seg slikt dei vilde; trengde dei nokor Styrking for Lekamet, var der Nøgdi av Kaffi og Bakarvarur aa faa kjøpt _ dei, som inkje kunde klara seg med det, fekk halda seg undan.

 

Fyrst hadde Skjotarlaget Kappskjoting paa sin vanlege Møtestad; der hadde dei ogso ei lang Stund Eksering; det gjekk like stødt og ordentleg fyr seg som paa ein Eksisplass; men det var den store Skilanden, at her gjekk alt med Liv og Hugnad, her gløymde dei aa tenkja paa Møda ved Arbeidet, det var berre Leiken, tykte dei. _ Daa dei so hadde gjort fraa seg med dette, drog dei avgarde til Leikarvollen med Flag og Trommur i Fyreenden. Daa eg saag det staute Toget draga soleis fram i god Marstakt og med Gevær paa Oksli, daa forstod eg, kvat det er for ein stor, folkevekkjande og uppdragande Tanke, som ligg til Grunn for Folkevæpningssamlagi i vaart Land. Slike Fedralandsforsvarar er det, me trengjer um, som friviljugt offrar Tid og Pengar for aa verta uppøvde i Vaapenbruk, og som veit, kvifor dei tek paa seg den Møda, veit, at det er for aa standa bune til aa verja Landet mot alt, som vil oss vondt, anten det kjem innanfraa elder utanfraa.

 

Formannen i Nordre Aurdals Skjotarlag, Sersjant Haganæs, er ein iherdug og frilynd Kar, som legg all si Kraft paa det gode Arbeidet aa læra dei unge Aurdøler upp til aa verta glupe Fedralandsforsvararar med Eldhug og Dugleik.

 

Daa Skjotarlaget var komet inn paa Plassen under Hurrarop for Konge og Fedraland, byrjad Festen med ei Tale av E. Kjørstad. Han minnte um, kor harde Tider det var her i Landet i 1814, men kor godt det lell vart lagat for oss, so me med reddad Ære og Friheitsgaava gjekk utor Trengslurne. Han drog fram Minnet um Henrik Wergeland, som me inkje burde gløyma paa ein slik Dag, og sluttad med Ynskjet um, at Folk og Land laut ganga fram med munarlege Steg heretter som hittil.

 

So talad N. R. Heyerdahl um, at me alle skulde vera samde um det, at me laut byggja vidare paa den gode Grunnen, som Federne hadde lagt for oss, og inkje meina, at me nokon Gong kom so vidt, at me kunde segja: her er Grensa for vaart Arbeid, lenger lyt me inkje gaa. Slikt høvde seg inkje for eit Menneskje, som av Skaparen hadde fenget ei 
Drift i seg til allstøtt aa søkja lenger og lenger fram for aa naa Fullkomenheiti. Han nemnde Arbeidarsaki, som ein av dei Ting, me alle skulde fylka oss um; Arbeidaren hadde krav paa vaar Vyrdnad og Hjelp.

 

Etter dette lagde Spelemannen iveg med ein lystig Hallingslaatt, og so freistad dei spræke Gutarne, kven som kunde spenna dei høgste Rundkast og syna fram dei mjukaste Bøygjingar, medan Gjenturne stod i Krins um dei med Lovord og Smil. _ Sidan rann ein lettlivad Springar fraa Felestrengjerne, og so gjekk Dansen ei Stund med Laatt og Løgje paa Leikarvollen. _ Innimillom song dei fleire gilde Songar: ”Ja, vi elsker”, ”Dei vil alltid klaga”, ”Aa kjøyra Vatten”, o. s. b. _ Daa det leid paa, samlad Folket seg um Talarstolen att, og so heldt Knut Hamsund ei framifraa hugnadleg Tale. Han lagde ut um Fedralandselsken og bad oss minnast alle kjende og kjære, som hadde lotet søkja seg ein Heim i Amerika, og som sikkert inkje minst paa Noregs Fridomsdag sende Tankarne over Havet og saknad Fødesheimen og Bygdarfolket sitt. _
Etter Tala skreiv han ei liti Helsing til Slegt og Vener i Amerika. _ Dette var ein sers god tanke, som alle var sæle i; Folk strøymde til for aa skriva under, og um ei liti Rid stod 150 Namn paa Lista. _ Daa det leid paa Kvelden, vart tvo Kjøretunnur uppreiste paa høge Stenger og sett i Brand. Dei lyste lang Leid og minnte Folk um det Friheitsljos, som vart kveikt i Landet i 1814. _
Daa Tunnurne var utbrende og fall under Hurrarop fraa Folkemugen, vart Festen sluttad med eit hurra til Takk for Samværet. _ Eg trur, alle var samde um, at det var ein overlag gild Maifest, me hadde havt; Bygdi hev stor Ære av, at det gjekk so ordentleg for seg. Det var berre ein Ting, som var til litegrand Uhyggje: her er ogso eit Høgreskjotarlag; Styret for dette hadde skaffat Medlemerne sine meir enn nokk av Drykkjevarur. Nokre fraa dette Laget kom sidan ned til Maileiken og sume av dei ragad halvfulle umkring der ei Stund. Men daa ingen brydde seg større um dei, men berre heldt seg burte fraa dei, vart dei truleg skamfulle _ imindsto gjekk dei flestalle att, daa det leid paa, so me inkje hadde større Mein av dei.

 

Me skuldar Landhandlar Kr. Heyerdahl Takk for sitt Bry med aa ordna Festen; det var jamvæl han, som tok paa seg alle Utlegg ved Tilstelningi. _ Ogso Presten vaar skal hava stor takk, diat han let oss halda Maileiken paa Jordet sitt. Eg vonar, me hev gjort oss fortente til aa faa vera der eit annat Aar ogso. _ Eg vil slutta med aa ynskja den væne Aurdalsbygdi Framgong og Lukke i alle gode

Arbeid. Gjev, ho maatte halda fram, som ho hev byrjat.

 

 

Njædel Rothaug.

 

Frå Fedraheimen 23.05.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum