[Tidender.] Vernepligtloven i Odelstinget.


Ordskiftet byrjad Tyrsdag, og hev haldet fram i Møte baade fyrr og etter Middagen. _ Wisbech talad fyrst, han gjorde Framlegg um, at Saki skulde setjast ut, for Saki var komi so paa Tverke no, at ein kunne ikkje greida denne Vernepligtloven aaleine, utan at ein fekk heile Herskipnaden med til Forhandling, og det var daa mangt, som var uferdugt i denne Loven. Det var ingi Sikring for aa faa gode Folk, det galt berre aa faa mange etter den nye Loven. Statsministarenheldt so eit langt Fyredrag. Me hadde havt den eine Militærnemndi etter den andre, men endaa hadde me ingen Her, det var sanneleg paa Tid, at me fekk ein no, det gjekk inkje an aa setja ut dette lenger. Stortinget hadde gjevet sitt Program i denne Saki for lenge sidan; og for det reine Vernepligtsystem arbeidde dei no i heile Verdi aa kalla. Loven var no so godt fyrebudd, som han kunne verta. Fyrst var det ei Line og so eit Landvern bakum og endeleg ein Landstorm i full Stand, dette vilde gjeva Heren vaar ein Styrkje, som ingen annan Skipnad kunne gjeva. Vart det krig, so var det væl med Von, at det kom til aa gjelda Sverik fyrst, og daa hadde me Lina aa senda, og endaa hadde me Landvernet og Landstormen til aa verja oss sjølve med, og daa vilde Landet faa best mogelege Verjing. Og Styresmennerne skulde verta soleis stelte, at Heren kunne vera tent med det, og eiga Folk, som var bundne til Heren av Pligt og Fedralandskjærleik; for det var det som galt um, skulde Heren vera god, at naar Faaren kom, so var Styresmenn og Fylgjesveinar alle som ein samstelte um, at dei vilde sigra elder døy med kvarandre. Og til ei stor Folkevæpning trengdest det ikkje endeleg so overlag med Munderingsgreidur, berre Hersveinarne hadde eit Skiljemerkje fraa andre Folk, so var det nok. No var Herstellet vaart so klent, som det paa nokon Maate kunne verta, det var Misnøgje i Heren og Uppløysning i alle Maatar. So han trudde, at sjølv um det skulde verta nokre Hundra Tusund Kr. dyrare, so vilde Folket gjera det Ofret, anar det galt ei av dyraste Sakerne vaare. For ingen kunde tenkja seg kor store Vinningar dette nye Stellet vilde hava i alle Maatar. Han var sikker paa, at det daa vilde straks verta Slutt med den usømelege Framferdi av Offiserarne; det vilde koma ein ny Aand inn i heile Stellet. Ellest kom Umkostningarne til aa minka mykje, naar det vart innført meir Gymnastikk og Vaapenbruk i Skularne. Han sluttad Talen sin med aa segja, at fekk han ikkje denne Loven fram, so vilde han søkja seg ut ifraa Regjeringi, daa fekk dei freista um dei kunne finna ein annan, som kunne greida det betre. _ P. Nielsen ankad iser paa det, at Eksistidi vart for stutt og Bataljonarne so smaae. _ Jacobsen minte um, at det var no tridje Gongen denne Loven var framme. Og no maatte han fram. For det var so vigtug Sak dette, endaa det som no var framme, berre var ein Led av den store Tanken: 
Folket i Vaapen. Men me laut muna Stig for Stig. Men aa utsetja no, det var det same som aa drepa Framlegget. Det nyttad ikkje aa visa til, at dei skulde havt Tak i Skipnaden fyrst, for Loven var det fornemste, som Herskipnaden maatte retta seg etter. Og um dei gjorde Loven iaar, so var det ikkje nokon Faare for at det skulde ganga for braadt likevæl, for det vilde ganga 13 Aar, fyrr dei fult kunne gjenomføra honom. Han imøtegjekk deretter Wisbech og Nielsen. R. Rynning vilde ikkje ganga med paa Folket i Vaapen, og han meinte, at han hadde Sakkunnskapen med seg. Det gjekk ikkje an aa gjera Lov fyrr ein viste um ein hadde Evne til aa gjenomføra det som Loven baud. _ J. Dahl heldt ogso paa, at Herskipnaden var ikkje ferdug endaa. No var det her store Brigde som var paatenkte: Auking av Aarsklassarne, lenger Tenesttid og 3 Stellingar, han uttalad seg imot alt dette. _ Foosnæs var av dei, som gjerne vilde hava nedsett Eksistidi mykje, han trudde dei kunne godt berga seg med mindre Eksis, han nemnde ei Liste, som var underskrivi av 18,000 Mann, alle desse vilde hava Eksisen nedsett til 70 Dagar for Fotfolket; han vilde ogso havt Avstyttning for dei som hadde lært seg upp i Vaapenbruk, fyrr dei kom paa Moon. _ Wisbech svarad Sverdrupp og Jacobsen, han meinte, at det vilde vera ille um ikkje den norske Hersveinen fekk like stor Øving som den svenske. _ Hjorthheldt eit langt saklegt Fyredrag, og viste, at naar Loven vart vedteken, so vilde alle Vandskarne ved Herskipnadsarbeidet falla burt, Grunnstsetningarne for Arbeidet var daa gjevne. Endaa talad Motzfeldt, Jacobsen, P. Nielsen, Stang, Statsministaren, Wisbech og Dahl. Saki kom endeleg til Avrøysting Onsdag Kvelden Kl. 9. Utsetjingsframlegget hans Wisbech vart forkastat. (Berre Høgre og Dietricsen røystad for det). Deretter tok dei til med sjølve Loven igaar, og vart ferduge med alt saman igaar
Kveld K. 10 ½ .

Nærmare Melding i næste Bladet.