[Tidender.] Høgre i Tinget.

 
Dei siste Dagar i Tinget hev voret reint merkjelege i mange Maatar. Ministeriet Sverdrup og Stortingsfleirtalet hev teket upp Arbeidet for heimhøvelegt Stell i alle Maatar. Det norske Maal hev dei soleids gjevet sin naturlege Rett, og Herstellet vert no snart ordnat paa ein Maate, som høver med vaare Forhold og Landsens Trygd. Men korleis hev Høgre i Tinget arbeidt under alt dette? At dei hev strittat imot av alle Krefter, det er inkje aa undrast paa; det er inkje anna, enn kva ein kunne venta av Folk, som inkje hev nokon Grunn i det nasjonale, Folk, som hev sine aandelege Fedrar _ og mange av dei sine lekamlege og _ i Tyskland elder Danmark og mange av dei er fødde her i Landet, berre fordi deira Fedrar vilde liva av Noregs Mat, utan ved sitt Arbeid for Landsens Framgang aa vilja gjeva nokot i den. Av desse Menn kann ein som sagt inkje venta korkje Skyn paa elder Arbeid for det, som er nasjonalt og heilagt for kvar Mann, som hev Sans og Syn for Noregs Framgang og Fridom. Men det, som ein inkje skulde venta, det er, at Høgre fører Striden mot det nasjonale paa ein slik Maate, som me hev voret Vitne til desse siste Dagarne. Dei hev ført Krigen mot det nasjonale og heimhøvelege paa ein Maate, som korkje gjer dei sjølve elder Høgreveljaranne utyver Landet nokor Æra. Det er inkje nok med, at dei hev sagt si Meining; men dei hev gjorst paa aa segja det sama uppatt og uppatt Gong paa Gong. Verst var det, daa Hersaki var framme. Vinstre sagde si Meining og Høgre si. Dette skulde ein tru var nok; men det trudde inkje Høgre. Dei tok seg sjølve uppatt og uppatt, ein Høgremann reiste seg og talad, og ein annan reiste seg og sagde det sama mest Ord til anna. Wisbech, han som i si Tid sagde, at Stortinget sat berre og talad um Skidt og Lort , var den verste. Han tok uppatt baade det han sjølv og andre Høgremenn hadde sagt so ofte, at det mest var utan Tal. Det saag ut, som han hadde ei Meining um, at det han for med, vann eit Stykkje fram i Sanning for kvar Gong han tok det upp att. Han og dei andre Høgretalarar vart køyrde til Veggen Gong etter Gong, Gong etter Gong vart det framlagt greidt og klaart, at Grunnarne og Talen deira var Daarskap; men like fullt tok dei Daarskaparne sine upp att.
 
Stortinget hadde Møte Torsdag Kl. 10. Stang, som i alle Maatar er ein høveleg Repræsentant for Kristiania, fann daa Tilhøve til aa klandra paa Arbeidsmaaten i Nemnderne og at Arbeidet fraa dei kom so seint til Tinget. Men det skulde inkje Stang fraa Kristiania gjort, for daa han vart spurd, kvat for Nemnder han meinte, og han nemnde Jarnvegsnemndi og Militærnemndi, vart det upplyst, at desse og dei andre Nemnderne hadde skaffat Tinget meir Arbeid, enn Tinget hadde magtat aa taka for seg. Militærloven var soleis ferdig fraa Komiteen den 29 April og kom fyrst fram i Tinget tri Vikur etter.

Kvat er Grunnen til, at Høgre ber seg aat paa slik Maate? Kvar og ein kann finna Svaret. Saki er den, at Høgre vil vinna ved Valet, og dei hev so faae Kjepphestar aa rida paa, at dei maa sjaa seg um etter fleire. Og so hev desse lærde Daarar funnet ut, at kann dei faa draga Tingtidi ut so langt som mogelegt, so skal daa Agentarne deira faa Folk til aa tru, at det er den nye Statsskikken, som er Skuld i at Arbeidet gjeng seint. Kann dei so faa innbilla Folk, at Komitemedlemerne ligg her i Tinget og latar seg, so er dei komne endaa eit godt Stykkje paa Veg.

Sverdrup sagde under Ordskiftet um Militærsaki, at Høgre sin maate aa bera seg paa liknar Obstruksjon. Og det var det rette Ordet. Høgre hev lært av Irarne i det engelske Parlament og trur, at dei skal koma nokon Veg ved slik 
Framferd; men Folke hev vist aa skyna Høgre fyrr, og det vil so gjera heretter og.
 
Vinje sagde eingong, at det var tri Maatar aa læra Folk Folkeskikk paa. Den fyrste var aa tala dei tilrettes, den andre aa banka dei tilrettes og den tridje aa svelta dei tilrettes. Dette siste hev Tinget maatt gjort med Høgre. Det ser mest ut for, at den einaste Maaten aa faa dei til aa halda upp med aa tala paa er aa halda Ting utyver Kvelden. Naar det so lid til Kl. 8, so kann du vera stød paa, at Høgre vert faamælt. Denne Maaten vart brukt 2 Gonger i Militærsaki, og han vert nok brukt oftare. For han hjelper.