Tidender.

Kristiania, den 19de Mai.
 
Framlegget Hans J. Sverdrup um aa minka paa Arbeidstidi for Bakarar hadde dei for seg i Odelstinget Fredag og Laurdag. Det var fyrst eit langt Ordskifte, um dei skulde taka Loven for seg elder utsetja og so um Grunnsetningarne for ein slik Lov var rette. Berge og Fosse og Kaxrud og Saakvitne og W. S. Dahl og Berner vilde ikkje hava nokor Lov no, men Johansen, Roll, Adv. Bugge, Statsministaren, Smitt, Sørum, Sparre, Statsraad Arctander, Rinde og Knudsen talad for, at dei skulde taka paa straks, som det ogso vart gjort (32 imot). Fraa alle Sidur vart det sanna, at Bakaranne hadde for strengt Arbeid (15 _16 Timar um Jamdøgret) og at allvist Nattarbeid var leidt for Helsa, men so var det sume, som meinte, at det gjekk ikkje an aa lovbinda Arbeidet helder, det maatte vera frie Semjur, som fekk raada. Men imot dette vart det hevdat, at naar det var Naud, so var det ikkje onnor Raad enn aa lovbinda.

§ 1 i Loven gjeng ut paa, at all Braudbaking skal vera forbodi paa Helgedagarne, som skal reiknast fraa Kvelden fyrr Kl. 8. § 2 gjekk ut paa, at Kongen kann forbjoda Bakarar aa driva med anna enn Turking av Kavringar og Skipsbraud hardaste Natti. Stang kom fram med ein ny §, at Born under 15 Aar ikkje maa hava Arbeid paa Bakarverkstadarne um natti millom Kl. 9 og 5. I alt var det 7 §§ som alle vart vedtekne. Loven vart send Lagtinget.
 
 
Tillegg til Loven um Skattestellet paa Landet vart umhandlat i Odelstinget igaar. Etter eit Ordskifte vart Utsetjingsforslaget forkastat, og Komiteinnstellingi samtykt. Ho lydde so: Heredsstyrelsen kan med Amtsudvalgets Samtykke og med Kongens Approbation bestemme, at ved Udligning af Aarets Heredsskatter §§ 25 og 26 i Lov af 15de April 1882 om Bykommunernes Skattevæsen skal anvendes i stedet for §§ 33 og 34 i Lov af 15de April 1882 om Landkommunernes Skattevæsen.
 
 
Hersaki var framme i Tinget i dag. Wisbech, Statsministar Sverdrup, Jacobsen, Rynning o. fl hadde Ordet. Statsministaren heldt ein lang og greid Tale, der han viste, at vaar noverande Herordning var uforsvarleg, og at me laut gaa til ei Umvøling. Han tok og Tak i dei Innvendingar, som er og hev voret gjort 
mot Regjeringsframlegget og viste, at dei hadde litet aa segja. Rynning fraa Drammen var siste Talaren i dag. Han lagde imot Sverdrup paa sin buldrande og sjølvsikre Maate; men Talen hans var no av eit sovoret Slag, at me spaar, han fær nok aa gjera imorgo, dersom han skal forsvara det, han hev sagt. Klokka 2 var endaa mange Talarar inntekna, og Saki vart difor utsett til imorgo.
 
 
Lagtinget hev vedteket Underoffisersloven soleis som han siste Gong kom fraa Odelstinget. 
Likeeins ein Lov, som gjev Styringi rett til aa forbjoda aa innføra Poteter, naar det er Faare for, at det kann hava Uheppur med seg. Baade Tingi hev og havt for seg Lov um Freding av Kval. Den gamle Loven um det skal gjelda framleides.


Ei gild Gaave fekk Stortinget no den 17de mai. Det var eit stort Maalestykkje, Avskildring av Eidsvollsmennerne, som dei sit i Eidsvollssalen og skipar Grunnloven. Bilætet er 4 _5 M. til alle Kantar, og er fest upp ovanfyre Præsidentplassen i Stortingssalen. Det er Maalaren Wergeland, som hev gjort Bilætet, han hev arbeidt paa det mange Aar. Namnet aat Gjevaren er Korpslækjar Ring , det hev kosta honom væl Kr. 20.000.


Danmark. Paa eit stort Vinstremøte i Svenstrup vart dei samde um aa skjota saman Pengar til dei, som av Styringi vert avsette fraa Embætti sine, fordi dei er Visntremenn. Paa eit Vinstremøte i Ribe vart dei samde um det sama.

_ Det ser ut for, at Heren inkje hev mykje til overs for Estrup. Fyrre Laurdagskvelden hadde soleids nokre Soldatar i Lægret ved Lammefelled teket til aa driva Tidi med aa hoppa Bukk og taka Ryggetak. Ein Underoffiser, som trudde dei slogest, kom og bad dei ganga fraa kvarandre, men istaden for aa lyda, flokkad dei seg saman um Underoffiseren; daa han vilde tala til dei att, fekk han eit Nakkedrag, so han laag i Bakken fyrr han viste av det. Underoffsieren tokkad seg vekk so fort han kom upp att, og so kom ein løytnant og bad Soldatarne ganga fraa kvarandre. Men daa stimlad endaa fleire Soldatar til, og Løytnanten fann det klokasta aa gaa sin Veg. So kom ein annan Offiser, som trudde seg sterk nok til aa halda Styr paa Flokken; men han var ille likt av Soldatarne, og inkje fyrr vart han kjend av dei, fyrr han vart inneringat av mest alle, som i Legret var, og Soldatarne ropte: Ned med Premierløytnanten! Ned med Estrup! Leve Opposisjonen! Offiseren tokkad seg fraa Plassen so fort han kunde; men Ropi: Ned med Estrup! Leve Opposisjonen fylgde honom.
 
 
England og Rusland. Endaa er det inkje avgjort, um det vert Fred elder Krig. Rusland fær med so myki Vriding, at det inkje er godt aa vita, kvat det meiner. Det segjest, at det inkje vil ganga inn paa heretter aa halda seg nordan den Grensa, som vert fastsett av Grensekomissjonen, og daa er det lite Hjelp i aa staka Grensa ut.

General Komaroff, han som skaut paa Avganaranne, hev fenget ein forgylt Æresabel av den ryske Keisaren, fordi han tuktad Avganaranne so godt.

Baade i India og Rusland driv dei framleides med Herbuingar. I Rusland arbeider dei med full Kraft paa aa byggja Jarnvegar mot den avganske Grensa, og i India skal det for det fyrste brukast 90 Millionar Krunur til Herbuingar.

 
England og Sudan . Sosnart Flaumtidi kjem, so det vert lettare aa koma fram paa Nilen, skal dei engelske Krigsfolki taka til aa forlata Sudan. Jarnvegen millom Suakim og Berber vert væl og uppgjeven. Høgre misslikad dette; men daa Gladstone spurde dei, korleids dei hadde tenkt seg, at England skulde gjera med Sudan, svarad dei inkje.
 
I Kassala er det ein Garnison av ægyptiske Soldatar; som Mahdien inkje hev fenget nokor Bugt med. Dei hev haldet trulegt ut og ventat paa Hjelp fraa England. No tek det til aa vanta Mat og det gjeng væl med Kassala, som det gjekk med Khartum.
 
 
Spania. Dei frilynde hev vunnet ein stor Siger ved Komunevali; dei hev soleids vunnet i Hovudstaden og fleire større Byar. Høgre er reint forskrekte.
 
 
Kanada. Det hev voret eit stort og blodigt Slag millom Regjeringsheren og Uppreistmennerne. Regjeringsheren vann, og Føraren for Uppreistmennerne, Riel, vart fangad og førd til 
Teltet aat General Middleton.
 
 
Stortingsvaleti Finnmarki skal haldast den 8de August, i S. Trondheims Fylkje den 11te Septbr. i S. Bergh. den 15de Septbr. i Kristiania i Oktober.


Rustningar. 2 Linjekomp. av Hedemarksbataljonen skal gjerast ferduge til aa leggjast inn paa Oskarsborg for Tilfelle Krig.


Forfattaren Hans Ørn Blom er daaen. Han var fødd 1817.


Kommandør Geelmøyden , Styrar paa Karljohansværn, er daaen.


Folkevæpningssamlagi hadde i 1884: av Skyttarar under 22 Aar ... 4070
Militære ............................................................................. 2352
Andre ................................................................................ 4715
Tilsaman ............................................................................11207.
 
Av Skyttarar, som hadde skotet meir enn 30 Skot var det 7810.
 
Paa 100 M. er det skotet . 331,826 Skot
    200     -      -   .. 214,480
300, 400   -      -   .. 38,553
700 og l.   -      -   .. 2,660
uvisst Hold -        -   .. 980
 
Tilsaman .....................588,504 Skot.
Og med Stuttbyrsa ........ 283,323


Det engelske Bibelselskap helt Aarsmøtet sitt Fredag 8 Dagar sidan. Lord Shaftesbury var Ordstyrar. Selskapet hev iaar havt 144,970 Pund i Inntekt, og av det hev Sal av Bibelen gjevet 108,693 Pund Sterling. Sidan Selskapet vart grunnlagt, hev det delt ut inkje mindre enn 104,196,965 Biblar.