Kvitsundag.

 
(Etter Gamallnorsk).

Ved Herrens Ord vart dei kveikte, og Guds Aand det var all Dygdi deira.

Det er ein stor Fegjens-dag idag; denne Dagen hev dei haldet gjæv baade dei som hadde den gamle Loven og dei som hev den nye. Endaa um De kann hava likeso godt Kjennskap som eg til dei Aatburdar, som gjorde denne Dagen gjæv baade for Jødar og Kristne, so kann det likevæl vera høvelegt aa minna um det, daa den som er av Gud, han høyrer Guds Ord. Difor maa kvar merkja med seg, um Gud er med honom, for daa tykkjer han godt um Guds ord. Men den som styggjest og tykkjer leidt um det, han take til seg dette Ordet: Det er difor at De ikkje høyrer, fordi De ikkje er av Gud.

Men det Folket, som dei kallad Israels Folk, dei heldt Dagen gjæv, fordi at Gud gav dei den Loven, som dei kallar Moseloven, paa Sinai Fjellet nett paa denne Dagen. Og der viste han dei, korleis dei skulde tena Gud, so at det var honom til Tekkjes; um at dei skulde vera godhugad og rettlaatne mot kvarandre. Soning og Tilgjeving vart sett for kvar ei Misgjerd, som dei kunne gjera mot Gud elder Mann, Tilsetningar og Bodord um alle Ting.

Um dette les og syng me: Moses gjekk ned av Fjellet med dei tvo Steintavlur, som var skrivne med Guds Ord. Og korleis var han i Aasyni, daa han kom ned av Fjellet, der han hadde voret 40 Dagar og 40 Næter forutan Mat og Drikk? Straalande, stend det, var Aasyni hans og so bjart, at Israels Borni ikkje kunne skoda paa honom, og difor breidde han vyer Andlitet sitt og daa talad han aat dei.

No med di at denne Loven vart sett med Dyrd og Drust og stor Age, so dyrkad dei denne Dagen. Men Kristne Menn dyrkar denne Dagen fordi at Herren vaar sende Apostlarne sine og Læresveinom den heilage Aanden av Himelen paa denne Dagen, soleis som Lukas fortel det. Daa det var lidet 40 Dagar etter Paaskedagen, var alle Apostlar og Læresveinar saman i eit Hus, soleis som Herren vaar hadde bodet dei. Men som dei ventad det minst, daa høyrdest det ein stor Dyn av Himlen ved Dogurdsmaal og fyltest heile Huset, der som dei var. Di næst logad heile Himelen yver dei, dei saag upp og saag Eld i Likning med Tungur, som for ned paa dei alle, og den heilage Aand fylte dei med Eld. Men med hans Kraft og Miskunn, som var med dei og i dei, daa tok dei til aa tala paa alle Slag Maal som i Verdi er. Og det var alle Slag Folk der, som hadde søkt dit fraa alle land for Skuld Høgtidi, og dei høyrde Apostlarne tala alt Slag Maal, kvar kjende sitt Maal og sitt lands Tunge, som Von var. Men dette undrad mykje heile Aalmugen, med di at det var mange kunnigt, at dei fyrr ikkje kunne anna Maal enn Heimemaalet sitt.

Um detta kvad David soleis: Med Herrens Ord vart dei kveikte, og hans Aand var all Dygdi deira. Den heilage Aand styrkte dei soleis med Koma si denne Dagen, at dei fælte korkje for Kongar elder andre Hovdingar. Men fyrr var dei rædde som andre Folk, soleis som Petrus, han som ræddest for Ordi aat ei Tenestgjentae daa dei pinte Herren vaar, han negtad daa Gud tri Gonger. Men sidan han hadde teket ved Heilagaanden, daa ræddast han korkje Kong Herodes elder andre, ja inkje Keisar Nero i Romabog desheld. Sameleis var det og med dei andre Apostlar og Guds Vener.
 
Dei hadde no hugen sin til inkejvetta utan til Gud og dei Ting, som til Sæletorverne høyrer, men fyrr var det baade Trætte og Ovund millom dei baade um Metnaden og andre Ting. 
Men Herren vaar gav dei Heilag-Aanden sin tvo Gonger aa kalla: ein Gong, daa han sjølv sveiv med dei paa Jordi, den andre Gongen av Himmelen. Fyrst var det, for at dei skulde elska Næsten sin, men av Himmelen vart han gjeven, paa det, at dei skulde elska Gud den allmegtuge. No var fyrr HeilagAaden gjeven paa Jordi, men sidan send av Himmelen, og det tyder sameleis som Johannes segjer: Den som ikkje elskar Bror sin, som han ser, korleis kann han elska Gud, som han ikkje ser.
 
Lat oss elska Næsten vaar, paa det at me kann elska Gud, og me maa alle gledast i Gud. No er Herrens Miskunn so stor imot alle, som tenar honom, og han mun senda oss Heilag-Aanden, som han sende daa, soframt ikkje Ulydnaden og Misgjerderne vaare stend imot.

Des meir Von hev me um sovori Miskunn naar me gjer som Petrus sagde um seg sjølv og andre Apostlar: Sjaa me hev gjenget fraa alle Ting og hev fylgt deg. Me hev gjenget fraa alt for Guds Skuld, baade Fe og Frendar og all Verdsens Drust og Dramb. Men daa var det um at Hugen vaar ikkje maa vendast um att til Heimsens faafengd, likesom det var med Israels Søner, daa dei var i Øydemarki, daa ynskte dei seg attende til Egyptaland og all den gode Kjøtmaten, som dei hadde etet. So er nok endaa mangein reinliva Manns Hug til Verdsens Skjemt og Faafengd.

Men no late oss elska Gud Herren vaar og Næsten vaar, daa mun me koma til den sæle Fagnaden, daa me skal verta gladare og gladare alt utan Ende. Der som alle Guds Englar er, der som er æveleg Høgtid, der er den sanne Freden, som ikkje vert fraa oss teken, helder vert han oss rikleg gjeven utan Ende ved Herrens Miskunn, han som liver og raar med Far sin og Heilag-Aanden ein Gud utan Ende. Amen.