[Tidender.] 17de Mai.


Me tykte, at Dagen var liksom vænare i Aar, enn han hev voret paa lengje. Det var meire Sanning i honom heilt igjenom; Grunnloven, som Dagen minner um, er heilt ut komen til sin Rett, er Folkets Eigedom heilt. Og no kann ein hava god Von um, at 
Dagen vil koma att vænare og vænare Aar for Aar. Fridomen er no godkjend, so me slepp aa øyda all vaar Kraft paa aa verja honom; det me no hev aa gjera, det er litt etter litt aa umvøla og gjera Framstig paa alle Umraade, og for kvar Umvøling og kvart framstig aukar me Solglansen aat komande 17de Mai.

Det var Flag uppe mange Stader i Byen alt fraa tidleg um Morgonen, men dei svenske Flagi var burte iaar, korkje Brandvakti elder Grand Hotel elder andre av dei, som fyrr hev glimat med det gule paa 17de Mai og andre Festdagar hadde svenskt Flag uppe. Fridomen hev truleg alt verkat so mykje paa dei Karanne, at dei inkje lenger tykkjer det er fint aa te fram til alle og einkvar, at dei er Samrøringsmenn. Den einaste Staden, der me saag svenske Flag var Tivoli; men det lyt ein tilgjeva, daa det er so mange Svenskar med der. Ein og annan hadde og ei gul Borde i 17de Mai Sløyfa si, men dei var faae. I Smaaguttoget var det mange reine Flag, og underleg nok, det var ingen, som grein aat det. Det er inkje fint aa grina aat det reine Flag helder, ser det ut for. Ja, Tiderne skifta og me med dei. Fanetoget aat dei vaksne var reint drustelegt. Der var mange Fanar og mykje Musikk. 
Ut etter Kvelden heldt dei Lag i mange Foreiningar, og 17de Mai Gleda varde til langt paa Kveld.

Stytta hans Henrik Wergeland var inkje gløymd. Ho var pyntat med væne Kransar og attved blakrad tvo store Flag. Der vart Talen for Smaagutarne haldet.

Det klenaste, som Dagen hadde aa gjeva, det var som vanleg Talarne. Roll stod paa Talarstolen paa Festningi og sagde fram nokre vanlege Talemaatar, Talemaatar som me hev høyrt i so mange Aar og ofte mange Gonger um Aaret, so me tykkjer dei er reint utslitne.