Tilsvar til Elveromssoknarar


(fraa Forf. av Stykkjet um Ein ny Tingmann i Aust-Upplandet).

Kann det kallast Skam for nokon, at han ikkje er Storbonde? Einast i det Tilfelle vilde Stykkjet um Ein ny Tingmann i Aust-Upplandet vera saarande for Skulestyrar Torp. Elles inkje.

Stykkjet var ikkje udemokratisk, det prisad ikkje Rikdom og Stormannskap umframt alt anna. Men det heldt fram, at Storbygderne burde faa seg ein Tingmann, som kunne repræsentera dei, inkje berre ein som var vald paa politiskt Program , for daa kunne det vera det same, kvar han budde helst elder kva han var for noko. Det var ikkje endeleg klandrat noko paa det aa senda Embættesmenn og Umbodsmenn og Smaabrukarar til Tinget, men Meiningi var den, at det ogso kunne vera ynskjelegt aa hava einkvar Storbonden i Tinget, og ein slik kunne helst syndre Østerdalen senda. Det kann ikkje negtast, at det vilde hava meir Vegt og Vyrdnad, naar ein Storbonde kom inn i Tingsalen og hevdad Retten for Arbeidaren og alle dei smaae i Samfundet, enn naar det kunne segjast at det var berre Ovundskap og Standspolitikk, som var Upphavet til at slike Krav kom fram.

Stykkjet gjekk ikkje ut paa nokor Mannajamning (lat oss halda oss ifraa slikt, som berre vekkjer Harme), men det sette Spursmaalet imillom Repræsentant og Programmann.

Det hev ingen Grunn for seg, naar ein i Kristianiaposten trur, at det var Meiningi systematisk at forpurre Valet av Torp.

Torp er tvert imot ein Mann, som ein maa sanna med Elvromssokningarne i, at han er eit dugande Tingmannsemne, allvist no, daa so mange Skulesaker kjem fram.