Tidender.

 
Kristiania, den 15de Mai.

Stortinget hadde for seg nokre Pensjonar og andre Løner um Onsdagen. Til Revolusjonsmannen, Bataljonsblaasar Johannes Moe, vart gjevet Kr. 150 um Aaret. Høgre røystad imot, men sagde ikkje eit Ord, dei hadde nok samraadt seg um det. Dei hev nok teket til aa blygjast for den Greida Høgre.

Til Naturforskaren Carl Lumholtz vart gjevet eit Aars Stipendium paa Kr. 2000.

Til O. A. Øverland vart gjevet Kr. 2000 til Utgjeving av Illustreret Norges Historie. _ Eit Par Saker vart sendt til Regjeringi.

Motzfeldt og W. S. Dahl var i hop eit lite Basketak um Politikken, Motzfeldt skal no slengja seg inn all Stad med Spitord, han gjer ikkje stort anna paa Tinget. No var det daa um denne nye Statsskikken, som man hadde fenget istand. Dahl minte um, at nok Motzfeldt sjølv ogso hadde voret med desse man, som hadde fenget dette istand. Dei vreistad um dette ei Beite.


Vegjer. Stortinget hev gjevet Kr. 28,000 til Fullføring av Vegjen millom Nyborg og Vatsøy i Finnmarki. Kr. 25,000 til Veg i Grong og Liderne N. Trondheim. Kr. 30,000 til Veg i Aremark. Kr. 19,000 til Vegjen millom Ranen og Riksgrensa (Nordland). Kr. 4000 til Jemtelandsvegjen. Kr. 1800 til Vegjen millom Røros og Riksgrensa. Kr. 1060 aat Vegjen millom Femsjøen og Riksgrensa. Kr. 1120 aat egjen millom Bosekop og Eiby.


Generalmajor Hoff og Stortingsmann Foosnes . Foosnes hadde latet falla Ord um Offiserarne og hermt noko etter General Hoff. Hoff sende eit Telegram til Ovsteløytnant Dahl til aa avsanna dette, han brukad daa aldri aa sverja og kallad aldri Underoffiserarne for Gutter. Dette Telegrammet tok Dahl og las upp for Odelstinget, daa dei hadde gjort fraa seg med dei andre Sakerne her fyrre Dagen. Præsidenten (Konow) mistykte at Dahl skulde lesa upp slike Skriv, utan at det hadde vortet meldt aat Præsidenten i Fyrevegen, og ankad paa honom for dette. 
Det vart eit langt Ordskifte um dette i næste Tingmøtet. Stang og Motzfeldt forsvarad Dahl, S. Nielsen heldt med Præsidenten. _ Foosnes upplyste, at han hadde teket Ordi sine av ei Melding i eit Blad. Hellest hadde han høyrt Underoffiserar sanna det ogso.


17de Mai 1885. Vaaren er sein; det er berre kaldvoret Ver, men det fær vera det same. 17de Mai er ljosare og fagrare iaar enn han hev voret paa lenge. For sidan siste Gongen me høgtidad Dagen, hev han fenget rikare og sterkare Innhald, so me hev Grunn til aa fagna oss iaar. Og for Maalmennerne allvist er det ein 
Fegjens-dag iaar. Det er den fyrste 17de Mai me kann høgtida med heil Gleda.
 
Og so skal det vera:
 
Den 17de Mai, den velsignte blandt Dage
skal altid rigere vende tilbage.

Han skal minna oss um aa halda Fridomstreet vaart friskt og blømande til alle Tider, so det aldri skal spyrjast meir, at det fær nokon Stur og vert standande i Nukken.

Heil vere dagen med vaare sælaste Minne!
 
 
Frankrike. Delafosse hev lagt fram Klage yver den fyrre Statsministaren, Ferry, for Tinget. Delafosse vil, at Ferry skal bera heile Ansvaret for Tonkinkrigen, som han byrjad, utan aa hava Løyve til det av Tinget. Han klagar og paa honom for, at han hev øydt 200 Millionar Fr. og 5000 Mann, og endaa sluttad han Fred i 1885 paa langt klenare Vilkor, enn han kunna fenget Fred for i 1884.
 
 
Statsministar  Sverdrup er attkommen fraa Stockholm. Det vert sagt, at han berre talad ein halv Time med Kongen.

 
Lærarskulen  paa Vonheim i Sumar er open fyre Lærarar og andre, lika godt kvat Landsens Kant dei er ifraa. Dette til Rettleiding fyre deim, som trur, at dette Skulemøtet er berre fyre Lærarar i Hamar Stift. Matias Skard.

Verd. Gang, Vestlandsposten og Dag skal hava Takk, um dei vil taka upp dette.


Krigsforhøyret yver Oddmund Vik vart haldet paa Utne og varad i 3 Dagar. 27 Vitne vart utspurde, 9 Underoffiserar, 12 Halvtroppsjefar og 6 andre Menneskje. Paalag Helfti av desse var innstemnde av Vik. Det skal hava komet fram leide Prov um Løytnant Bratlie, so dei laut kalla honom ifraa Kristiania til Forhøyr i Bergen.