Menigheitsraad og Presteval.

 
Statsraad Jakob Sverdrup hev no nyleg komi fram med ein Prove paa ein Log um Menigheitsraad. Meiningi med aa gjera dette kjendt er no vel den, at Folk skal faa Høve til aa ordskifta um denne Saki, baade i Bladi og paa Møti, so ei vælgrunna Meining um dette Spursmaale kann veksa upp til den Tidi kjem daa denne Saki skal vegast av den lovgjevande Magti. Eg er inkje tenkt paa aa ansa den Sak i si heile Vidd; eg vil berre koma med nokre einskilde Tankar, um so dei kunde vera brukande til Tankefeste for nokon annan.

Hovudsaki i Logproven er den, at der i kvar Sokn skal vera eit Menigheitsraad. Dette skal koma istand paa den Maaten, at dei røysterettige vel Raadet. Kven er so dei røysterettige? Det er alle som er konfirmerade, hev fylt sitt 25de Aar og er nadverdsberettigede. Som me veit hev det no i lange Tider voret svert sjeldan, at ein Mann, som hev yttra Ynskje um aa koma til Natverd, er vorten burtviste, men det er no likevæl so, at Presten hev Rett til aa halda Kyrkjetukt og visa dei Folk ifraa Natverden, som han tykjer inkje er nadverdsberettigede, og eg er inkje viss paa, um han berre hev aa leggja Maal paa deira Liv og Ferd, naar han inkje tillikamed etter den gjeldande Log kann ransaka etter deira Tru.

No vistnok ere alle Christne, men det kann endaa vera so, at der kann finnast ein og annan, som hev ei Meining um religiøse Ting, som, naar ein ser væl etter, inkje kann vera so ganske congruentmed Prestens Meining um den Ting. Er so den Mannen nadverdsberettiget og røysterettig? Det er Presten som avgjer det.

Etter Logproven skal Menigheitsraadet hava noko aa gjera med Umsuti for Kyrkjurne, Gravstaderne, Prestegardshusi o. s. fr. Det ser difor ut til at Logproven tek som avgjord Sak, at ei Menigheit og ei Komune er eit og det sama.

Hittildags hever det vel og paa Jamnen voret so, men eg er inkje trygg paa, at det alltid vil verta so, naar eit Menigheitsraad hev verka ei Tid. Kvis inkje Menigheitsraadet legg seg reint paa Latsida og leter ein kvar Ting gaa paalag som det fyrr hever gjenget utan aa leggja seg upp i nokon Ting, so maa der snart vakna Tankar um kva det er som gjeng for seg, og naar fyrst ein Tanke er vakna, so vil den føra fram Meiningar, som vel inkje alltid kann ventast aa vilja verta sams. I sovorne Tilhøve er det inkje so langt undan til aa tenkja paa, at der kann tilskipast eit nytt Samlag, dannes en ny Menighed, paa Sida av Statskyrkja utan aa vera usams med henne korkje i Bekjenning helder Ritus. Det kann desforutan lett fara so, at Talet paa Menigheitslemer kann verta tettpaa likt i baade Menigheiter. Er det so rett, at den eine av desse Menigheiter uskift skal hava alle Innkomur til sin Prest, og den andre inkje, at den eine skal hava Rett til aa bruka Kyrkja, som heile Sokni hever kaupt, og den andre inkje, at den eine skal hava Retten til aa raada yver Gravstaden og den andre inkje?

Desse Spursmaal og fleire med dei skrida so viljugt fram for Tanken, naar ein ser paa dette Framlegge, og dei vilja visseleg fyrr elder seinare syna seg med Krav paa Løysing.

Eg skal inkje fylgja den her Tankerekkja vidare; eg vilde berre peika paa den, for aa syna nokre faa av dei Knutar, som liggja uløyste, men maa verta aa løysa jamsides med denne Logproven.

h.