Den syttonde Mai 1885.

 

(O. J. Høyem).

 

Noreg eingong hadde bjartaste Dag:

Folkje var vakje i Arbeid og Lag,

var varmt i sin Trudom,

stod Vakt for sin Bustad,

naut heilt ut sin Fridom,

slog tungt, _ var stødt rusta

og levde eit Folkeliv fagert og æra;

det kjente si Saga, var sjølv kjent kring Vera,

bar fram sine Bragder i Fraasegn og Kvad

og levde stødt Live for Daad _ ei for Mat!

 

Men Lagnad’n slog om!

Ja kvi kom det, slik Heppa

so stokkot skuld’ vera

og Stakkarsdom sleppa

som Snøskreida fram og ein Ragnarok gjera?

at Dagen skuld’ daane,

men Natta seg nærme

og Folkje seg haane:

i Sømne alt framandt og stygt etter-herme,

ja vandske si Tunge og gløyme si Saga,

la’ Songen sin tagne, i Faakunna raga,

ja late seg selje som Dyr i Folks Vald,

paa utanlendsk Val ligge slagta og kald,

med’ Kvinnor og Born gjenge heime og stura,

saag slet ingor Raad utan berre aa kura.

 

Vi spurde: kvi kom det, at slikt skulde hende?

at seg aat vaar Landslyd slik Naud skulde vende?

Jau Grunnen var den, at paa Vakt vi ei vaka,

men sløna reint bort utan Vaapna aa skaka:

vi Arven ei odla, ei Dygderne dyrka,

ei Kunskapen auka, ei truhjarta yrka!

 

Daa Gudfader saag denne Gravdal med daude,

der einkom og faa vona Opreisings Raude,

han ynkads og baud, at dei daude skuld’ stige

til Livsdagen op-att og Drang-reida sige.

Straks Isnatta flydde,

og Vaardagen grydde;

ja syttonde Mai braut fram; og det tydde,

at Noreg stod gjenfød til Sjølvstyre _ frit!

 

Du Ljos i vaar Saga, vaar leidande Stjerne,

du Stolpe og Stødnad for Menneskjeverd!

Di Gaava vi elske, og ho vil vi verne,

utforme og fylle ved Nordmannagjerd

og syne al Verden, at Sjølvstyre fjerne

aaleine vil det, som er Trældomens Ferd.

Di Dagning alt Fedre au førre-aat venta,

men aatte ei Krafta deg aat seg aa henta;

dei do _ lig og kvile i Lider, langs Strender

og vitne for os, korleids Lykka seg vender!

 

Lat os daa gledas, vaar Herre Gud takke,

som Trældomen braut, let mot Lysning det lakke,

let Villskap og Vankunna, Sjølvsykja vike,

gav Lande ein Avglans av sjølve sit Rike!

 

I dag er vaar Lovnad: al Arven vaar hegne,

so Framandskap smaaningom hjaa os maa segne.

Vaar Song og vaar Saga, vaar Landsed, vaart Maal

no løftas skal op, bli det stødaste Staal

og brukas til Helgdags so vel som til Vyrkje

i Bok og i Retshal, i Skule og Kjørkje.

Ja folkeleg Kjærleike, Tillit og Haap

seg knyte skal veksande stødt fraa den Daap,

som slog ned vaar Vanheir, vaar Mistru, vaart Hat,

paa nyt gav os Sess i den Frifolkerad,

som binde skal Fenro¹) for godt paa al Jorden

men fastast med Bandom, ophavleg fraa Norden.

 

Vi vil ikkje skryte: os fullhavde kalle;

men Leida er lagt; og paa Raas er vi alle.

Naar var det, at slikt seg i Trældom fek te,

ut Arbeidsmannsborna kund’ vaage aa be

om Skule og Kunskap for Aalvor aa dyrke,

med dette seg dane og minke det mørke,

som helst seg vil legre kring Samfunde lægst

og skilje som Mur det fraa dem, som staar hægst!

Nei Fridomen einast for slikt vi faar takke. 
Og ikkje ved Nordmannens Brotmaal det maa

med honom no meire gaa nedover Bakke;

paa Vakthald mot det denne Vaardag skal staa!

Han kraftugt os maner, oplyser og minner

og samen som Landslyd og Fostbrødre binder.

Gud signe daa Dagen! Hurra for hans Minne!

Vi sver honom Truskap, med’ Blode mon rinne.

 

 

¹) D. e. Fenrisulven, som i Ragnarok baade tek-paa og verkeleg feller sjølve Aanden (Odin), men som, merkjeleg nok, sjølv faar Banehogge hjaa Aandens Son, den tigande men segervinnande Vidar, som Aanden hadde havt med ei Kvinne av vond Byrd (Jutulæt), men som endaa heitte Grid (eller Naade). Den underliggande djupe Sanning lig klaar.

 

Frå Fedraheimen 16.05.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum