Boksjaa.

 
Norske songar og kvæde , samlade av N. R. Heyerdahl. _ Pris: Heftet 30 øre, i stivt Bind 35 øre. 128 Sidur, 130 Songar.

Me hev havt Visesamlingar paa norskt Maal fyrr. Jørgen Moe gav ut ei Samling af Sange, Folkeviser og Stev i Norske Almuedialekter i 1840. P. A. Munch gav ut andre Utgaava av Boki i 1848, og Hans Ross gjorde den tridje Utgaava i 1869, og denne er nok aa faa i Bokhandelen endaa. Norske Viser og Stev ved Hans Ross er Namnet paa Boki no.

So hev me havt ei Samling av Norske Visor aat Folkehøgskulom av Ingvar Bøhn fraa 1870.

So er det Norske Songar I, II, III utgjevne av Ingvar Bøhn og Matias Skard (1882 _83), men der er det meir nytt enn gamalt.

Samlingi hans Ross er ei framifraa god Visebok, men ho hev ikkje med noko av den nyare Diktingi, som dei siste 15 Aari hev ført for Dagen.

Det kunne vera Torv no til ei Songbok, som synte Folk kva me eig av Songar paa Norskt Maal fraa dei fyrste til dei seinaste Tider. Det er likevæl ikkje den Tanken, som hev ført Heyerdahl til aa samla Boki si. Han hev ikkje teket med noko av dei eldre Visurne og ingi Folkevisur (berre nokre faae Stev). So at vil ein hava fult Umsyn paa Songheimen vaar, daa maa ein hava Boki hans Ross attaat, daa skøyter dei seg i hop desse tvo Samlingarne. Solenge difor Boki hans Ross er aa faa, kann ein ikkje endeleg segja, at det var naudsynlegt aa taka med den eldre Tidi.

Det er daa Songarne fraa dei seinare Aari, som Heyerdahls Bok ber fram. Av Aasen er det 20 Songar, av Janson 14, Vinje 13, Krohn 9, Blix 7, Skard 7, Bøhn 6, J. Telnes 5, A. Hovden 3, Følsvik 2, N. Rothaug (Namnmerkje berre) 2, H. Mo 2, J. Lie 2, og av H. M. Dahl, R. Hauge, Oddm. Vik, Flaaten, Reitan, Jon Skar, S. Blekastad, Hægstad, J. Tvedt, M. Utheim, S. Frich, Hermod Heimdal (Namnmerkje), O. Lofthus, B. Bjørnson, Aabel J. Klæbu, O. Sveinson, A. Vestrum 1 Song kvar. Og so Resten 20 Songar av unemnde Folk.

Vil ein døma ut ifraa ei historisk Syn um dette Utvalet fraa denne siste Tidi, so kunne ein ogso hava nokre Ankar aa føra fram, nemleg at ikkje kvar Forfattar hev fenget med av dei Songarne, som mest sermerkjer honom (t. D. J. Telnes) og at det ikkje er medteket sume, som ein skulde venta aa sjaa Namnet til. Serskilt gjeld dette ein Mann, Halvor Lie, som unegteleg er ein av dei finaste Diktaranne, me hev havt paa Norsk.

Men kor mykje me og kunne ynskja oss ei slik Bok, som vilde syna oss den historiske Utviklingi i Diktheimen vaar fraa dei eldste til dei nyare Tider, soleis at det mest sermerkte og det beste til kvar Tid vart framsett, ikkje berre til Forvitna for Bokmenn, men ogso til Rettleiding og Utvikling av Kritikk og Smak og Kjennskap til alt det mønstergode, som er skrivet paa Norsk _ so kann likevæl ikkje slike Ankar gjelda denne Boki serskilt. Ho maa dømast etter det Fyremaal ho set seg sjølv. Og det nemner Samlaren i Fyreordet til Boki, der han segjer:

Skal me hava von um framgong i arbeidet fyr vaart norske maal, lyt me sjaa til aa skaffa landsfolket høvelege Bøker i det. Eg hev gjort ein liten freistnad. Um eg hev voret so heppen allstødt aa velja dei høvelegste songarne, fær staa si prøva. Det vilde vera for mykje aa krevja, at alle skulde verta fornøgde med alt i boki, _ men det er mi tru, at kvar ein vil finna fleire songar, som han kann fagnast ved og syngja til hugnad fyr seg og andre. _ Det var vel, um lærarar med samhug fyr maalsaki vilde gjeva skuleborni tilhøve til aa lesa desse songarne. Eit stort framstig hadde maalsaki gjort, um borni rundt i landet lærde aa kjenna og leggja elsk paa songar i sitt eiget maal.

Songen er noko av det hugnalegste, me kann samla oss um i glede og sut; i den finn me att det beste i oss, reinskat og forklaarat. Det er mitt ynskje, at vetle boki mi fekk hjelpa til aa gjeva folk hug til aa bruka gode, heimelege songar, kor dei ferdast, i skule og heim, ved arbeid og kvile, i sykne og helg!

Fyremaalet er daa helst praktiskt, aa gjeva Folk gode Kvæde, som høver til aa syngja. 
Og det er daa helst teket med sodanne, som 
høver for Skuld Innhaldet, so at det er lagt Vegt paa aa faa med noko, som kann høva for alle Stemningar og Tilstand i Livet. Boki er inndelad etter Innhaldet, i Songar som høver til Morgon, Kveld, Jol, Paaske, Kvitsunhelg, Ymse Salmar, Vaaren, Sumaren, Hausten, Vetren, Sundagskvelden, Ymse Aalvorssongar, Skulen, Sant Adelskap, Fedralandssongar, Heimen, Federne, 17de Mai, Flaget, Maalet, Voggesong, Songen, Fridom og Frihug, Paa Fjellet, Ymse Tankar og Syn paa Livet, Stormenn, Moderkjærleik, Guten og Gjenta, Ymse Kvæde, Stev, Slutningssong.

Det er den fyrste Freistnaden paa aa gjeva Folk ei heil Songbok paa Norskt Maal. Kvar som vil granska Boki, skal finna, at dette verkeleg kann gjerast no. Me er so rike, at me ikkje treng um aa syngja Songar paa Dansk lenger.

Det er ikkje endeleg sagt, at alle Songarne kann vera valde, so alle likar det. Soleis kann sume synast, at det er for lite av lette og lentuge Songar, for mykje Aalvor, men nettupp dette kann igjen gjeva Boki meir verde for andre. Men alle vil daa finna, at i det heile so er det beste av Songar paa Norsk samla i denne Boki.

Og ei slik liti billeg Bok vil difor vera av stor Nytte til aa gjeva Folk Kjennskap til Maalet vaart, soleis som det no for Tidi vert bruka i Dikting i ymse Maatar. Ei fager Visa kann ofte koma inn, der eit Prosastykkje aldri vert leset. Me veit kor mykje Visurne hans I. Aasen hev gjort i so Maate.

Me ynskjer difor Boki hjarteleg vælkomi, og me segjer, at den vil baade vekkja Hugnad millom Folk og gjeva Maalsaki utruleg Studnad, som vil taka seg av Boki og gjera henne kjend.